Mormora mi Ruth Hauge Eiken vaks opp i Åmdalen i Ørsta, og budde heile sitt vaksne liv saman med morfar Alf Eiken i Eiksund på Sunnmøre. Men eigentleg var ho frå Bergen, og ho hadde ein dramatisk start på livet.
Begge foreldra og sju sysken døydde av tuberkulose før mormor var fire år gamal. Ho og ein eldre bror kom på kvar sin barneheim. Ruth, som overlevde tuberkulosen, fekk etterkvart flytte til ei familie i Ørsta som tok henne til seg. Ho fekk etterkvart kontakt med sin bror og nokre tanter i Haugesund, men ho hadde lite informasjon om foreldra sine.
Då eg starta med slektsforsking for nokre år sidan var difor denne greina litt ekstra spanande, og etterkvart dukka det fram ei gripande historie om eit kort, men innhaldsrikt liv. Dette er historia om min oldefar Halfdan Hauge og hans familie.
Oppvekst og bakgrunn
Halfdan Nikolai Hauge blei fødd i Bergen i 1889. Faren Karl N. R. Hauge (fødd i 1857) var bygningssnikkar med borgarbrev i Bergen. Mora heitte Anna Marie Hauge og var frå Moberg (fødd i 1857). Halfdan vaks opp i Bergen med til saman åtte sysken. Vi veit lite om oppveksten, men i 1907, det året han fyller 18, får Halfdan seg hyre om bord på dampskipet DS Stettin. Han seglar frå Bergen 21. mai. Dei neste to åra arbeider han på fleire forskjellige båtar, for det meste i Østersjø- og Nordsjøområdet.
På Digitalarkivet fann eg sjøfartsrulla som viser båtane han segla med og kva tidsperiode han var ute. Ved å lese skipslistene i Bergens Tidende, Norges Sjøfartstidende og andre aktuelle aviser i tidsperioden på nb.no, har eg kunna fylgje båtane Halfdan jobba på omtrent frå hamn til hamn, frå veke til veke.
Samtidig som Halfdan reiser på sjøen i 1907 skjer det også ting på heimebane. I april 1907 forlét faren Karl familien i Bergen og reiser til Amerika på jakt etter betre forteneste i arbeidet. Karl ender opp i Duluth Minnesota der han livnærer seg som snikkar. I 1910 reiser også Halfdan sin bror Rasmus Hauge med familie til Amerika. Etterkomarane etter Rasmus lever framleis i USA, og desse har eg no etablert permanent kontakt med.
Kilde for dette er emigrasjonsprotokoller frå Bergen politikammer, ankomstlister frå Ellis Island, samt adresselister frå Duluth Minnesota som eg fann på ancestry.com. På findagrave.com fann eg minneord etter Rasmus sine døtrer som inneheldt namn på slektningar, og ved hjelp av Google og Facebook fekk eg etablert kontakt.
Etter at Halfdan går i land i november 1908 blir han på land nokre år. I 1910 er han registrert som snikkardreng i folketeljinga. Kanskje har han yrket skipstømmermann i tankane, eller kanskje har han funne kjærleiken heime i Bergen? To år seinare giftar han seg nemleg med Olufine Johanne Eriksen. Dei blir ifylgje klokkarboka i Årstad prestegjeld gifte der 11. september 1912, Bergen. I august året etter får Halfdan og Olufine sitt fyrste barn; ein son som dei kallar Harry Edvard, men han lever dessverre berre nokre veker. I mars 1914 blir så dottera Margrete født, dette fann eg i Digitalarkivet.
Sjøfart, fødsler og tuberkulose
12. april 1915 reiste Halfdan til New York med SS Bergensfjord (NAL). Han hadde fått hyre som skipstømmermann på eit skip DS Preston som gjekk i fruktfart med bananar mellom USA og Mellom-Amerika. Olufine gjekk då høggravid og berre to dagar etter at han hadde reist, fekk ho dottera Henny Marie. Det skulle gå nærmare to år før Halfdan fekk møte dottera si. Kjelder her er emigrasjonsarkivet, skipsrullar og kyrkjebøker.
Frå 1918 og utover 1920-talet består spora vi finn etter familien av dåp av born, og gravferder av born som døyr. Lungebetennelse og tuberkulose er i all hovudsak grunnen til at borna døyr unge. Vi veit ikkje mykje om livet deira på denne tida, men det kan virke som om det no blir tunge tider. I den kommunale folketeljinga i Bergen frå 1922 finn vi familien Hauge på adresse Ny Solheim No 229. Bergen kommune står oppført som arbeidsgivar og Halfdan er registrert som arbeidsledig på grunn av sjukdom. På denne tida er det i Bergen bustadmangel og i brakkene på Solheim er det trongt med dårlege sanitære og hygieniske forhold.
I april 1923 får Halfdan hyre som skipstømmermann og reiser ut frå Bergen med dampskipet DS Birk. Dette blir på nytt ein lang tur til fjerne strøk der han er ute i tolv månader. I gamle aviser på Nasjonalbiblioteket (nb.no) finn ein Birk både i Chile, Canada, Frankrike og England i denne perioden.
Dei påfølgande åra blir tøffe. Halfdan har korte turar på sjøen med forskjellige dampskip. Sommaren 1924 døyr dottera Henny Marie på ni år av tuberkulose. Og året etter døyr Margrethe på elleve år av sjukdomen og Gerda i 1926. Innimellom desse tragediane får dei også ein ny son, Rasmus, i 1925. Dette fann eg i kyrkjebøker og på Digitalarkivet.
Til Grønland og berging av Ameta
Forsikringselskapet Æolus rusta i 1926 ut ishavsskuta Buskø med kurs mot Vestgrønland for å hente heim M/S Ameta, som var lagt igjen under Helderekspedisjonen tidlegare same år. Ekspedisjonen forlét Bergen 20. oktober 1926 med ishavsskuta Buskø. Alle som kjenner vêrtilhøva i Arktis på denne tida av året vil forstå at dette er ein ekspedisjon med høg risiko. Overfarten vart likevel god for årstida å vere, og dei kom fram til Holsteinborg 2. november. Der fann dei motorskonnerten Ameta liggande i fjøra ribba for ror og nærast alt utstyr, men med skroget intakt.
Dei brukte 13 dagar på å sette skuta i sjødyktig stand, og 17. november var fartøyet opprigga og utstyrt med provisoriske seil som dei fekk skaffa seg i Holsteinborg. Ombord i Ameta gjekk tømmermann Halfdan Hauge frå Bergen, dykkar Nils Florvaag frå Florvåg, signalmann Hans Olsen, stuert Konrad Teigland, motormann Ludvig Kvinge frå Masfjorden og kaptein Einarsen.
Eit telegram som det tok ein eskimo 13 dagar å frakte frå Holsteinborg til Godthåp, blei sendt heim til Noreg om at ekspedisjonen hadde sett kursen heimover. I norske aviser blei dette omtala som ei stor bragd. Buskø tok Ameta under slep og sette kurs heimover.
To døgn seinare då dei var kome til Davisstredet, bles det opp til ein skikkeleg orkan. Den knuste rekka og gjorde stor skade på dekk, men begge båtane klarte seg. Uveret tok seg likevel oppatt og rundt 250 kvartmil av Kapp Farvel sleit slepet. Buskø forsvann i snøkaven og mannskapet på Ameta måtte rigge segl og bruke hjelpemaskina. Båten blei ført av stad med stormen og i ni døgn kjempa dei for livet i orkanen. Natt til 5. desember skimta dei endeleg land, men då det lysna av dag vart det snart klart at dei ikkje kunne nå inn til land i det forferdelege veret. Båten blei ført inn mot ureint farvatn ved kysten av Island, og det var ingen annan utveg enn å prøve å lense seg ut i betre farvatn.
Dei kom etterkvart likevel inn mellom brota og dei frykta for at skuta skulle bli knust. Dei kjempa heile dagen og ofte var det berre ei hårsbreidd mellom liv og død. Ingen tenkte at det ville vere mogleg å kome levande frå det. Ved middagstida stoppa hjelpemaskina og dei måtte oppatt med stagsegl. No og då støtte skuta mot botnen, men dei fekk ikkje lekkasje. Så utpå natta fekk dei hjelpemotoren i gong igjen og klarte etter mykje slit å kome seg vest av Flatey. Dei fekk også sendt opp nødsignal. Kapteinen beskriv det som eit under at dei klarte å kome seg klar brenningane.
6. desember fekk dei kontakt med ein losbåt og fekk los om bord som hjelpte dei til ein ankerplass nær Flatey på Island. Men denne må ha lagt utsett til, for då det rauk opp til ny orkan, tok dei livbelta på seg då alt håp om å halde det gåande syntest umogleg. Ved daggry klarte mannskapet å kome seg på land på nokre skjær og berga seg. Dei var då heilt utmatta av frost og svolt. Det hadde ikkje vore mogleg å gjere opp varme på fleire veker, og søvn hadde det heller ikkje vore tale om på mange døgn.
Kapteinen hadde fått forfrysningar på beina allereie i Holsteinsborg, noko som sjølvsagt hadde blitt enda verre no. Drikkevatnet om bord hadde vore dårleg og berre blitt verre under turen, med iblanda leire og saltvatn. Ingen av mannskapet hadde no vore ute av kleda på tre veker. På heile turen hadde kokken berre klart å bake brød ein gong, fått varma kaffi to gongar og elles hadde dei i fylgje kaptein Einarsen berre ete kald hermetikk.
Denne delen av historia er i all hovudsak basert på artiklar frå aviser i Bergen i desember 1926, særskilt kaptein Einarsens forklaring trykt i Bergens Tidende 21. desember.
23. desember blei det halde sjøforklaring i Bergen sjørett. Der forklarte mellom anna Halfdan Hauge seg. Han seier her at Ameta må ha vore sett på land i fullt sjødyktig stand. Skroget var heilt tett og båten sto slik at den låg i vatn ved flo sjø (høg vasstand). Roret var teke av, men hadde berre ei lita sprekke som lett kunne reparerast. Avisrapporter frå sjøretten fann eg på nb.no, blant anna i Bergens Tidende vesle julaftan og i Morgenavisen julaftan 1926.
Dei siste åra
Turen til Grønland blei den siste tur på havet for Halfdan. Rett etter at han kom heim frå den dramatiske turen til Grønland, nærare bestemt den 5. februar 1927, blir Halfdan far til ei lita jente som dei kallar Ruth Hauge. Gleda over eit nytt barn blir dessverre avløyst i meir sorg då sonen Rasmus på to år døyr av hjernehinnebetennelse seks veker seinare. Også i 1928 får dei ein son Erling, men han døyr i november same året. Erling blir det siste barnet Halfdan og Olufine får.
Av totalt ni born, har dei no berre att to i live.
Tuberkulosen har ramma familien hardt og den 15. august 1929 døyr også Halfdan Hauge 40 år gamal av sjukdomen heime i Løbergsvei 94. Han etterlet seg Olufine og to små born, Karl Nikolai «Kalle» på ni og Ruth på to år.
Det kan ikkje ha vore enkelt for Olufine å sete att med to små born å forsørgje. Inntekta har falle bort, og til slutt blir også ho råka av tuberkulosen. Etter tre år som fattig enke med dei to borna, døyr også Olufine på Lungegården sjukeheim i 1932. Ho blir ifylgje skiftedokument, som eg fann på Digitalarkivet, gravlagd på fattigvesenet si rekning.
Ruth Hauge budde no på Karistova (tuberkuloseheim for born) ved Kysthospitalet i Hagevik. Mest sannsynleg var også ho smitta av tuberkulose. Broren Karl «Kalle» kom til barneheimen Lønningen i Bergen. Dei to borna som berre har att kvarandre, blir skilde frå kvarandre. Etter ei tid fekk Ruth kome til ein familie i Ørsta på Sunnmøre der ho vaks opp. Ho fekk etterkvart på nytt kontakt med bror sin, og dei hadde eit nært forhold til kvarandre fram til «Kalle» døydde i 1984.
Mormora mi Ruth døydde i 2015 i ein alder av 87 år. Ho fekk ein god oppvekst som fosterbarn i Ørsta, og levde eit langt og godt liv saman med mann og to born i Eiksund på Sunnmøre. Ho var heilt til det siste oppteken av å finne ut meir om familien sin i Bergen, og ein kjenner eit visst vemod over at mykje av denne historia fyrst kom fram etter at ho gjekk bort.
Nokre kjelder
- Digitalarkivet: kyrkjebøker, utvandringslister og sjøfartsrull.
- Nasjonalbiblioteket: Avisartiklar om Grønland og berginga av Ameta.