Jordmor Berte
«Berte Vadset kan fortælle historier om strabadser og hvad det vil sige at røgte en kald som hendes – et kald hvor det gjelder ikke mindre end menneskeliv. Hvad siger den far og mor, som Berte har brakt hjelp og trøst i kritiske øyeblikke, da livet og døden stred hårdt om den lille nyfødte? Hvad siger de, som boede i Samfjorden og andre afsidesliggende bygder, når man ængstelig lytted ut i mørket og stormen og i spenning bad: gid Berte kom nu snart».
Slik blir jordmora Berte Lassedtr Vadset, fødd Rønes, beskrive i ein artikkel i Sunnmørsposten frå 1904. Etter jordmorskulen jobba ho som jordmor i Skodje og Vatne prestegjeld i 42 år, frå 1859 til 1901.
Kløft mellom middelklassen og den øvre middelklassen
Å vere jordmor var ein krevjande jobb med mykje ansvar, det var også ein av jobbane kvinner kunne ha før i tida. Mange jobba for å kunne livberge seg sjølv, dag og natt, som fiskekoner, fabrikkarbeidarar, tenestejenter og bondekoner. Andre kunne sikte seg inn på ein meir behageleg karrieresti. Kor du hamna var avhengig av kven du var og kor du kom frå.
– Vi ser ei kløft mellom middelklassen og den øvre middelklassen. Dei som ikkje hadde spesiell utdanning kunne drive butikk, kafear og hotell, enten fordi dei eigde hotellet eller fordi dei dreiv det for nokon andre. Den øvre middelklassen og overklassen ville gjerne ha meir «reinslege» jobbar med større prestisje. Til dømes kunne desse jobbe som både fotografar, telegrafistar og telefon- operatørar. Dei første kvinnene som blei tilsett i telegraf- verket var to søstrer. Dei starta der i 1852. Ein begynte å tilsette kvinner fordi dei kunne betalast mindre, og det var arbeidsgjevarane heilt opne på, fortel Aud Farstad.
Ho er historikar og har jobba mykje med kvinnehistoria. I år gav ho ut boka «På liv og død – distriktsjordmødrenes historie», som historia om Berte er henta frå. No jobbar ho med ei ny bok om Sunnmørsposten sin første kvinnelege journalist.
270 000 yrkesaktive kvinner i 1900
I boka «Kvinnfolkarbeid : kvinners kår og status i Norge 1875–1910», som kom ut i 1981 og ligg ute hos Nasjonalbiblioteket, skriv forfattar Sidsel Vogt Moum at det var over 270 000 yrkesaktive kvinner i 1900. Det betyr at over ein tredjedel av alle kvinner over 15 år var i lønna arbeid på denne tida. Desse kvinnene var stort sett ugifte kvinner eller enker, og dei aller fleste jobba innan manuelle yrker. Dei vanlegaste yrkene fann ein innan jordbruket, personleg tenesteyting, som å vere tenestejente, industri og handverk. Telegrafist og lærarinner var blant dei aller mest respektable og best lønna yrkene, men i 1900 var det berre to prosent av dei yrkesaktive kvinnene som hadde ein slik jobb.
Aud Farstad seier at eit argument som ble brukt for å forsvare at ein lønna kvinner lågare enn menn, var at kvinner berre hadde seg sjølv å forsørgje. Men det var ikkje nødvendigvis tilfellet. For hadde dei ikkje eigne barn, forsørgja dei gjerne ugifte systrer og/eller mor si. Som tidlegare nemnt var det å vere lærar sett på som eit høgtlønt yrke. Likevel såg ein også store lønnsforskjellar her. Ho fortel at det i dette yrket i tillegg gjerne var klasseforskjellar mellom kvinner og menn, men at det på dette punktet som regel var kvinnene som var «overlegne» menn.
– Bondeklassens søner som ville noko meir kunne dra til USA eller bli lærar. Dette fordi det vaks fram ei moglegheit til å gå på seminar for desse gutane. Kvinner hadde ikkje tilgang til dette i starten, men overklassekvinnene hadde fått utdanning heime og kunne difor bli tilsett som lærarinner. Desse kvinnene heva seg ofte over desse bondestudentane, fordi dei sjølv hadde ein breiare danningsbakgrunn.
I følgje Store Norske Leksikon fekk kvinner tilgang til å ta universitetsutdanning i 1884. Dette skjedde etter at Stortinget gav kvinner rett til å ta examen artium, som du måtte ha for å kunne starte på universitetet. Dette var før studielånets tid, så høgare utdanning var primært eit gode for ei svært lita gruppe.
Kvinneoverskot førte til varig ugifte
Det var primært ugifte kvinner og enker som var i yrkesaktivt arbeid. I «Kvinnfolkarbeid: kvinners kår og status i Norge 1875–1910» anslår Sidsel Vogt Moum at 94 prosent av kvinnelege arbeidstakarar høyrte til denne gruppa. Mange vil kanskje spørje seg kvifor ein difor hadde så pass mange kvinner i arbeid i denne perioden. Moum forklarer dette ved at ein i 1900 hadde fleire yngre enn eldre personar i samfunnet, og at giftealderen for forholdsvis høg med sine 26 år i gjennomsnitt. Om du var 26 år då du gifte deg hadde du gjerne jobba i 11 år allereie. Dei fleste starta nemleg å jobbe etter konfirmasjonen, då foreldra sjeldan hadde råd til å la ugifte døtrer gå heime. Mange kvinner forblei også ugifte resten av livet, på grunn av eit stort kvinneoverskot i landet. I 1875 var 12 prosent av kvinnene i landet ugifte ved fylte 50, medan talet i 1960 var 3,6 prosent.
Ikkje praktisk å fortsette karrieren
I borgarskapen måtte ein ikkje jobbe for å forsørgje seg sjølv og familien etter at ein vart gift. På den andre sida var heller ikkje særleg rom for å kombinere karriere og familieliv på 1800–talet og deler av 1900–talet.
– Det avhenga nok av familie og familiemiljø, men eg er overtydd om at dei aller fleste kvinner vart møtt med ei forventing om at dei skulle gifte seg. Då var det vanskeleg å få fortsette ei yrkeskarriere. Både av praktiske grunnar og på grunn av dei sosiale forventingane om kva ei mor skulle vere. Nokre hadde nok pengar til å betale nokon for å vere heime med ungane sine, men då kunne mannen din igjen få spørsmål om kvifor han ikkje klarte å forsørgje kona si. Det gjekk på den maskuline æra laus, ei ære både menn og kvinner var opptekne av å verne om. Eg veit derimot om nokre lærarinner som var så oppteken av jobben sin at dei bevist aldri gifte seg. Men dei var i mindretal, seier Farstad.
Kor kan ein finne desse kvinnene?
Ho fortel at det berre er fantasien som set grenser for kvar ein kan finne opplysningar om kvinner og kvinner sitt yrkesliv, og det er uråd å få med alle. Men ho trekk fram nokre eksempel:
- Folketeljingane og den offentlege statistikken (på Statistisk sentralbyrå sine nettsider) er alltid brukbare.
- Bygdebøker er nyttige.
- I kommunearkiva finst det opplysningar om kommunalt tilsette kvinner både i møtebøkene for kommunestyra, i kommunerekneskapar og i budsjett.
- Mange byar laga eigne små trykte hefter om skulevesenet der lærarinnene står, ofte med opplysningar om kva dei tente.
- Likningsprotokollar kan vere interessante. Dei finst i kommunearkiva.
- Ein kan finne opplysningar om kvinneleg tilsette i fagforeiningsarkiv og bedriftsarkiv.
- Offentlege fotoarkiv på nett har foto av kvinnelege arbeidarar.
- Det finst oppslagsverk om næringslivet i dei ulike fylka der ein kan finne kvinnelege forretningsdrivande.
- Det finst gamle guidebøker og turistinformasjon om hotell og spisestadar over heile landet. Desse kan ein finne og kanskje tinge på biblioteka.
- I gamle aviser finst det annonser for bedrifter av alle slag. Nokre få aviser er digitaliserte, men mange andre finst på mikrofilm. Bruk biblioteka og arkiva både til kjelder og til å få hjelp medopplysningar.