Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
Den skeive historia, historia om annleis kjærleik og kjønnsuttrykk, har lenge vore underkommunisert i Norge. Faktisk er den nesten ikkje forska på eller dokumentert. Det kan du vere med å gjere ei endring på.
Toppbilde
Bilde
Hovedinnhold

«Den synd som ikke skal nevnes»

Ei kvinne frå Kvam i Hardanger vart i 1895 innlagt på Dr. Rosenbergs asyl i Bergen med diagnosen «homoseksualitet». Heime i bygda hadde ho arbeidd som tenestejente, men då ho stadig forførte andre kvinner blei ho i følgje husbonden umogleg å ha med å gjere. Overlege Carl Looft vart så fascinert av kvinna at han skreiv ein artikkel om henne i 1896. Dermed blei han av dei første som brukte omgrepet «homoseksualitet» i Noreg – eit ord som var introdusert berre nokre år før. Artikkelen kan lesast i Medicinsk revue, eit legetidsskrift utgitt i Bergen.

Artikkelen presenterte homoseksualitet som noko medfødd, og introduserte dermed den moderne oppfatninga om seksuell legning i Noreg. Før dette har ein ikkje hatt tilsvarande omgrep for å beskrive forhaldet mellom to personar av same kjønn, og samfunnet såg det ikkje som ei legning, men som ei syndig ugjerning som kven som helst kunne finne på å utføre. Dette blei kalla omgjengelse mot naturen eller «sodomi» i lovverket, men då styresmaktene helst ønskte minst mogleg merksemd om det heile, blei det også omtalt som «Den synd som ikke skal nevnes». Ordet «tvitolling» blei i tillegg mykje brukt om både om tvikjønna dyr, og om personar som ikkje passa inn i kjønnsrollene, for eksempel «feminine» menn.

Starta arkiv i 2013

Diskresjonen som har innhylla likekjønna kjærleik har også ført til at denne delen av norsk historie har vore underkommunisert fram til våre dagar. Mangelen på forsking og dokumentasjon var også noko av grunnen til at Tone Hellesund og Runar Jordåen tok initiativ til å opprette Skeivt arkiv i Bergen i 2013.

– Tone hadde skrive ei doktoravhandling om kvinner som budde saman med kvinner på 1800-talet, medan eg hadde skrive om straffeforfølging av homofile i Noreg. Det første arkivet vi fekk inn var arkivet etter Kim Friele i 2013, seier Jordåen, som er historikar og leiar av arkivet.

Mykje av arkivinnsamlinga dei gjer vert gjort gjennom å intervjue norske homofile og ved å samle inn private arkiv. Men det finst også mykje historie lagra i dei eldre kjeldene. Då primært kjelder frå 1800-talet og tidleg 1900-tal. Då byrjar homofile å dukke opp i straffesakene. Desse finst i politikammerets arkiv og i ulike domsprotokollar som ein finn ved i statsarkiva.

Redd for «smitteeffekt»

Årsaka til at det først er då desse sakene byrjar å dukke opp, skuldast at homofile på mange måtar blei skåna frå lova på 1600- og 1700-talet. På den tida fulgte ein Christian Vs norske lov frå 1687, der «Omgængelse, som er imod Naturen» blei straffa med «Baal og Brand». Her var mellom anna seksuell omgang mellom menn forbode. Men forklaringa på kvifor dei vart skåna trass i dette kan vere fleire.

– Det kan ha vore vanskeleg å oppdage, men vi veit også at styresmaktene helst ikkje ønskte at slike saker skulle opp for retten – ein var redd for at fleire skulle la seg «inspirere» om ein let ei slik sak få merksemd, seier Jordåen.

Kvinner ikkje ramma lova

Han legg til at forhald mellom to kvinner ikkje har vore ulovleg, slik forhaldet mellom to menn var fram til 1972.

At kvinner ikkje vart ramma av lova var også grunnen til at kvinna frå Kvam blei lagt inn på asyl og ikkje straffa. Ein visste ikkje kor ein skulle gjere av ho då bygdefolket syntest handlingane hennar hadde gått for langt. Men denne kvinna var ikkje den einaste som vart sett på som eit medisinsk tilfelle på grunn av si legning. Ein veit også om andre saker der mellom anna legar på Ullevål sjukehus prøvde å kurere homofili. Desse sakene vil ein då finne i pasientjournalane.

Homoskandalar i avisene

Ei anna kjelde til den skeive historia er gamle aviser. Store mengder av desse er no tilgjengelege på Nasjonalbiblioteket si nettside. Ofte blei saker som omhandla forhaldet mellom to menn skrive flittig om, gjerne under titlar som «Homoskandale».

– Eg fann mellom anna ei sak frå 1909, der det blei avslørt at ein av Bergens rikaste menn hadde hatt eit forhald til fleire unge menn. Avisa var svært kritisk og meinte at borgarskapen hadde sett mellom fingrane på dette i altfor lang tid.

Ulike nyansar av den skeive historia

Men borgarskapen var ikkje nødvendigvis dei einaste som såg mellom fingrane på forhaldet til nokon av same kjønn. Ofte kunne personar av same kjønn bu saman i ei bygd, utan at bygdefolket reagerte. Det er likevel ikkje sikkert om dei visste kva som føregjekk eller at desse personane i det heile teke brukte omgrepet homofil eller lesbisk om seg sjølv. Og om bygdefolket visste såg mange mellom fingrane på dette.

– Når ein intervjuar eldre folk så er det nesten alltid nokon som kjenner til historier om mellom anna to kvinner som har budd saman, ei maskulin kvinne som budde åleine, menn som skilde seg ut eller to menn som var veldig nære. Når ein byrjar å stille spørsmål er det forbløffande mange slike historier som dukkar opp. Mange homofile vart dårleg behandla og utstøytt av samfunnet, men det var nok også ein del som fekk leve sine liv i fred. Eg er oppteken av å fortelje alle delar av denne historia og syne at ikkje alt var elendigheit fram til opphevinga av straffeparagrafen i 1972.

Treng ikkje vere redd for å ta med skeive historier i slektsbøkene

Lenge var barn fødd utanfor ekteskap ein del av historia ein sjeldan såg omtala. I våre dagar er ikkje dette problematisk lenger, og ein finn slike historier overalt i norske slektshistorier og bygdebøker. Jordåen håpar dette også vil skje med den skeive historia etter kvart.

Han trur mange bygdebokforfattarar og slektsforskarar har vore på sporet av slike historier, men latt dei vere av omsyn til omgjevnadane i tider dette temaet ikkje var så uproblematisk som i dag.

– Det hadde vore morosamt om folk kunne ta tak i dei opplysningane dei kom over, kanskje særleg gjennom munnlege kjelder, og tatt dei med i slektshistoria. Ein treng ikkje å vere så redd for at dette skal vere støytande lenger, slik mange har vore før. Samstundes skal ein ikkje lage om historia til noko den ikkje er. Ein skal vere varsam med å putte fortidas menneske inn i våre båsar og kategoriar, som «homofil» eller «transperson», seier Jordåen.

Mindre kategorisering før

For ein delte i mindre grad folk inn i ulike båsar før i tida, slik vi gjerne gjer no.

– Så om ein for eksempel har opplysningar om ei grandtante som heile livet budde saman med ei anna kvinne, at dei delte soverom, at dei gav uttrykk for at dei var glad i kvarandre og at dei ligg gravlagd saman, skal ein ikkje nødvendigvis putta dei i båsen lesbisk. Truleg ville dei neppe ha kalla seg dette sjølv og heller omtalt kvarandre som nære venninner. Dei har då vald å leve saman, dei har vald bort å gå inn i ekteskap. Slik har dei på eit vis vald ei «skeiv» livsform, litt på tvers av det som var norma. Om slektsforskaren noterer seg korleis slike forhold er blitt omtalt, utan nødvendigvis å putte dei i vårt tids båsar som lesbisk og homofil, kan ein bidra med verdifull kunnskap om fortidas samfunn. Ein får slik dokumentert ei form for samliv som var vanlegare enn me trur, men utan at det blir tolka i lys av omgrep som knapt var i bruk på den tida det gjaldt, seier Jordåen, og legg til at Skeivt arkiv gjerne tek i mot tips frå slektsforskarar som har kome over interessante saker innan deira arbeidsfelt.

– Spør oss også gjerne til råds, avsluttar han.

Kun for medlemmer
Kategorier