Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
Hvor ble Søren av etter emigrasjonen til USA?
FAQ/Mer info
Tekst gruppe
Toppbilde
Bilde
Hovedinnhold

Minneapolis, den 12. Juni 1914

Bertha!

... Dette er nu siste gang, at jeg vil forstyrre dig, dersom ingen svar indløber ifra dig inden 1 august, d.a. Raad dig selv!

I eit siste brev freistar Søren Øvretveit å få eit svar frå kona. Då har det gått seks år sidan han forlot Norge, og satte kursen mot Amerika, slik så mange andre i hans generasjon og i generasjonen før han hadde gjort. I fleire år har han prøvd å få kontakt, men ho svarar han ikkje. Kona til Søren, Bertha, var att i Norge med to små born, og budde i huset på Øvretveit på Sotra utanfor Bergen saman med hans foreldre. Så vidt me veit sende ho heller ikkje svar på hans siste brev, og kontakten med Søren blei broten. Men kva hende med Søren Øvretveit?

Søren Øvretveit frå Telavåg – ein typisk emigrant

Øvretveit er ein mellomstor gard i noverande Øygarden kommune i Vestland fylke. Tidlegare heitte kommunen Sund, og i 2015 kom bygdeboka Sund på Søre Sotra band 4 som omhandlar garden Øvretveit. På bruk nr. 5 budde Søren og Bertha, og boka fortel at han reiste til USA i 1908 med reisemål onkel i Hanlontown i Iowa. Ved 1910 folketeljinga står det at han var fråverande farmarbeider, og budde i Mason City i Iowa. Ved folketeljinga i 1920 har utfyllar truleg etterspurt husbonden, og på Bertha sin personsetel kan ein lese: mannen? Utvandret til Amerika. Ved skifte etter mora i 1925 blei det notert at dei ikkje hadde høyrt frå han på ti år, og på dødsmelding til den ugifte søstera Marta som døydde i 1953 har dei slege fast at han var død i USA.

Men var han verkeleg død? Han blei etterlyst i 1920 gjennom den norsk-amerikanske avisa Fremad, som vart utgjeve i Sioux Falls i Sør-Dakota:

Søren Olai Iversen Tveit fra Øvretveit, Tellevaagen pr. Bergen, født 2-2 1885. Gift, slank, blond blaa Øine. Adresse i Juni 1914: 309 Hennepin Ave., Minneapolis, Minn. Hadde da været der vel et Aar. Søges af Paarørende.

Det kom ingen livsteikn frå Søren, og mange år seinare prøvde Bertha å få kontakt med slekta han skulle reise til. Kring 1938 skreiv ho eit brev til Søren sin fetter, John A. Johnson, som var son til onkel Anders eller Andrew Johnson som han då heitte, og som Søren oppgav som slekt han skulle bu hjå. Me veit ikkje om han vitja onkelen som då budde i Fertile i Iowa, men han må ha hatt kontakt med familien. Tidleg i 1939 fekk Bertha svar frå John:

Mrs. Overtvedt: I expect you think I have forgotten you all, since I heard from you, we haven’t heard a thing of your husband Soren, and I myself think he must be dead.

Året etter tok Bertha rettslege skritt og reiste sak mot sin mann. Grunnen var nok at ho framleis sat i uskifta bu, og ville gjere det opp med dei to borna. 7. oktober 1940 vart retten satt i Bergen Tinghus, dommar var Sorenskriver Einar Tønseth. Saka gjaldt Dødsformodning, og i protokollen står det:

Saksøkte reiste til Amerika i 1908 til sin onkel Anders Johannessen. Han bodde til 1914 i Masson City, Iowa, og skrev i denne tid regelmessig til sin hustru. Siste brev fra ham var datert 12/6.14, og var fra Mineapolis. Saksøkeren har stått i brevveksling med Anders Johannessen, men heller ikke han har siden juni 1914 hørt noe fra ham. I medhold av lov av 12/10.1857, § 5, blir saksøkerens påstand å ta tilfølge, idet mere enn 7 aar er forløpne fra den tid, da man hadde siste underretning om at saksøkte var i live. Domsslutning: Søren Iversen Øvretveit av Sund formodes å være død.

Deporterte brev

Det var krig i Norge, og som mange kjenner til vart Telavåg, som Øvretveit høyrer til, hardt råka under andre verdskrigen, der største delen av dei vaksne mennene vart sendt til tyske konsentrasjonsleire, og hadde Søren budd i Telavåg, ville han nok vorte ein av dei. Alle hus vart enten brent ned eller sprengd, og resten av innbyggjarane ført vekk, først til Storetveit i Bergen, seinare til Framnes i Hardanger. Då dei vart deporterte, fekk dei kun ta med seg det dei kunne bære med seg sjølv. Heldigvis tok Bertha med seg både brev og fotografi frå Søren. Står det meir i det siste brevet han sende som kan gje oss eit innblikk i kvifor det vart slik?

Søren Olai Iversen Øvretveit vart fødd 3. februar 1885, foreldre var gardbrukar Ivar Johannesen og kona Alis Olsdotter Øvretveit. Som tidlegare nemnt var det utferdstrong i generasjonane før Søren. Båe foreldra hadde søsken som hadde reist vestover, i tillegg til ei rekkje naboar på dei andre bruka på Øvretveit. Søren var ikkje odelsgut, men faren skøytte garden over til han 25. oktober 1905, for kr. 2500 paa d. Eiendom og bygninger, herligheter og rettigheter, hvorav for løsøre kr. 500, og senere avløst kaar. Søren tok året etterpå opp to lån, eit på 800 kroner hjå ein sambygding, samd eit på 300 kroner hjå Hypotekbanken, begge med pant i eigedommen. Var det på grunn av dyr billett til Amerika? Eit rykte som vart sett ut, var at han pantsette garden for å reise til Amerika. Men det er truleg å ta hardt i. Ein billett på tredje klasse kosta omlag 113 kroner, så desse pengane hadde truleg Søren. Garden vart heller ikkje tvangseld på auksjon, viss kreditorane ikkje fekk att lånet. Det må ha vore ein annan grunn til at det skar seg mellom Bertha og Søren.

I 1906, 22. august, vart han gift med Bertha, og 13. oktober kom sonen Edvard Alfred til verda. Ein skulle tru det var ein lukkeleg familie, som 11. september 1908 vart til fire, då Anna Helene kom til verda. Men dei var aldri samla, for tidlegare same år, 12. mars reiste Søren vestover.

Hvor lenge skal jeg vente på brev??

Han må ha hatt ei utferdstrong som ikkje lot seg stogga. Truleg inspirert av brev frå naboar og slektningar som allereie var reist, og truleg lokka av at det var meir innbringande arbeid i Amerika enn i Norge. Dottera Anna, som aldri møtte faren, fekk høyre at han skulle vere ein flink mann, skrivefør, og ville så mykje meir enn å vere fiskarbonde i Telavåg. Han ville starte butikk, men hadde ingen midlar. Ein freistande veg var å reise til Amerika, men Søren vart stogga då han ville kjøpe billett. Me finn han i det såkalla Emigrantforbudsregisteret. To gongar er han oppførd, begge gongane i 1908. Diverre er sjølve protokollen forsvunne, så me får ikkje vite kva han hadde uoppgjort. Ser me på andre saker for år der protokollen er bevart, er det ofte uoppgjorte kjøp, gjeld ein skyldte andre, men og farskapssaker. Det skulle altså ikkje vere mogleg å stikke av til Amerika viss ein hadde latt ein annan i stikken, anten økonomisk eller familiært. Men Søren fekk til slutt billett, så han må ha gjort opp for seg. Likevel må det ha skjedd noko mellom Søren og Bertha, for i det siste brevet tek han opp personlege ting:

Atter endnu engang til, tillater jeg mig at henlede din opmerksomhed med hensyn til min forrige skrivelse. Jeg har forlange din udtalelse, «nei» eller «Ja» Ialfald har jeg mig berettiget til et brev ifra dig, saa jeg tage min stilling derefter, med hensyn til mine to barn. Du legger den hele skyld over paa mig, alt det er bra nok; men du burde under søke saken forend du gik til handling. Jeg tror der er feil paa begge sider.

Kva gjekk gale i ekteskapet deira? Førebels har me ingen svar, Bertha døydde i 1968, og snakka lite om Søren. Borna hans, Edvard og Anna, var lei seg for at han reiste, og ikkje kom attende. Saknet etter ein far var stort for begge, og frustrasjon kunne utløyse sinne for det som hadde skjedd. Det må ha vore vondt for dei å lese farens siste ord til mora:

Om jeg skal betrakte dette brevet som di siste ord til dig, så vil dit billede altid vere friskt i mit hjerte og minde. Jeg vil nu ønske dig all fremtidig lykke heri Verden. Ifra din Sørn I. Tveit.

Utover på tredvetalet kom nordmenn heim frå Amerika, og det vart enklare å halda kontakten med slekta over there. Fleire kunne då fortelja at dei hadde møtt på Søren, og ein hadde til og med arbeidd i lag med han. Sonen til Edvard, som bar same namnet som bestefaren, engasjerte seg. Var det mogleg å finne han? Alle opplysningar, brev, foto vart samla og overlevert Frelsesarmeen. Dei gjorde grundige søk, men utan resultat. Oldebarnet hans, som flytta til Amerika på 1980-talet prøvde òg. Nokre få spor av det som kunne vere Søren, vart funne. Men det var tidkrevjande og kostbart. Dottera Anna gav beskjed om at ein ikkje skulle bruke tid og pengar på slikt. Saka vart lagt død.

Men som ofte innan slektsgransking dukkar det opp spor på uventa plassar. Då eg og ein annan slektning på 1990-talet arbeidde med å kartlegge etterslekta til Ingeborg Henriksdotter Kleppevik, kom me i kontakt med Shirley Chappel. Bestemora hennar, Marie, var næraste nabo til Søren då dei framleis budde i Norge, og i fotoalbumet hennar dukka brudebilete av Søren og Bertha opp. Heldigvis levde mora til Shirley endå, og ho kunne fortelja om ein einsam mann som hadde vitja sin gamle nabo i Oregon, kring 1939-1940.

Men framleis ingen konkrete spor etter Søren i amerikanske kjelder. Ikkje før internett gjorde seg gjeldande, og amerikanske firma digitaliserte kjelder og fekk dei publisert, nokre av dei indekserte, og søkbare. Ellis Island var med dei første, og ganske riktig, Søren si innreise kunne dokumenterast i emigranprotokollane.

Thumbnail

Søren Øvretveit blir til Sorn Tveit

Soren Olai Óvretvedt, 23 år, med far Iver Ovretvedt Tellevaagen, Sund kom til New York 27. mars 1908 med SS Majestic Men døpenamnet var uråd å nytte i et anna land. I brevet frå 1914 er Søren blitt til Sorn, og Øvretveit til Tveit. Var det mogleg å finne fleire spor etter Sorn Tveit i amerikanske kjelder? Ja! For i 2005 vart World War I Draft Registration Cards, 1917-1918 publiserte på Ancestry.com. Der dukka Sorn Tveit opp, med same fødselsdato og underskrift. Han budde framleis i Minneapolis, i 1214 Linden Avenue, var tilsett i Booth Cold Storage som Stationary fireman. Ein svært interessant opplysning er òg å finne på kortet. Nearest relative: Mrs. Anna Tveit, med adresse 1214 Linden Avenue. Var Søren gift på ny?

Sorn Tveit var òg å finne i ei rekkje City Directories for ulike byar, og ein kan kartleggje at han budde i Mason City, Iowa frå 1908-1912, og i Minneapolis frå 1914-1919. Dessutan dukka både han og Anna Tveit opp i ei registrering av Aliens i Minnesota, tilgjengeleg gjennom Iron Range Research Center. Eit tosiders skjema måtte dei fylle ut, og inneheld ei rekkje interessante opplysningar. Vi får her vite adressa, alder, emigrasjonsår, yrke, dessutan kor godt integrert den einskilde var, samd andre familiære opplysningar. Om Søren (Soren Tveit) står det at han var 33 år, fødd 3. februar 1885, kom til New York 1. mars 1909, var ugift og jobba som fireman med adresse 22 12st S, Minneapolis. Elles ikkje anna å melde. Anna gjev fleire opplysningar: Mrs. Anna Tveit, fødd 9. november 1891 i Spule i Bøhmen (Bohemia, Austria), kom til New York i mai 1908, gift og adresse 22 12st S, Minneapolis. Dessutan ei dotter å forsørgje, Anna Tveit, 3 år og fødd i USA. Desse to dokumenta er underskrivne henholdsvis 22. og 27. februar, altså teknisk mogleg at dei vart gift i denne perioden. Tveit er ikkje noko namn frå dagens Tsjekkia, så ein relasjon mellom dei må det ha vore. Kan brevet frå 1914 ha vore ein siste sjans han gav Bertha til å fortsatt vere gift. Men viss ho ikkje gav lyd frå seg, at han då ville gifte seg med Anna frå Bøhmen, og vart far til ei dotter i 1915?

Men så forsvinn Anna og dottera med same namn frå kjeldene igjen. Korkje Anna eller Soren er å finne i folketeljinga frå 1920. Eller kanskje er Søren med likevel? På byrjinga av 2017 la eg ei etterlysing etter Søren i Facebook-gruppa Vi som driver slektsforskning, og kort etter hadde slektsforskar Kurt Østbye identifisert han i 1942. Heile 23 år seinare enn det som me til då kjende til. Interessant nok budde han i Detroit, 440 Macomb St, var 57 år, fødd 3. februar 1885, frå Bergen, Norway, og hadde same signatur som i 1918. Han som fylte ut skjemaet har bomma litt på stavemåten, for Søren er lista som SORN TwTiT. Men det er iallfall same mann.

Då sende eg ein forespørsel til Detroit Public Library om dei kunne søke i Detroit Death Index for perioden etter 1942, som då ikkje var tilgjengeleg hjå Ancestry. Dei fann ikkje Sorn Tveit, men ein annan med samme etternavn:

“We searched and did not locate Sorn Tveit or other names. We did, however, find a Harry Tweit in our Detroit Death Index microfiche, who died on September 29, 1963, at the age of 78.  We considered this possibility and searched The Detroit News and Detroit Free Press, but could not locate a death notice.

In Ancestry.com library edition, we found two records for Harry Tweit. The first was the 1920 census where he was living in California and the second record was the U.S. Social Security Death Index, which showed Harry was born on Feb. 3, 1885 and died in September 1963. This appears to be a likely candidate.»

I 1920 er Harry Tweit roomer i Oakland, Alameda, California, singel, og fødd i Norge med alder 35 år, som kan tyde på fødd rundt 1885. Imidlertid står det at han utvandra i 1902, altså ikkje 1908 som Søren, men det kan være ein mogleg feil. Kunne Søren ha bytta namn til Harry i 1920, for så å bruke Soren i 1942, og til slutt Harry igjen i 1963?

Sorn Tveit blir til Harry Tweit

I og med at Harry Tweit sitt Social Security Number var lista (299-07-1707) tinga eg attesten frå foiaonline.gov (Freedom of Information Act). 4. Juli 2017 fekk eg ein konvolutt i posten, med kopi av Harry Tweit sin søknad om SSN. Ganske riktig, det var ikkje Harry, men Soren Tweit som søkte, som då budde i 217 Michigan Ave, Toledo, Ohio. Det er rørande å lese kven han nemner som sine foreldre: Father EBER TWEIT, Mother AGNES unknown. Mange år har gått sidan han hadde kontakt med dei, og hukommelsen har blitt dårlegare. Men han fekk tildelt SSN nummer, og seinare i 1957, truleg i samband med søknad om pensjon var det Harry Tweit, med same SSN, som søkte. Søren var blitt til Harry! Då hadde eg hans dødsdato, og kunne tinga dødsmeldinga: Harry Tweit døydde av hjerteinfarkt 29. september 1963 på Maybury Grand Hospital i Detroit, Wayne, Michigan. Han vart gravlagd 30. oktober same år på Parkview Memorial Cemetery, Livonia, Michigan.

Endeleg kunne eg slå fast kva som hadde skjedd med Søren, over 100 år etter at han sist hadde kontakt med familien. Barnebarna fekk vite kva som hadde skjedd med bestefaren. Undringa var stor då dei fekk vite at han var i live lenge etter krigen, og nye spørsmål dukka opp: Kvifor tok han ikkje kontakt? Var han gift med Anna og far til hennar dotter med same namn? Kva skjedde med dei, og kvar er dei i 1930- og 1940-folketeljingane? Mykje er framleis uklårt, og tida vil vise om fleire opplysningar om Søren Øvretveit, eller Harry Tweit, dukkar opp.

Kun for medlemmer
Informasjonslenker
Skrevet av
Tore Nordvik