Identifisering av gamle foto
Torsdag 7. mars 2024 ca. kl. 1930 - etter årsmøte
Litteratursalen, Stormen bibliotek
Inge Strand
Inge Strand arbeider med fotobevaring i Beiarn historielag og har god erfaring med å identifisere gamle foto. Det vil han fortelle om på dette medlemsmøtet.
Foredragsholderens informasjon om temaet
Fotografi kan vere ei god kjelde for slektsgranskarar så vel som for andre som freistar å rekonstruere fortida. Foto av personar er truleg aller viktigast for slektsforskaren, men materielle forhold knytt til personen/personane som bustad, nærmiljø, klesskikk, skule og arbeid vil venteleg òg kunne kaste lys over og berike historia til personen, familien eller slekta.
Ein føresetnad er at biletet er identifisert; at vi kjenner namn på personar, at omgjevnaden er kjent og at vi kjenner nokolunde årstal då biletet vart tatt.
Mange gamle foto har usikre opplysningar. Familiealbum kan vere påført namn, ofte berre førenamn, og med ståstad mange tiår seinare kan namnet vere knytt til fleire personar. Utan kjennskap til utsjånad og andre kjenneteikn, kan det vere vanskeleg å finne rett person.
For ikkje å snakke om når bileta er heilt utan informasjon!
Om illustrasjonsbildet
Illustrasjonsbiletet låg uidentifisert i ei fotosamling der eigaren var borte. Ingen i familien kunne seie kven ungdommane var, og heller ikkje andre informantar i nærområdet. Vi la derfor biletet fram for «orakelet» vårt, som kasta eit blikk på det og nemnde straks namn på dei to på flankane: «Dei var av den slanke typen …». ««Orakelet» vårt er fødd om lag ti år etter at biletet vart tatt, og voks opp i ein heilt annan del av bygda.
Velkommen
Møtet er gratis og alle interesserte er velkommen!
Strømming
Foredraget blir strømmet. Det kan følges direkte og ses i ettertid. Du finner det her: Årsmøte 2024 og identifisering av gamle bilder