Eit skrin som tåler å verte liggande så lenge huset står, vert støypt ned i golvet, under altaret i kyrkjer eller i ei synleg nisje i ein vegg.
Innhaldet varierer, men aviser, myntar og frimerke frå det aktuelle året, bibel, salmebok og, teikningar av bygget er gjenstandar som vert tatt med.
Julegåva
Jula 2017 fekk eg ei uventa julegåve frå dei som hadde kjøpt huset i Ørsta, der eg vaks opp. Eg pakka opp og ein liten barnesko kom til syne. Det sa meg ingen ting. Ut av skoen stakk ein nøkkel, eit julekort og ein samanbretta matpapirbit. På julekortet var namn på mottakar, avsendar, stempel med tid og stad og frimerke. I tillegg var det skrive to namn med ulik handskrift på kortet. Matpapiret var eit mønster med form som eit dyr og påskrifta: «Kropp», og «her skal øret stå.»
Nøkkelen kjente eg igjen som «altandørnøkkelen». Den var påsveisa og forlenga då vi fekk ny altan og kopla altandør på slutten av 60-talet. Den hadde ikkje direkte noko med skoen å gjere, men artig likevel.
Kva fortalte så dette tidsminnet?
Mottakarar av kortet var foreldra mine. Avsendar var tre av tantene til far min. Innhaldet var ønske om god jul og godt nyttår, og årstala -56 og -57. Stempelet var Naustdal Norge, datoen 21.12.56 og verdien på frimerket var 15 øre.
I tillegg var namnet mitt skrive to gonger, korrekt av ei nesten 4-år gamal barnehand, og feilskrive av ei litt eldre namngjeven jente. Etter å ha undersøkt litt, fann eg ut kvar ho bodde, og fekk snakka med henne i telefonen. Ho kunne ikkje hugse noko om dette, men bekrefta at ho brukte å besøke oss.
Saman med gåva låg eit kort der eg fekk informasjon om at dette var funne av dei forrige eigarane, i ein vegg som var riven i samband med renovering av huset. Dei nye eigarane hadde overtatt det, og dei ønskte å levere det tilbake til meg. Ein fantastisk fin gest som eg er svært takksam for.
Vi flytta inn i huset seinhaustes 1956 på kjøkken, stove og eitt soverom. Far heldt fram med å innreie og eg trur at han på eit tidspunkt har fått meg og den andre jenta som var på besøk, til å skrive på julekortet. Mor mi var syerske og mønsterlappen på ein liten leikehund, var kanskje hennar bidrag.
Far har nok, i samband med å kle igjen ein vegg, plassert denne skoen med innhald som eit tidsminne frå 1956/1957.
Eg har fått fortalt at dette var ein gamal tradisjon som enkelte bygningsmenn heldt i hevd.
Kjenner du til liknande tidsminne? Skriv det ned, fortell om det og vær med på å ta vare på både vår nære og fjerne historie!