Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
Det norske jordbrukssamfunnet gjekk gjennom ei rekkje strukturelle endringsprosessar på 1800-talet og først på 1900-talet. Jord var delt opp og eigedomsformer endra. Ei interessant kjelde som fortel mykje om denne delen av norsk gardshistorie er arkivet etter Udskiftningsvæsenet.
FAQ/Mer info
Tekst gruppe
Toppbilde
Bilde
Hovedinnhold

Strukturelle endringsprosessar

Det norske jordbrukssamfunnet gjekk gjennom ei rekkje strukturelle endringsprosessar på 1800-talet og først på 1900-talet. Folkeauke, urbanisering, teknologisering og omlegging frå eit hovudsakleg sjølvbergingsretta jordbruk til produksjon for sal kan vere stikkord i så høve. I delar av landet vart også utskiftingane av inn- og utmark omfattande. Og med påfølgjande konsolidering av eit tidlegare teigblanda innmarksfellesskap og oppsplitting av mange av dei gamle fellestuna, må utskiftingsprosessen kunne seiast å ha stått for eit heilt omskifte i dei bygdene der den gjekk føre seg. Før ei innmarksutskifting kunne til dømes ein vestlandsbonde bu i eit tettbygd klyngetun saman med fleire grannar og ha innmarka på gardsbruket sitt oppdelt og spreidd i fleire titals små og store teigar.

Jordfellesskapet

Jordfellesskapet, med sameige, teigblanding og tette fellestun, vart med tida sett på som lite tenleg både i Noreg og i mange andre europeiske land, og ein fekk utskiftingsreformer som skulle løyse opp denne strukturen. Utskifting, eller jordskifte som ein seier i dag, galdt hovudsakleg to sakstypar. Det eine var oppløysing av ulike former for sameige, det andre var oppløysing av teigblanding. Teigblanding vil seie at fleire gardsbruk har jorda si oppdelt i stykker/teigar som ligg innimellom kvarandre. Målet er at kvar gard skal få like mykje av same type jord i forhold til gardens størrelse.

Målet med utskiftingane var å samle kvart gardsbruk sin eigedom i ein eller få konsoliderte teigar, i staden for den gamle jordeigedomsstrukturen med sameige eller teigblanding. Fellestuna måtte også ofte delast opp og flyttast ut i same prosessen, for å få gode løysingar.

Endringar i kulturlandskapet

Med utskiftingane endra også kulturlandskapet seg monaleg, då konsoliderte einingar ikkje berre medførte at gardsbruka fekk langt færre og større teigar, men at det samstundes vart lagt til rette for innføringa av nye landbruksreiskap, driftsformer og ei generell modernisering av landbruket.

Saman med andre landbruksreformer frå same tidbolken var utskiftingane difor med på å skape dei eigedomsformene i norsk jordbruk, det norske kulturlandskapet og dei bygdemiljøa ein kjenner frå 1900-talet og fram til i dag. Der det vart gjennomført utskiftingar, er det desse forretningane som har fastlagt grensene som i mange høve framleis er gjeldande mellom gardsbruk både på inn- og utmark. Den spreidde busetnaden i einskildtun som er den vanlege på den norske landsbygda, er også eit resultat av utskiftingane, der det særleg er i delar av landet dette avvik monaleg frå stoda i tida før utskiftingane vart gjennomført.

Thumbnail

Utskiftingsvesenet

Dei viktigaste og mest omfattande kjeldene til utskiftingshistoria finn me etter Udskiftningsvæsenet som vart etablert som eigen offentleg etat i 1859, etter lov om utskifting av hopehav, fellesskap, i innmark og utmark av 12. oktober 1857. Desse arkiva ligg på dei einskilde statsarkiva kring om i landet.

I samsvar med lova vart det etter kvart tilsett ein eller fleire faste utskiftingsformenn i dei fleste amta, samt at amtmannen etter trongen oppnemnde mellombels tilsette formenn. Offentlege utskiftingar skulle leiast av ein utskiftingsformann saman med to menn oppnemnde av futen, og det som gjekk føre seg ved utskiftingsforretningane skulle etter lova førast inn i ein forhandlingsprotokoll autorisert av amtmannen. Desse møtebøkene kjenner me som utskiftingsprotokollar, og er både i omfang og etter innhald den viktigaste delen av arkivet etter utskiftingsvesenet. I desse protokollane har utskiftingsformennene ført inn innhaldet og gangen i kvart møte i utskiftingsretten. Kvar utskiftingsformann utførte fleire utskiftingar samstundes. Då bøkene for kvar formann er førte kronologisk etter dato, må ein gå inn på fleire ulike stader i protokollen for å finne heile utskiftingsforretninga for ein gard. I og med at mange utskiftingar tok fleire år frå første møte i utskiftingsretten til avslutta forretning, vil ein i einskilde høve måtte nytte fleire protokollar for å få heilskapen i ei forretning. For å finne fram til den samla utskiftingsprosessen for kvar utskifta gard, har ein ved nokre av statsarkiva laga ulike former for register.

Ikkje riktig alle utskiftingsprotokollar er tekne vare på. I dei tilfella kan ein gå til pantebøkene i sorenskrivararkiva, der me finn den tinglyste utskiftingsforretninga. Eit rundskriv frå Indredepartementet frå 17. januar 1861 gav rettleiing om kva som skulle takast med i det tinglyste utdraget frå utskiftingsforretningane. Og etter eit skriv frå Indredepartementet av 6. november 1907 vart det vanleg med eigne pantebøker for jordskiftesaker. Dette grunna i det store omfanget desse dokumenta hadde, slik at innføringa av jordskiftesakene i pantebøkene ikkje skulle seinke innføringa av andre tinglyste dokument. Den viktigaste skilnaden på kva me finn i utskiftingsprotokollane og i pantebøkene, er at boniteringslistene manglar i det tinglyste dokumentet. I tilfelle der utskiftingsprotokollen manglar, kan ein likevel stundom finne desse boniteringslistene saman med til dømes utskiftingsrekvisisjonar, pålegg frå amtmannen, brev til formannen, reduksjonsutrekningar, delingsforslag og anna i saks- og korrespondansearkiva til utskiftingsformennene.

Thumbnail

Boniteringslister

Boniteringslistene må sjåast i samanheng med utskiftingskarta som vart teikna opp i samband med utskiftingar etter lova av 1857. Desse listene viser med nummer til dei nummererte boniteringsteigane som er teikna inn på karta, og har i det minste med eigar til kvar einskild boniteringsteig. Oftast har boniteringslistene også med storleik, bonitet (godleik/kvalitet på jorda), om det var åker, eng eller anna mark.

I eit kulturhistorisk perspektiv kan ein også nemne at kvar einskild teig gjerne hadde eit særnamn. Desse namna kan fortelje mykje om både gamalt arbeidsliv og gamal tenkjemåte. I boniteringslistene vil ein finne mange av særnamna på teigane som igjen kan gje verdfulle kulturhistoriske opplysingar. Ifølgje rettleiinga frå styresmaktene skulle namna på teigane i utgangspunktet vere med i boniteringslista, men vart oftast utelate frå 1880-talet og utetter.

Utskiftingskart

Karta inneheld opplysingar om grenser både før og etter utskifting, samt at hus, vegar og steingjerde er teikna inn, og då med høgast detaljrikdom kring tun, husklynger og andre faste installasjonar. På ein del av karta er det også markert kva teigar som er eng og kva som er åker, og kan jamført opp mot andre opplysingar, som dei me finn i utskiftingsprotokollane, gje eit detaljert bilete av drifts- og organisasjonsformer før utskiftingane. Av ulike årsaker, mellom anna skyldeigesystemet, der jordeigarane åtte skyld og ikkje areal, vart det ikkje teke opp kart i samband med matrikuleringssystemet i Noreg, slik som i ein del andre europeiske land. Utskiftingskarta er difor gjerne dei eldste gardskarta me har. Målestokken for utskiftingskarta varierer, men oftast teikna ein opp innmarkskart i målestokken 1:1000 eller 1:2000. Desse målestokkane vart valde på grunnlag av utskiftingsreglementet av 1859, men me veit det også vart teikna opp innmarksutskiftingskart i målestokkane 1:1250 og 1:1500.

Dei originale utskiftingskarta vart overlevert Norges Geografiske Oppmåling frå 1868. Karta vart sidan overførte til Jordskifteverkets kartarkiv på Ås, ein institusjon som var i verksemd i tidbolken 1955-1999. Utskiftingskarta vart så overførte til Riksarkivet i Oslo, men fargekopiar i A3-format finst hjå dei regionale jordskifterettane kringom i landet. I seinare år er karta digitaliserte, og ein finn no denne både interessante og vakre arkivkjelda på Digitalarkivet.

Litteratur:

Mads Langnes: Utskiftingsrett og gardsskipnad. Instituttet for sammenlignende kulturforskning/Novus forlag, Oslo 2018.

Kun for medlemmer
Informasjonslenker
Skrevet av
Mads Langnes, dr. philos i historie, konservator og forfattar