(Flere bilder blir lagt til i artikkelen neste uke).
Eg har vokse opp på Nordvestlandet, med ei kjær mormor som kom frå Sørreisa i Troms. Ho var dotter til Joakim og Marit Sørstrøm, gardbrukarar på Mellaholtet. Mormor hadde flust av gode barndomsminner som ho gjerne fortalte om. Ho lo lett og vart glad av å tenke på oppveksten sin, men ho senka stemmen litt når ho fortalte at foreldra var søskenbarn. Det var nok eit lite tabu.
Generasjonen bak, mine fire tippoldeforeldre, visste eg lite om. Sikkert fordi eg var for ung til å høyre etter. Då eg endeleg begynte å stille spørsmål, vart det klart at det også var andre ting i familiehistoria som var eit tabu. Særleg var tippoldemor Abelone si skjebne eit mørkt kapittel.
Ein vanskeleg barndom
Abelone Jacobine Marie Jochumsdatter Stenersen såg dagens lys på Hitra 2. oktober 1834. Foreldra var Jochum Lind Stenersen frå Lavangen i Troms og Johanna Margrethe Johnsdtr. Myhre frå Trondheim. Dei to hadde gifta seg i Trondheim i 1833. Det var truleg eit fint bryllaup då det ser ut til att begge fedre hadde tilknytning til jektefart (handelsfart som gjekk langs kysten frå Vestlandet til Nord-Noreg), som var eit yrke med høg status.
Jochum endra gradvis fornamnet sitt til det meir vanlege Joachim. Han skaffa seg eiga jekt, som bar same namn som kona, «Johanna Margrethe» av Kristiansund. Kvifor familien var på Hitra då Abelone var fødd, veit eg ikkje, men det er mogleg dette hadde samanheng med jektefarten.
Joachim hadde truleg stifta gjeld då han investerte i båten. Det var ei vanskeleg tid med stor konkurranse om oppdraga og jekteeventyret endte med konkurs etter kort tid. 1. april 1836 står dette å lese i Trondhjems borgerlige realskoles alenepriviligerede adressecontors avis:
«Torsdagen den 7ende april førstk. Kl 10.00 formiddag, bliver ifølge reqvisition fra Joachim Stenersen i Kristiansund, auction avholdt paa børsen her i byen over et, bemeldte Stenersen tilhørende, i Trondhjems elv beliggende fartøi, Johanna Margrete kaldet, dræktig 4½ commerselæst, conditionerne blive at erfare ved auktionen, hvortil lysthavende indbydes.»
I juli same året fekk dei ei dotter til. Ho vart heimedøpt i Kristiansund og fekk namnet Amalia Jochomene Magdalene. Så flytta familien til Lavangen og jenta fekk dåpstadfesting i Ibestad kyrkje. Dei fekk to barn til, blant anna vesle Leonore, heimedøpt av sin farmor, men døde etter tre veker. Til sist, 29. mars 1840, vart Adolf Bernhard Myhre født. Han vaks opp og busette seg i Tromsø der han gjorde det bra som ishavsskipper og islos. Dette kan ein lesa i bygdebok 2 for Sørreisa.
I boka Lavangens beskrivelse, utgitt i 1931, kan vi blant anna lese følgande setning: «Jochum Stenersen blev i 1833 gift med jomfru Hanna Myhre fra Nidaros. De gikk konkurs, og Jochum blev vrak». Ut av dette aner vi at det var harde tider for den unge familien.
Dramatikk på havet
Etter konkursen prøvde Joachim seg på fiske. Han tok hyre på skuta Isaafima Isavatia, som var utrusta for Spitsbergen- fangst, og var med då den la ut frå Hammerfest 24. juni 1843 med kaptein Stiigler og eit mannskap på fire om bord. Isaafima kom ut for uvær og tåke, kom ut av kurs og fraus inne i isen. Dei kom seg fri etter fem veker, men kom så ut for eit nytt overhendig uvær og forliste sydvest av Island.
Dei berga livet, kom seg på land og fekk etterkvart leilighetsskyss til Arendal. Då dei kom dit, var dei heilt på bar bakke og vegen heim var lang. Dei fekk ein liten slant av understøttelseskassen for ulykkelege sjømenn, og båtskyss videre til Christiania. Men derifrå gjekk Joachim og dei andre det meste av vegen til Lavangen.
I Gudbrandsdalen var han gjennom ein passkontroll, med status «forulykket sjømann». Dei andre av mannskapet passerte der nokre dager før, og har anført: «Den ene af de Pashavende nemlig Joacim Stenersen medfølger ikke de Øvrige, da han som saarbenet er bleven noget tilbage paa Veien, men kommer snart efter.» 21. oktober 1843 kom han etter. I kontrollen har han fått beskrivelsen temmelig høy, føre lemmer, blå øyne og sort hår.
Han kom heim i slutten av februar 1844, fattigare enn då han reiste ut. Heile turen er levande beskriven av ein annan av dei forulykkede, Nicolai Dassau, i avisa Nordlyset 26. februar 1844. Artikkelen vart trykt i fleire aviser.
Endeleg smilte lykka
Den unge Abelone vart tidleg sendt til Bardu i teneste. Ho vart konfirmert der i 1851, med brukbare karakterar. Fem år seinare stod ho i kyrkja i Sørreisa med ei lita dotter, født utanfor ekteskap. Ho var då i teneste hos Peder Pedersen Finsæter og kona Serine Andersdtr. Det ser ut til at Abelone er blitt godt ivaretatt der. Peder var gardbrukar og hadde mange både fosterbarn og tenestefolk i sitt hus. Det var han som meldte hendinga inn for presten, og han og Serine stod fadder på jentungen som blei døpt Trine Hansine.
25 år gamal møtte Abelone sin framtidige ektemann, den 19 år eldre gardbrukaren Tomas Heitman Eriksen frå Sørstraumen i Sørreisa. Dei fekk sonen Edvard Didrik eit par månader før dei gifta seg. Presten kunne dermed anføre Abelone sitt andre leiermål. Seinare på sommaren var det bryllaup. Tomas tok godt imot vesle Trine Hansine, det kan vi sjå ved å studere folketeljinga av 1875. Der blir ho nemnt som Tomasdatter. Tomas hadde kjøpt garden Mellaholtet nokre år før bryllaupet.
På same tid blei Tomas si yngre søster, Boel Katrine Erichsdtr., gift med Jacob Fredrik Rochman Henriksen. Jacob var gardbrukar på Rørsletten i Sørreisa, og Boel flytta dit. I åra som kom vart det mange barnefødslar i begge hus. Mennene dreiv sjøen attåt gardsdrifta, så dei to svigerinnene hadde meir enn nok å henge fingrane i. Men dei tok seg heilt sikkert tid til sosial kontakt også.
For jekteskippersonen fortsette ulykka
Joachim Lind Stenersen var til stades som far og forlovar i bryllaupet til Abelone og Tomas i 1858. Der titulerte han seg som handelsmann. Men få år etter har han hamna på slaveriet i Kongens gate i Trondheim, der sat han for simpelt tjuveri. Han hadde også blitt enkemann, men eg har ikkje greidd å finne ut når eller kvar Johanna Margrethe døde. Dette såg eg i folketeljinga frå 1865.
Etter dette gjekk det berre enda meir utforbakke for Joachim Stenersen. I ein dom frå 1868 står dette:
«Advocat Grønn, Actor mod Joachim Lind Stenersen, ved Tromsø By-thingsdom av 11 april 1868, og overrettsdom av 4de mai 1868 for simpelt tyveri, etter 5 gange forhen at være dømt for sådan forbrydelse, ilagt straffarbeide i 4 år. Høiesteræt stadfestede straffetidens forlængelse med 6½ år. Salær 8 Spesidaler.»
Dette fann eg i Norsk retstidende av 1868, Vol. 33., Nr. 1–53.
Med håplaus gjeld på grunn av det store salæret, vart han så sendt til kretsfengselet i Trondheim. Der døde han 5. april 1873. Om Abelone visste korleis det hadde gått med faren, er av dei ting vi aldri får vite, men ho æra foreldra ved å kalle opp barna etter dei. Fleire av borna fekk Myhre som mellomnamn, men ingen fekk Lind, så kanskje gjorde ho forskjell på mors- og farsslekta si likevel? Ei dotter vart døypt Johanna Margrethe Myhre akkurat som si mormor, men ho døydde berre ti månader gamal.
Det unevnelege hendte i naustet
Det var på denne tida Abelone var utru med Jacob, svigerbror sin. Naustet som høyrde til Rørsletten, låg slik til at Abelone såg det frå vindauga på Mellaholtet. Jacob var ofte der og arbeide med forskjellig. Då pleide Abelone å gå med mat til han. Ho og Tomas hadde ni barn, den minste berre vel eit år, då Tomas kom heim frå fiske. Det var folk som gjekk han i møte og fekk fortalt han at kona venta barn med svogeren. Det seiest at Tomas tok nyheita svært tungt og ville først ikkje gå heim. Hos Jacob var det seks barn rundt bordet og kona Boel var halvvegs i eit nytt svangerskap.
Abelone fødde barnet til Jacob 14. september 1873. Stort verre kunne det ikkje bli, og stemninga må ha vore iskald då dei stilte til barnedåp i Reisen kyrkje med vesle Peder, som foreløpig visste lite om den røra hans tilkomst hadde skapt. Presten har notert at dette var Abelone sitt tredje leiarmål. Han har formildande lagt til at hennar andre leiarmål var med mannen ho er gift med.
Ho må ha kjent seg fullstendig utstøytt etter kvart som nyheitene spreidde seg. Vi kan sjå føre oss ei bygd der alle visste, men ingen snakka høgt om det. Boel fødde ei jente mindre enn fem månader etter at Peder var født. Så langt gjekk det, at Abelone vart innskriven på Rotvold asyl våren 1875 med diagnosen sinnsjuk. Vesle Peder vart teken hand om av Jacob og Boel. Men det stod ikkje så bra til med den 48 år gamle Boel, ho døydde 2. januar i 1876 av lungebetennelse. Med Abelone på Rotvold og Boel som døydde, endte det med at Peder fekk komme i fosterheim hos Andreas Hansen Oppegård i Misvær.
Trine Hansine var til god hjelp
Hos Tomas var det den unge Trine Hansine som tok seg av husarbeid og søsken. Dette greidde ho fint og var såleis ei viktig årsak til at Tomas kunne halde familien samla i denne vanskelege tida. Dessverre vart det enda ei stor sorg då den eldste guten, Edvard Didrik, kom bort på sjøen denne våren. Han hadde fått hyre på fembøringen til Peder Hansen Winther, og var med på Lofotfiske då dei kollsegla med fem mann om bord. Ingen av mannskapet vart funne igjen. Edvard var den yngste av dei.
På Rotvold finnes ein pasientprotokoll som fortel om behandling av pasientane, utan at den enkelte er identifisert. Dermed er det skjult kva Abelone opplevde der, men ho vart utskriven 9. mai 1876 «i forbedret tilstand». Då hadde ho vore innlagt i 13 månadar. Ho kom heim at, og ho og Tomas fekk endå eit barn saman. Ein gut som fekk namnet Edvard Andreas, oppkalla etter storebroren som kom bort på sjøen. Men 19. juni 1877, tre veker etter fødselen, døydde Abelone berre 41 år gamal. Det er ikkje notert noko dødsårsak i kyrkjeboka, men det er lett å tenke seg at det var komplikasjonar etter fødselen. Trine Hansine måtte igjen stille opp for familien sin, men vesle Edvard døydde også etter få månader og vart gravlagt før jul same året.
Nye vendingar
Tomas forblei enkemann livet ut, men hos Jacob på Rørsletten var det annleis. Same våren som Abelone og Tomas fekk vesle Edvard, fekk enkemannen ein gut med pige Gurine Johnsdtr. Dei døpte han for John, men også han døde som baby. Dei gifta seg hausten 1877. Gurine flytta inn på Rørsletten og tok seg godt av barna til Jacob, men ho fekk ingen fleire sjølv.
Så tok livet endå ei ny vending. Joakim Marinius, son av Abelone og Tomas, vart kjærast med Marit Winter, dotter til Boel og Jacob. Paret var for det eine søskenbarn og for det andre hadde dei fedre som ikkje hadde all verdens grunn til å vere gode vener. Men paret gifta seg i kyrkja i Sørreisa 31. juli 1893. Dei to aldrande fedrane var forlovarar, slik skikken var den gongen. Presten som elles alltid pleide å anføre om brudeparet var i slekt eller ei, må ha vore i godlune, eller så greidde dei å lure han, for han har notert «Ikke i slekt» i kyrkjeboka.
Joakim og Marit tok over drifta på Mellaholtet etter Tomas. Dette fann eg i panteboka for Senja sorenskriveri, nr. 32. Her fekk dei tolv barn i åra som kom. Ei av dei var altså mi kjære mormor.
Kjelder
- Generelt: Folketeljingar, kyrkjebøker, bygdebøker, arkivet, eldre aviser, gravminnebasen, slektningar.
- Folketelling 1865 for 1601 Trondheim kjøpstad.
- Folketelling 1875.
- Gudbrandsdalen fogderi, passjournaler, nr. 3: 1843–1846.
- Hanssen, S. Sørreisa bygdebok: gård og slekt. Bind II, 1994.
- Ministerialbok for Trondheim prestegjeld, Kretsfengselet sokn 1870–1918.
- Nordlyset, 26.02.1844.
- Norsk retstidende, 1868, Vol. 33 Nr. 1–53.
- Senja sorenskriveri 1855-, H/Hb/L0031: Panteregister nr. 31, s. 64.
- Senja Sorenskriveri: SATØ, Senja sorenskriveri 1855-, H/Hb/L0032: Panteregister nr. 32.