Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
Eli Lardotter Bungum vart født på garden Bungane den 27. mars 1855. Livet hennar starta dramatisk på ei fjellhylle 500 meter over havet, men enda godt i USA.
FAQ/Mer info
Tekst gruppe
Toppbilde
Hovedinnhold

Miste foreldra

Foreldra til Eli var Lars Guttormson og Thuri Oladatter Holane. Dei gifte seg i Arnafjord kyrkje i Vik kommune i 1834. Saman fekk dei elleve born, men fem av dei døydde kort tid etter fødselen.

Ettervinteren 1855 skjer det som ikkje skulle skje. Oddgeir Bruaset beskriv det slik:

«Ein dag i overgangen mellom vinter og vår i året 1855 drog mannen ut på ein av sine tallause jaktturar. Huslyden trong mat, og som så mang ein gong laut mannen setje si lit til rypesnarene sine. I kveldinga skulle han vende heim til dei ventande med fugl i sekken. Men denne kvelden kom ikkje mannen heim att. Han kom først då grannane hadde grave han fram frå snøskredskavlane og bore han livlaus heim på ei båre snikra i skogen. Berre tre dagar etter fødde Turi det tolvte barnet deira, ei dotter. Ho kom så altfor tidleg, vesle Eli. Sjokket som Turi fekk då mennene bar Lars heim, hadde nok framskunda fødselen. Likevel greidde ho seg, veslejenta. Det gjekk verre med mora. Turi fekk barselfeber, det var ein  sjukdom det fanst fårådgjerder mot når den først fekk overtaket. Nokre dagar etter at jenta kom til verda, fall også mora ifrå. På vel ei veke miste dei sju borna både mora og faren. Den eldste var 23 år, den yngste seks dagar gamal».

Den vesle jenta som vart fødd på Bungum 27.mars 1855 var altså Eli. Då sjansane for at ho ville overleve var små vart ho straks heimedøypt av Gullak Larson som var trulova med hennar eldste syster. Heimedåpen vart stadfesta i Arnafjord kyrkje 6. mai same året.

Vi veit så lite om korleis dei ordna seg på Bungane etter den dramatiske hendinga. Livet skulle gå vidare og det var mange munnar å metta. Besteforeldra Anna Steffendatter og Guttorm Larson budde på garden, saman med fleire andre familiemedlemmer. Kanskje var det så mange som 13 pesonar på garden i 1855/1856. Hausten 1855 gav Vik Sparebank eit usikra lån på 25 spesidalar hustanden, så det må ha vore vanskelige tider.

Frå protokollen til Fattigstyret for 1857 kjem det fram at Ola, Johan, Peder og Eli vart bortsette til oppfostring på fire ulike gardar i Arnafjord sokn. Om  dette hende alt i 1855 veit vi ikkje. Eli havna på garden Flete og fosterforeldra hennar fekk tolv spesidalar for å oppfostre henne.

Vi må fram til året 1865 før vi finn nye opplysningar om Eli og då finn vi noko om henne i folketeljingsprotokollen. Der står det at ho blir fostra opp av fattigkassen.

Thumbnail

Eli utvandrar til USA

Året etter folketeljinga utvandra Eli til USA saman med broren Ola og systra Brita. Korleis dei hadde oppspart pengar til reisa veit vi ikkje. Arven dei fekk etter foreldra sine var svært liten, Eli fekk berre litt over tre spesidalar. Systra Anna hadde utvandra i 1860, kanskje ho hadde sendt pengar heim til Noreg og som vart brukt til å betala USA-reisa med?

Det er registrert at Eli, Brita og Ola reiste frå Bergen 25. april med briggen «Brødrene» og at dei kom til Quebeck i Canada 27. mai.

Frå Quebeck var det grenseovergang til USA.

Jernbana kom til Minnesota i 1862 og det er mogeleg at desse tre syskena kom fram til Dodge county i Minnesota med jernbana. Der budde allereie systra Anna og hennar mann.

Tre år etter utvandringa, budde framleis Eli og Brita i Canisteo. Det ser vi i den amerikanske folketeljinga frå 1870.

Eli gifter seg

Eli vart gift med Jacob Ingebrigtson Trefall i Olmsted County 18. November 1874. Jacob kom til USA i 1864 frå Trefall i Eksingedalen. Ved folketeljinga i 1875 bur Eli og Jacob hjå Anna og Gullak Larson. I USA tok Jacob etter kvart familienamnet Emerson. Eli vart ofte nemt som Ella eller Ellen i offentlege register. Dei fekk etter kvart sin egen gard på rundt 300 mål og byrja med mjølkeproduksjon.

Dei fekk etterkvart 16 born. Dei fyrste, tvillingparet Lewis Julius (Lars) og Johanne, vart fødd 29. juli  1876 og deretter kom borna «på rekke og rad». Dei siste borna vart fødd i 1901, då Eli var 46 år. Det var tvillingane Edwin Julius og Jacob, men desse to gutane døydde rett etter fødselen.

Nokre år etter, i 1905, døyr også Eli. Ho vart gravlagd på South Zumbro Lutheran Church Cemetery i Canisteo. Den foreldrelause jenta som vart fødd så altfor tidleg under dramatiske omstender, fekk 56 barnebarn og et utal oldeborn.

Kun for medlemmer
Informasjonslenker
Skrevet av
Steinar Bungum