Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
I eit rosemåla skrin frå 1845 låg ein bunke amerikabrev etter bestefar. Dei var handskrivne  på norsk og adressert til broder Jens med familie. Søster Josephine eller Josie hadde skrive halvparten. Ein eldre slektning gav meg informasjon om bestefar sine sju utvandra søsken, men Josephine var ikkje blant dei. Så kven var ho eigentleg?
Toppbilde
Hovedinnhold

Søkte etter svar i mange kjelder

Ved transkripsjon av dei 100 breva, såg eg at kona til ein av brørne heitte Josephine. Etterkvart fann eg bilete av henne og familien, og forstod at det var ho som brevveksla med svogeren, min bestefar Jens, og kalla han for broder. Når dette vart klart vart neste gåte: kven var ho, og kvar kom ho frå?

Eg leita i breva etter spor. Ho fortel om to søskenbarn, Mrs. Werdenhof og Mrs. Peterson som har slektningar i Gloppen. Ho fortel at ho er 75 år på eit bilete, og vips har eg dato og fødselsår. Ho spør etter Ole Kleppenes frå Gloppen og skriv at ho «kunde erindre» bestemor mi. Josephine hadde altså vore på Nordfjordeid som vaksen. Kunne eg finne noko i kyrkjebøkene om konfirmasjonen hennar eller vigsel?

Eg trudde Kalland var familienamnet og søkte gjennom Familysearch, Norway Heritage, i kyrkjebøker og folketeljingar for å få dette stadfesta.

Thumbnail

Fant henne i ministeralboka

I Ministerialbok for Eid, konfirmerte 19. oktober 1891, fann eg henne. Josefine Sofie Bergitte Olsen og foreldra, Ole Kristian Karlsen og Lydia Olemikaelsdatter, var busett på Mykkelbust, Nordfjordeid. Fødestaden var Kitang i Kinn, 29. januar 1876, og ho vart døpt 14. mai same år. I dåps-protokollen, Ministerialboka for Kinn, står dåps-datoen 21. mai og tredje fornamnet er ikkje Bergitte, men Berthine.

Kunne det dokumenterast når Josephine utvandra til Amerika og reiste foreldra også? Å finne utreisedato tok tid, eg fann ikkje Josefine Kalland, eller Karlsen. Med bakgrunn i etternamnet Olsen frå konfirmasjonsprotokollen fekk eg treff. Den 3. november 1892 står Josefine Olsen (f.1876), sjømanddatter frå «Kejtan = Kinn» med bustad Florø på lista over «Emigrantar over Bergen» på Digitalarkivet.

Første adressa i Amerika var i Hennepin, regis-trert i «Minnesota, Territorial and State Censuses, 1849-1905». Då nytta ho namnet Josephine Kaland. Så var spørsmålet. Kvifor kalla ho seg Kalland? I Kildeinformasjon for Ektevigde i Kinn, Eikesfjord kyrkje 2.august 1863, fann eg vigselen til foreldra. Der fann eg og farfar til Josefine, Karl Andersen Kaland frå Lindås, seinare busett i Gloppen. Endå ei brikke fall på plass. På Ancestry såg eg at Josephine Challand og Seven Tornick vart vigde i Minneapolis den 24.august 1897.

Endå ein versjon av namna deira vart dokumentert ved fødselsdata.

Thumbnail

Budde i Minneapolis

Josephine og Sevrin Torwick fekk to døtre og budde i Minneapolis til Sevrin døydde i 1930. Då flytte Josephine til dottera i Pipestone. Ho var enke med to små barn. Josephine vart 97 år gamal og har stor familie etter seg. Mellom anna eit barnebarn på 95 år og eit oldebarn i Florida, som eg nett har fått kontakt med.

Gjennom anna slektskunnskap oppdaga eg at «søster» Josephine ikkje berre var svigerinna til bestefar Jens Bjørhovde, men også søskenbarn av svigerfar hans Kristoffer Kleppenes frå Gloppen. Men for bestefar var ho alltid søster Josephine.

Kun for medlemmer
Skrevet av
Olgunn Haugen