Kommunal politikk
«Eg veit at bestefaren min var med i kommunalt styre og stell frå tidleg på 1900-talet. Kvar kan eg gå for å finne opplysningar som fortel meg kva han verv han hadde, når han vart vald inn og så vidare? Kan de hjelpe meg?»
På Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er vi ikkje ukjende med slike førespurnader. Med jamne mellomrom får vi ulike spørsmål som gjeld kjelder til kommunalpolitisk deltaking. Det er ikkje berre slektsgranskarar som etterspør slike opplysningar, det gjer også kommunane. I samband med Stemmerettsjubileet i 2013, til dømes, var det mange kommunar som ynskte å vite kven som var fyrste kvinneleg kommunestyrerepresentanten i deira kommune, når dette skjedde, kor lenge vedkomande sat der og liknande. I dei kommunale arkiva vil det vere gode høve til å få dokumentert politisk aktivitet ved å gå til arkiva etter dei kommunale organa. I denne artikkelen vil arkiv knytt til val vere sentrale, likeeins formannskap og kommunestyre, som dei viktigaste kommunalpolitiske styringsorgana. Kommunal politikk er eit stort og komplisert område. Dette skuldast store endringar og skifte mellom statlege og kommunale aktørar. Det følgjande vert difor berre ein sveip gjennom feltet.
Det kommunale sjølvstyret før formannskapslovene av 1837
Tida før formannskapslovene vart vedtekne handla i stor grad om embetsmannstyring med innslag av folkeleg representasjon gjennom utvalde, men ikkje valde menn. Skule- og fattigkommisjonane i byane og på landet var på sett og vis forløparen til det kommunale sjølvstyret. I fleire byar var det også borgarutval med borgarmøte som gav råd til og samhandla med statens representant, magistraten. I landdistrikta var innslaget av folkeleg styring langt mindre, med unntak av dei mennene som sat i kommisjonane, leia av lensmann og prest.
Kommunestyre og formannskap
Gjennom formannskapslovene av 1837 fekk vi no alminnelege kommunar med valde styringsorgan som formannskap og kommunestyre, og ei breiare demokratisk styringsplattform. Det var i realiteten to formannskapslover, ei for by og ei for land. Hovudårsaka til at det vart to ulike lover, altså at dei er formulerte ulikt, er fordi dei skulle gjelde to ulike administrative einingar. Til dømes: Mange byar hadde ein forløparen til formannskapet gjennom eit borgarutval/byråd. Byane hadde også ein statleg administrativ representant gjennom magistraten. På landet var det ingen forløpar til formannskapet. Fyrst i 1954 kom det ei felles kommunelov for heile landet.
Kommunane vart organiserte etter mønsteret før 1837, der kjøpstadar, ladestadar og prestegjeld på landsbygda utgjorde formannskapsdistrikta. På landet kunne eit prestegjeld innehalde fleire soknekommunar, som hadde sjølvstyre i saker som galt soknet. Fyrst i 1951 vart desse avvikla. Generelt sett kan ein seie at den gamle og nye kommunalforvaltinga i mange år fungerte parallelt, men også delvis saman. Kommisjonane, til dømes fattig- og skulekommisjonane, fungerte i mange år delvis uavhengige av formannskap og kommunestyre før lovene frå midten/slutten av 1800-talet gradvis overførte makt og mynde til dei folkevalde organa.
Arkiv etter formannskapet
Føremålet med formannskapsarkivet er primært å dokumentere den kommunale drifta gjennom vedtaka som formannskapet og kommunestyret gjorde. Kommunikasjonen mellom kommunen og innbyggjarane er sjølvsagt vore tovegs. Materialet viser difor når kommunen vender seg til einskildpersonar, men også det motsette. Formannskapsarkivet omfattar både aktiviteten til formannskapet og kommunestyret, og består mellom anna av møtebøker for formannskap og møtebøker frå andre nemnder og utval. Er du på leit etter personar som har hatt verv i kommunen, er det møtebøkene for formannskap og kommunestyre (formannskapsprotokollane), samt møtebøkene for kommunale ombod som er dei mest aktuelle arkivseriane å leite i.
Formannskapsprotokollane
Formannskapsarkivet er spekka med personopplysningar som kan vere nyttige for slektsgranskarar, og møtebøkene er ei rik kjelde i so måte. Denne serien er som regel komplett i dei eldre arkiva. Kor utfyllande opplysningar ein vil finne i møtebøkene vil variere, men i følgje formannskapslovene skulle møtebøkene innehalde referat frå møtet med underskrifter frå dei frammøtte. Dette gjaldt både formannskap- og kommunestyremøta. Frammøtet vart nøye dokumentert, og dersom nokon hadde fråfall går det også fram kven som var vararepresentant. I møtereferata frå kommunestyret vil val av representantar til formannskapet og kommunestyre også vere dokumenterte i samband med valperiodane. Frå 1896 vart det innført listeval. I møtereferata kan vi no finne kva parti eller politiske grupperingar som leverte inn lister, kven som stod på listene, og kven som fekk plass i kommunestyret og formannskapet. Likeeins val av ordførar og varaordførar. Ofte går stemmetalet også fram. Dersom ein skulle vere på jakt etter korleis dei ulike kommunestyrerepresentantane stemde i dei ulike sakene, vil også dette gjerne stå i referatet. I møtebøkene etter kommunestyret vil det også gå fram kven som vart valde inn i dei mange ulike styra, nemndene og utvala. Det kunne vere fattigstyret, skulestyret, likningskommisjon, vegnemnd, brannstyre, skognemnd og liknande. Nokre av desse var ad hoc-prega, andre permanente. Av og til kan det finnast alfabetisk saksregister fremst i møtebøkene eller som eigne registerprotokollar.
Kommunale ombod og verv
Protokollar over kommunale ombod og verv vil også gje ei god oversikt over kven som vart valde inn i kommunestyre og formannskap og kven elles som hadde kommunale verv. Opplysningane er detaljerte, og her vil ein finne namn, yrkestittel, eventuelt kva parti eller liste dei representerte, kva sokn dei høyrde til og kva periode dei var valde for. Desse protokollane har eit alfabetisk register som viser dei mange nemndene, utvala og råda som har vore ein del av kommunen sitt virke. På ein enkel måte kan ein finne alle dei personane som har delteke i lokaldemokratiet på ulike nivå, nokre som politisk valde, medan andre vart valde av kommunestyret av di dei var sett på som kompetente til å ha ulike verv og funksjonar.
Kommunale val
Kommunal stemmerett er sjølvsagt og sentralt når det gjeld val. For å kunne stemme og bli politisk vald, måtte ein ha stemmerett. Fleire hadde stemmerett til kommunale val enn stortingsval, men i 1837 var røysteretten enno eit privilegium for dei få, mellom anna knytt til eigedom, kjønn og inntekt. Gradvis vart stemmeretten utvida, og i 1901 fekk menn full kommunal stemmerett, kvinner i 1910. Når ein til dømes går til arkiva for å finne kvinner som har delteke i det kommunalpolitiske livet, må ein kjenne stemmerettsreglane.
Korleis dei kommunale vala har vore organiserte og administrerte har hatt konsekvensar for kvar ein finn arkiva. I byane stod magistraten, den statlege administrasjonen, og formannskapet føre både stortingsvala og kommunevala fram til 1922 då magistratembetet vart lagt ned. Fyrst i 1898 fekk landkommunane valstyre for kommuneval og i 1900 for stortingsval. Tidlegare hadde det vore soknepresten som stod for stortingsvalet og futen/lensmannen som styrte kommunevalet. Etter 1900 fekk lensmannen ansvar for også stortingsvalet, saman med den nyoppretta kommunale manntalsnemnda og formannskapet. Kommunevalet på landet vart styrt av lensmann og formannskapet/ formennene i dei ulike sokna, som utgjorde det kommunale valstyret.
Frå 1837 til 1896 var valperioden på fire år, men det skulle haldast val kvart andre år. Halvparten av representantane og formennene skulle då gå ut. Frå 1896 til 1947 vart valperioden på tre år, men under krigen vart det ikkje halde val. I 1947 vart valperioden igjen fire år slik han er per no. Frå 1837 til 1896 vart kommunevalet halde i to omgangar, eitt val på formenn og eitt på representantar, men frå 1896 vart det kommunestyre som sjølv valde formannskapet.
Sentrale valarkiv
For byane vil magistratarkivet vere heilt sentralt fram til 1922 og skal vere å finne på statsarkiva. For landkommunane vil valarkiva før 1898 vil som regel finnast i preste- og eller lensmannsarkiva. I og med at presten og lensmannen hadde ein sentral posisjon ved vala også etter den tid, kan heile eller delar av valstyret også vere å finne på eit statleg arkiv. Vi ser at det er kommunar som svært mangelfulle valarkiv. Om dette skuldast at det er blitt borte eller har hamna på ein statleg arkivinstitusjon i staden for ein kommunal, er uvisst.
Valstyret sitt arkiv vil vere nyttig. Etter 1898 skal dette som regel vere å finne i kommunale arkivinstitusjonar. Arkivet kan innehalde møtebøker, manntal, valbøker journalar og sakarkiv, men det er møtebøkene som vil vere mest nyttige her. Valstyret har ofte nytta same protokollane uansett val, og det kan difor vere vanskeleg å skilje ut dei ulike arkiva for valstyra som gjeld stortingsval, kommuneval og andre val. Det vil likevel fort gå fram kva som er kva, når ein les i protokollane. Her vil det mellom anna gå fram kven som stiller til val, ofte med yrkestittel, eventuelt parti eller liste, kva sokn dei stiller for, kandidatstemmer, klager og kven som har røysta på førehand.
Valbok eller valprotokoll vert ført i samband med val og viser mellom anna lister, kandidatar og stemmetal. Når det gjeld manntalet, viser den kven som hadde stemmerett. Dei eldre protokollane viser også gjerne kven som har gått ut av manntalet ved til dømes død, eller ved sal av eigedom i den perioden dette var ein føresetnad for å ha stemmerett og stå i manntalet.
Tips til slutt
Dei arkiva som er trekte fram her, vil ofte innehalde mykje av dei same opplysningane. Men som tidlegare nemnt, dei kommunale arkiva kan vere svært ufullstendige, og det er difor viktig å vite kvar ein alternativt kan gå om det er mange lakunar i eitt arkiv. Altså at det er tomrom eller hol i eit arkiv eller serie. Vi ser til dømes at mange valstyre berre har ei møtebok der det skulle vere fleire, eller at dei manglar alt med unntak av manntal.
Å bruke kommunale arkiv kan såleis vere eit spanande puslespel. Eit råd godt kan vere å starte på ein kommunal arkivinstitusjon med protokollane over ombod og verv, deretter møtebøkene til valstyret og kommunestyret.