Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
Har du komme over ein bibel i barndomsheimen din med namn på ein ukjend familie nokon gong? Det har i alle fall eg, og det viste seg å vera ei spennande og spesiell slektshistorie.
FAQ/Mer info
Tekst gruppe
Hovedinnhold

Husa på Sygarden-Ødegård i Smøla i Møre og Romsdal er frå 1880-åra og var i si tid bygd for lærar og kommunepolitikar Ole Soleim med familie. I slutten av 1930-åra flytta foreldra mine dit, men sidan 1990-åra har dei stått ubebodd.

I husa er det tatt vare på det meste opp gjennom åra. Å vekse opp mellom gamle bøker og skrifter vart ein naturleg del av oppveksten, utan at eg visste kva som faktisk stod i bøkene. Då eg for nokre år sidan heilt tilfeldig var innom stova igjen, plukka eg ut ei bok frå bokskapet.

Det viste seg å vera ein bibel. Inni bibelen var det skrive namn på ein familie: Anders Gjersvold frå Røros (fødd 1864), som var gift med Marianne Ødegård frå Smøla (f. 1858). Dei hadde ungane, som alle var fødd på Røros, John Arthur (f. 1891), Otto Margido (f. 1893) og Reidar Johannes Gjersvold (f. 1895).

Kva hadde denne familien med husa på SygardenØdegård å gjera? Og kvifor og korleis hadde denne bibelen kome i ein boksamling akkurat her? Det var det første som slo meg der og då. Namna var jo ukjente for meg.

Tøff oppvekst for gutane

Dette ønskte eg å finna ut meir om. Eg fann først ut at Marianne var frå nabogarden Nordigarden-Ødegård. Ho var utmeldt av statskyrkja i 1887 og flytta til Røros to år seinare, der ho møtte Anders.

Etter å ha vore gift i sju år, og fått tre ungar, døyr ektemannen hennar i 1897 – berre 33 år gammal. Ho tek deretter med seg dei to yngste gutane, Otto Margido og Reidar Johannes, tilbake til Smøla. Eldsteguten John Arthur vart igjen hos besteforeldra på Røros. Vidare skjedde så at i 1898, berre eitt år etter at ektemannen døydde, døyr også Marianne – årsaka var lungetuberkulose.

Familien Anders og Marianne Gjersvold tilhøyrde ei baptistmenighet, og var derfor ikkje medlemmer av statskyrkja. Med andre ord var ikkje gutane Otto Margido og Reidar Johannes døypt. Dei måtte få ein ny heim, men ingen ville ta vare på udøypte ungar på slutten av 1800-talet.

I 1898 vart dei dermed døypt i Edøy kyrkje i Smøla. I folketeljinga for 1900 er Otto Margido og Reidar Johannes busett hos ulike familiar i same kommune – det hjelpte å bli døypt. Begge er på fattigvesenets rekning. I folketeljinga ti år seinare så eg at førstnemnde budde hos besteforeldra på Røros (som også er det siste eg finn om han), medan yngstemann er komen til Jøstølen som fiskeriarbeidar, 15 år gammal. Han blir seinare far til ein son i 1920.

Ein kommunal folketeljing for Trondheim i 1925 viste at Reidar Johannes var handelsreisande og gift med ei ny kvinne, som han får fire ungar med. 80 år gammal døyr han i Oslo i 1976, men eg veit ikkje kor han er gravlagt. Men kva med eldsteguten John Arthur? Jo, han blir lokomotivførar, får familie og er gravlagt i Trondheim.

Thumbnail

Nye oppklaringar

Ein dag for eit par år sidan fann eg på Facebook at Turid frå Røros etterlyste vigselsdato for ekteparet Anders Gjersvold og Marianne Ødegård. Eg spør dermed min svigerson Jens om han kan ta kontakt med henne. Ho er barnebarn av John Arthur.

Sommaren 2019 vart det ein tur til NordigardenØdegård i Smøla på Turid, for å sjå der hennar oldemor Marianne vaks opp. Ho og ektemannen møtte meg, Jens og Svein, som er noverande eigar av garden. Det viste seg at han og Turid var firmenningar, då dei har felles tippoldeforeldre. Det vart òg noko jernbaneprat på treffet sidan Svein er lokomotivførar, som også faren til Jens og bestefaren til Turid var.

Frå Turid får eg høyre at John Arthur vart gift med Jenny Bang i 1914, men ho døydde allereie i 1915. Dei fekk sonen Arthur Marius, som er far til Turid. John Arthur var dessutan vakt på slagskipet «Berlin» i Hommelvika under 1. verdskrig. Der møtte han den andre kona si, som han seinare fekk fem ungar saman med. Turid fortalde òg at Otto Margido reiste til USA i 1923.

Bibelen i bokhylla

Men: Korleis har eigentleg bibelen hamna i barndomsheimen min i Sygarden-Ødegård? Det blir gjetting, men eg trur Marianne tok med seg bibelen då ho flytta frå Røros. Sannsynlegvis vart det halde ein auksjon etter at ho døydde, og då var det lærar og kommunepolitikar Ole Soleim som kjøpte bibelen – dermed vart han liggande i den same bokhylla i så lang tid.

Nokre spørsmål sit eg igjen med: Vart brørne som vaksne på ny ein samla familie? Har Otto Margido etterslekt i USA? Har etterslekta høyrt om oppveksten på Smøla? Og har dei noko forhold til plassen?

Likevel har mange bitar falle på plass. Turid fekk med seg bibelen, slik at han kom heim igjen til si eiga slekt. Løyndommen til bibelen, som har lege der i over hundre år, er endeleg oppklart.

Kun for medlemmer
Informasjonslenker
Skrevet av
Karle Gjernes