Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
Høyanger tok på nokre få år spranget frå eit lite og roleg bondesamfunn til å bli ein yrande industristad. Saman med aluminiumsverket vaks det fram ei sterk arbeidarrørsle. I spissen for denne stod Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening, ei fagforeining som har sett sitt tydelege preg på samfunnsutviklinga i tettstaden.
FAQ/Mer info
Tekst gruppe
Hovedinnhold

Den store omveltinga

Høyanger var frå gammalt av ei lita og avstengd bygd på nordsida av Sognefjorden, ein del av dåverande Kyrkjebø kommune. I 1910 budde det 128 personar i området, fordelt på fem gardar.

Så kom den store omveltinga. Fosseoppkjøparar hadde sidan slutten 1800-talet sikra seg rettane til dei store vasskraftressursane inst i Høyangsfjorden. I november 1915 vart A/S Høyangfaldene, Norsk Aluminium Company skipa for å realisere det utemjande vatnet til metallproduksjon.

Arbeidet kom gang på nyåret 1916. Allereie halvtanna år seinare var anlegga ferdige, men verksemda fekk ein vanskeleg fødsel. Problem med leveransar av råstoff førte til at den planlagde produksjonen av aluminium måtte bli sett på vent til 1919.

Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening

Fagorganiseringa tok til kort tid etter at dei første arbeidarane kom roande inn Høyangsfjorden. Den eldste foreininga, Høyanger Arbeidsmandsforening, vart skipa 1. april 1916. Ein god månad seinare organiserte trearbeidarane seg. Ved inngangen til 1920-talet hadde det blitt etablert seks arbeidstakarorganisasjonar i Høyanger.

Dei LO-tilknytta fagforeiningane gjekk tidleg saman og danna ein overgripane organisasjon som skulle ta seg av felles saker og samkøyre den faglege aktiviteten. Arbeidarane var like fullt organiserte i forskjellige håndverksfag, sjølv om dei fleste hadde sams arbeidsgjevar.

På LO-kongressen i 1923 vart det vedteke å gå over til ein modell basert på industriforbund. Det innebar at tilsette på ein og same arbeidplass skulle vere organiserte i ein felles  arbeidstakarorganisasjon. Den 13. januar 1924 gjekk fem fagforeningar saman om å skipe Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening (HKIF).

Ved oppstarten hadde HKIF 264 medlemmer. Det først tiåret gjekk medlemstalet i bølgjer, før det frå 1934 steig jamnt til 634 i 1939. Etter krigen sank talet på medlemmer til under 400 i 1974, før det så auka til over 600 på slutten av 1970-talet. Oppgangen skuldast eit stort tilsig av medlemmer frå bilfelgfabrikken Fundo, som vart etablert i Høyanger i 1972. I 2016 var talet på aktive medlemmer 140.

HKIF har i strid og samarbeid vore med på å forme det samfunnet organisasjonen er ein del av. Einar Førde kjem i boka Smeltedigelen Høyanger inn på den avgjerande innverknaden HKIF har hatt på tettstaden Høyanger. Til dømes stod fagforeininga på barrikadane og sloss for å behalde både den vidaregåande skulen og sjukehuset i kommunen. Også i samferdslespørsmål har HKIF engasjert seg, og skal ha ein god del av æra for at industristaden fekk vegutløysing mot aust i 1982.

Arkivet

Hovudstamma i arkivet frå HKIF er serien med møtebøker. Det er teke vare på forhandlingsprotokollar heilt attende til oppstarten i 1924. I realiteten er det tale om fleire ulike seriar med møtereferat, der også dei einskilde klubbane i HKIF førte sine eigne protokollar.

Ein sleksforskar vil i møtebøkene kunne finne spor etter aktivt fagforeiningsarbeid. Sjølv om fleirtalet av medlemmene opp gjennom åra har vore tause, er det likevel i sum mange einskildpersonar som er dokumentert i materialet.

Samanlikna med søkbare folketeljingar og kyrkjeboksmateriale er det ikkje lettvint å ta seg fram i møtebøkene. Årsmeldingane gjev rett nok eit kortfatta resymé av organisasjonsaktiviteten, men denne serien er på langt nær komplett, og inneheld heller ikkje den same informasjonsrikdomen som møtebøkene. Møda til trass: dersom ein er ute etter å «kle på ei spinkel beingrind» slik bygdebokskrivaren Per Sandal uttrykte det å finne meir informasjon om ein slektning enn basisopplysingar som fødsels- og dødsår, så kan likevel strevet med å gå gjennom ei møtebok gje eit stort utbytte.

I arkivet frå HKIF finst det også litt biletmateriale. Dessutan har Fylkesarkivet i Vestland eit rikhaldig fotoarkiv, der det er registrert over 9000 bilete frå Høyanger kommune. Ein av dei sentrale fotografane ved metallverket var Eugen Nordahl-Olsen senior. I perioden 1919-1949 var han å rekne som hovudfotografen ved verket. Frå 1950 førte sonen hans stafettpinnen vidare. I fotoarkivet finst det fleire tusen bilete tekne av Nordahl-Olsen senior og junior. Fotomaterialet dokumenterer rett nok ikkje arbeidarar og arbeidsliv i særskilt stor grad, men det finst ein heil del bilete av personar. Sjølv om ein god del av dei manglar informasjon, kan webarkivet for foto alt i alt vere ei nyttig kjelde for slektsforskarar.

HKIF har lenge vist stor omsut for eiga historie. Det har mellom anna resultert i to solide sogebøker om fagforeininga, ført i pennen av historikaren Martin Byrkjeland. I samband med dette arbeidet vart 17 HKIF veteranar intervjua om tidsrommet 1916-1930. Dette materialet inneheld både biografiske opplysingar og informasjon om pionertida i Høyanger.

Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane

Fylkesarkivet i Vestland har det faglege ansvaret for Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane, ei ordning som vart formelt stifta i 1989. Målet var å ta vare på den skriftlege dokumentasjonen frå fagrørsla og partilag på venstresida.

Tiltaket har gjeve rike frukter. Til no har det blitt samla inn og verna 347 arbeidararkiv frå tidlegare Sogn og Fjordane fylke. 163 av dei er frå fagrørsla. Har du ein slektning som var aktiv i ei LO-tilknytta fagforeining i Sogn og Fjordane, er det difor stor sjanse for at fylkesarkivet sit på dokumentasjon om vedkomande.

Bruk og tilgjenge

Det er ikkje fritt tilgjenge til alle arbeidararkiva. Nokre fagforeiningsarkiv kan innehalde personopplysingar som gjer at dei vert skjerma mot innsyn. I tillegg finst det arkiv der arkivskapar har sett særlege vilkår for bruk. Alt i alt er det likevel trygt å konkludere med at mykje spanande arbeidarhistorie er tilgjengeleg, og at det i desse arkiva også finst godbitar for slektsforskarar.

Litteratur og kjelder

  • Fylkesarkivet i Vestland: SFF-89139 Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening
  • Fylkesarkivet i Vestland: webarkiv for foto https://foto.fylkesarkivet.no/foto
  • Byrkjeland, Martin: Bluss : arbeidarar og fagforeining ved Høyanger verk 1916 - 1986. Høyanger: Høyanger kjemiske industriarbeiderforening, 1991
  • Byrkjeland, Martin: Bauta : Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforeining 1986-2016. Høyanger:
  • Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforeining, 20
  • Timberlid, Jan Anders og Byrkjeland, Martin: Vatnet, verket og byen Høyanger 100 år 1915-2015. Bergen: Fagbokforl., 2015
  • Førde, Einar: Smeltedigelen Høyanger. Høyanger : Samlaget, 1990
  • Ljotebø, Gaute: Høyanger i endring - ein industristad si utvikling sett gjennom fotografiet. Masteroppgåve i historie, UiB, 2009
  • Arbark.no: LO-kongressen i 1923 og vedtaket om industriforbund. https://www.arbark.no/diverse/1923forbundene/1923_forbundene.htm [Lesedato: 01.04.2020]
Kun for medlemmer
Informasjonslenker
Skrevet av
Per Olav Bøyum, Fylkesarkivet i Vestland