Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
Oldemors onklar emigrerte til USA på midten av 1800-talet. Her bygde dei seg opp med hardt arbeid og endte til slutt opp som saloon-eigar og county lawyer.
FAQ/Mer info
Tekst gruppe
Toppbilde
Hovedinnhold

Draumen om Amerika

Mine tipp-tippoldeforeldre Bergit Torjusdotter og Knut Sveinsson bytte til seg Nordigard Nordgarden i Seljord i 1834. Garden hadde midt på 1600-talet vore i eige av forfedrene av Bergit. Fem born hadde dei då dei busette seg på den staslege garden og dei fekk fire til før Knut døydde i 1841, berre 48 år gamal.

Draumen om Amerika gjekk som eld i tørt gras gjennom bygdene i øvre Telemark i kjølvatnet av utvandringi med Restauration frå Stavanger i 1825. Av all utvandring frå Noreg til Amerika i perioden 1836-1845 kom heile 45 prosent frå dette området, innafor trekanten omslutta av Seljord, Rauland og Tinn. Kontakten med Vestlandet og kopiar av brev frå Restauration-utvandrarane frå 1825 gjorde sitt, og med snautt driftsgrunnlag frå naturens side og aukande folketal i bygdene, vart avgjerdi om utvandring ein svært aktuell utveg for mange. I 1843 forlet heile 189 seljordingar heimbygdi si og la ut på den lange reisa over Atlanteren.

Utvandra med «Axel & Valborg»

Båtbillettane i desse fyrste pioneråri var dyre, men familien på Nordigard Nordgarden sat nokolunde godt i det. Dermed fekk tre av borni der høve til å fara frå bygd og ætt saman med mange sambygdingar; Gunhild, Guro og Svein. Seinare skulle også alle dei andre syskeni utvandre, bortsett frå tippoldemor mi Torbjørg.

Reisefylgjet til dei tre syskjeni som utvandra våren 1843, tok briggen «Axel & Valborg» frå Skien 26. mai og kom til le Havre i Frankrike 13. juni. Seglskuta «Lorena» gjekk frå le Havre kort tid etter og nådde fram til New York 17. juli. Derifrå tok dei dampbåt opp Hudson River til Albany, der dei gjekk over på kanalbåten på Erie Canal. Nok eit skifte av transportmiddel i enden av kanalen, ved Buffalo, no var det dampskip over dei store sjøane.  I Milwaukee i Wisconsin steig dei i land etter 8-10 veker på gyngande reisefot. Derifrå bars det til fots fram til Koshkonong Prairie, kalla «Kakseland» blant nordmenn, då der var så grøderikt og lettdrive. Alt tyder på at reisemålet ikkje var tilfeldig, her hadde nok skildringane i utvandrarbreva som fann vegen til Seljord, hatt ei sterk magnetisk tiltrekkjingskraft.

Gunhild gifte seg med Kjetil Torjusson Børte frå Bø, medan systera Guro gifte seg med Eivind Torsteinsson Innleggen frå Sauherad. Også Svein gifte seg med ei frå eigne heimtrakter, ja jamvel sambygding. 

Yngstebror drog etter

17-åringen Svein, kalla Store-Svein, var ein uredd og sterk kar som sette spor etter seg på mange vis på den amerikanske prærien gjennom tidi. Han rydda seg opp store farmar som han selde med god forteneste før han stendig drog vestover og tok nytt og billig land, som han dyrka opp og selde att.

Den yngre broren, Torjus Knutsson, melde utvandring frå Seljord 30. april 1851. Han var då 16 år. Den 24. mai reiste han med briggen Alert frå Kragerø og var framme i New York 15. juli. Nyss framme i Dane County, Wisconsin, var unge Torjus alt landeigar, etter at storebror Svein hadde kjøpt land for han i mars same året. 10. september blei papiri underteikna. På førehand må det ha vore brevveksling mellom Svein og Torjus om dette, men ingen brev er funne, korkje i USA eller i Noreg.

I 1855 drog Store-Svein med familie og fylgje vestover til Goodhue County, Minnesota.  Der gjorde han effektivt slutt på den såkalla «Klubbelova», som var praktisert av dei fyrste settlarane der for å halde nykomarar unna. Her bygde han opp ein stor farm og i 1861 gjorde han seg ein tur heim att til Noreg, der han fekk med seg to systre over til prærien, den eine med mann og fire born. Desse gav han ein del av sin eigen farm som ein start. 

Kring 1864 braut han opp att og drog vest i staten, til Yellow Medicine County.  Plassen som i dag heiter Hanley Falls namna han Seljord i fyrstningi og etablerte mellom anna postkontor der. 

County Lawyer

På nytt merkte han seg ut i traktene og blei vald til County Lawyer (advokat), intelligent og uredd som han var, og som alltid stod opp for dei svake mot dei sterke. 

Fleire av syskjeni hans kom etter dit, men Torjus, eller Long Tom, som han vart kalla, drog lenger vestover på eit tidspunkt.  Han skaffa seg ein saloon i San Francisco og gjorde det bra, men på sine gamle dagar skal han ha blitt tekjen av dage der. Oldemor mi heime i Seljord skal deretter ha fått melding om ein stor arv etter den bornlause onkelen sin, slik det går fram av andre brev eg har funne heime på slektsgarden, der også eg voks opp, men ingen slik arv kom.  Ryktet seier at eit jordskjelv i byen øydela både eigedom, saloon og også arkivspor frå denne perioden.

Svein, derimot, fann det for godt å søkje nye utfordringar i Nord-Dakota i 1881, dit han flutte med kona og nokre av dei seks borna.  Også her merkte han seg ut.  Martin Ulvestad skriv dette om Svein Nordgarden i boka Nordmændene i Amerika

«Disse to menn; «Pioner Nelson» og Sven Nordgard, står for meg som sanne typer på norske nyrydningsmenn her i det nye Nordvesten.  Uten synderlig skoleutdannelse, men med et overmål av naturlig begavelse som et langt liv ute på sivilisasjonens grenser hadde utviklet til kjekke, helstøpte karakterer.  Det er slike som disse vårt folk har å takke for den respekt vi har vunnet blant befolkningen i våre nye hjem i Nordvesten.»

Kun for medlemmer
Informasjonslenker
Skrevet av
Ole Bjørn Bringa