Om kjeldene
I den følgjande undersøkinga har det mellom anna blitt nytta to ulike primærkjelder frå domstolane for å undersøke korleis dei rettslege aktørane og samfunnet generelt har handtert slike saker frå 1600-talet og fram til i dag.
For det første har det blitt nytta digitale søk i dei transkriberte tingbøkene som er tilgjengeleg via Digitalarkivet. Når ein søker i desse protokollane er det viktig å nytte tidsriktig terminologi, i dette tilfellet t.d. «baren(/barn)», «pige» og «omgiengelse». Vidare må ein gå igjennom treffa manuelt for å plukke ut relevante saker. Om ein ønskjer å undersøke hendingar knytt til spesifikke person- eller gardsnamn, kan ein også søke etter dette.
Frå 1836 har ein gjennom tidsskriftet Norsk Retstidende publiserte høgsterettsdommar. Ved å til dømes nytte lovregisteret Lov og Dom av Tom Arbo Høeg, kan ein vidare finne Retstidende-referansar til alle høgsterettsavgjerder som refererer til spesifikke strafferettsparagrafar. Både Retstidende og det nemnde registeret er tilgjengeleg via Nasjonalbibliotekets nettsider. Lov og dom er eit register i bokform som er utarbeida frå dei publiserte høgsterettsdommane i Retstidende (frå og med 1836). Om ein er på utkikk etter spesifikke straffebrot (til dømes overgrep mot born), og finn ut kva paragraf i lova som omhandlar dette (til dømes kriminallova av 1842 kap. 18 §19), kan ein finne referanse (årstal og sidetal i Retstidende) til alle publiserte høgsterettssaker som omhandlar dette. Sjølve sakene finn ein i Retstidende, som er utgjeve og tilgjengeleg i heile årgangar.
I tillegg til årstal finn ein også dato for dommen i Retstidende, slik at ein ev. kan finne att konkrete saker, t.d. frå ein avisartikkel eller liknande (men altså berre dersom desse vart anka heilt til Høgsterett, og i tillegg vart plukka ut for publisering i Retstidende).
Utover 1900-talet kan slike saker også vere omtalt i vanlege aviser.
Bergen Arbeidarblad skriv blant anna om ei slik sak i 1930.
«Fra Odda melder vår korrespondent at en 50 år gammel mann er arrestert siktet for utuktig omgjengelse med mindreårig. I går ble der av sorenskriveren i Hardanger avsagt fengslingskjennelse over mannen. Piken er 15 ½ år gammel og er hans pleiedatter. Hun forklarer at forholdet mellem dem har bestått i mange år. Mannen nekter å ha hatt nogen befatning med piken».
Sakene som manglar
Om dette hadde vore nokre år tidligare hadde rettsystemet hadde vanskar med å behandle ei slik sak. Fram til 1800-talet hadde rettssystema få mekanismar for å handtere seksuelle overgrep mot barn. Trass omfattande regulering av seksualitet eksisterte det ingen særskilte reglar for mindreårige. Det var i tillegg omstridt kor vidt omgang med prepubertale jenter var omfatta av dei generelle straffeboda, då desse jentene ikkje kunne reknast som seksuelt modne, eller «mandbare». I rettssystemet ser ein at også at bevisproblematikk i stor grad forvanska handteringa. I tingbokreferata frå rettsleg førsteinstans i Nordhordland, Sunnhordland og Hardanger sorenskrivarembete mellom 1642 og 1800 finn ein til dømes knapt omtale av slike problemstillingar i det heile. Fråværet av overgrepstilfelle er særleg påfallande når ein samstundes ser at seksuell omgang mellom vaksne før/ utanfor ekteskap er svært hyppig handsama. Som historia har vist skuldast mangelen på saker i rettssystemet neppe fråvær av overgrep mot barn i seg sjølv, men truleg heller mangelfulle mekanismar for å avdekke og/ eller følge desse opp.
Eit døme
Ei sak frå tinget på Helgøy i Troms i 1722 illustrerer korleis både mangel på rettsreglar og spørsmål om bevis gjorde rettshandsaminga vanskeleg. I tillegg til den fornærma jenta sitt vitnemål om å ha blitt valdteken, kunne eit vitne i denne saka fortelje at ho hadde sett at tiltalte drog barnet sine klede opp, og at dei to etter dette var plassert ansikt mot ansikt. Då retten fekk opplyst at jenta berre var ni år gamal, vart både vitna og mor til jenta likevel spurt om dei kunne «vide eller sige med sandhed» at tiltalte hadde gjennomført «virchelig horerie» med barnet. Då dei ikkje kunne svare bekreftande på dette, fekk mor spørsmål om kva det då var ho «klager over», kvifor mannen hennar hadde stemna tiltalte, og kva ho ville forlange av han. Lovverket regulerte ikkje tilfelle, og dommarane ser ut til å sjølve ha vore i villreie om korleis saka skulle handterast.
Utukt med jenter under 15 år vert forbode
I grunnlova av 1814 vart det vedteke at det skulle utarbeidast ei ny kriminallovbok. Det tok neste 30 år før lova vart ein realitet, men med kriminallova av 1842 fekk Noreg også sitt første straffebod som eksplisitt omhandla seksuell omgang med born. Utukt med kvinner under 12 skulle straffast som valdtekt, medan det for utukt med kvinner mellom 12 og 15 vart sett opp ei kortare fridomsstraff.
Det at ein no hadde lovheimel for å handsame dei seksuelle overgrepa medførte eit større vern mot seksuelt misbruk, ettersom dei gav større moglegheit og dessutan insentiv til straffeforfølging. Nedslagsfeltet til straffebodet var likevel snevert. For det første gjaldt det som vist berre jenter, og gutar stod utan liknande vern fram til straffelova av 1902. For det andre gjaldt straffebodet berre utukt, noko som framleis vart tolka snevert som gjennomført samleie, med minstekrav om vaginal inntrenging. Andre formar for overgrep, som jo ofte er tilfelle særleg når det er tale om små barn, fall såleis utanfor det strafferettslege nedslagsfeltet. I tillegg var kravet om aktsemd om jentene sin alder lågt. Utforminga og tolkinga av straffebodet fekk store konsekvensar for vurderingar av skuldspørsmål og straffealternativ i sakene.
Eit døme på dette finn vi i ein høgsterettsdom frå 1849. Om natta hadde ein vaksen mann tatt seg inn i fjøset der mellom anna ei 11 år og 10 månader gamal jente hadde sengeleie, og gjennomført samleie med henne. I retten vart det lagt til grunn at jenta var velvaksen, og «efter sitt utseende ikke kan antages at være mindre end 14 aar». Omgangen vart difor ikkje automatisk rekna som valdtekt, slik lova i utgangspunkt gav uttrykk for. Trass i at jenta forklarte at ho gjorde fleire forsøk på å kome seg bort frå tiltalte, vart det heller ikkje funne tilstrekkeleg skadar på kroppen hennar til at retten meinte samleiet var tvunge på henne ved vald. Retten la difor til grunn at den 11 år gamle jenta hadde samtykka til seksuell omgang, og dømde tiltalte etter det mildaste alternative i lova.
Ei endring i emning
Trass mangelfullt lovverk, ser samfunnshaldninga til overgrep ut til å ha vore i endring mot slutten av 1800-talet. I 1880-åra finn vi til dømes ei markant auke i saker for Høgsterett som omhandla overgrep på jenter mellom fire og sju år, der tiltalte hadde brukt andre metodar enn samleie for å oppnå seksuell tilfredsstilling. I ei sak frå 1880 hadde til dømes den 34 år gamle tiltalte lokka med seg ei fire år gamal jente med lovnad om eit eple. Etter å ha kledd av jenta og lagt henne på senga, rørte han ved det ytre kjønnsorganet hennar, først med handa, og deretter med eigen kjønnslem.
I utgangspunktet fall slike saker som vist utanfor straffebodet om utukt. Høgsterett henta likevel fram ein gamal misgjerningsregel frå 1600-talet og brukte denne – truleg med inspirasjon frå dansk strafferett – til å konstruere ein ny kategori av overgrep, nemleg «uterlige forhold». Ei rekke dommar vart deretter avsagt med tilvising til denne regelen. Straffa var likevel relativt låg, og tiltalte i den ovanfor nemnde saka vart til illustrasjon dømd til 25 dagar fengsel på vatn og brød. Kategorien «uterlege forhold» vart sidan overført til reglar om utuktig åtferd og utuktige handlingar i den nye straffelova av 1902. Frå 1927 vart det vidare fastsett minstestraff på eitt års fengsel for utuktig handling med barn under 14 år.
1900-talet: Barnets århundre?
Tiåra kring hundreårsskiftet var i eit samfunnsperspektiv sentrale av fleire årsaker. Debattar om mellom anna unionsoppløysing og røysterett gav resultat, og ein rettigheits og demokratitangegong fekk stadig større gjennomslag på ulike nivå i befolkninga. I kjølvatnet av dette, og særleg framhaldt av dei ulike kvinnerørslene, vart også barnevelferd eit stadig meir aktuelt tema. Dei Castbergske barnelovene som i 1915 gav like rettar til barn fødd utan og innanfor ekteskap, er døme på eit banebrytande resultat av lengre tids politisk arbeid. På barnevernfronten ser ein også at staten på godt og vondt vart stadig meir engasjert i oppseding av barna, til dømes ved oppretting av ulike «barneredningsanstaltar». Engasjementet medførte mellom anna lovregulert internering av forsømte og kriminelle barn for å redde desse frå ein dyster lagnad. Formålet var å rehabilitere dei til gode samfunnsborgarar, gjerne med strukturar som til tider mest likna eit militært regime.
Også under arbeidet med straffelova av 1902 og revisjon av seksualretten i lova på 1920-talet, vart borna via særleg merksemd. Resultatet vart eit sterkt utvida strafferettsleg vern mot seksuelle overgrep. Den straffbare handlinga vart som nemnd utvida. I 1902 vart samleieliknande omgang med både jenter og gutar likestilt med eigentleg utukt, i tillegg til at utuktige handlingar og utuktig åtferd vart kriminalisert. I 1927 vart dei strengaste minstestraffene for slike brotsverk i norsk historie vedteken. Det vart også tatt inn eit vilkår om at tiltalte sin eventuelt villfaring om borna sin alder, der grensene dessutan var heva til 14 og 16 år, skulle sjåast bort frå i strafferettsleg samanheng.
Kvifor kom endringa?
Kva var så motivasjonen for å endre strafferetten på dette området så drastisk? Dokumenta frå lovarbeidet seier overraskande lite om kva skade ein ønska å hindre ved å utvide føresegnene. Spørsmålet om barn og unges «fordervelse» er likevel nemnd fleire stader, men utan nærare forklaring. Truleg dreidde dette seg om nedbryting i åndeleg og moralsk forstand, med det resultat at barnet sjølv var utsett for å hamne på skråplanet. I førearbeida til 1927 viser komiteen til dømes til at «barn som tidlig blir vakt til erotisk begjær og avstumpet i sin blueferdighetssans (…) gir visstnok ikke sjelden selv anledningen til den straffbare utukt».
I ettertid har det blitt påpeikt at det desse tiåra herska ein omfattande «moralsk panikk», og stor frykt for det som syntest som ei stor auke i sedskapsbrot, mellom anna som følgje av dei tette butilhøva i veksande bymiljø. Eit berande motiv for lovendringa ser difor ut til å ha vore å hindre ein dominoeffekt av «moralsk usundhet». Sjølv om den auka merksemda kring brotsverka indikerer eit gradvis større fokus på dei ramma barna, ser det altså ut til at det først og fremst var eit meir allment samfunnsvern som låg til grunn for straffeboda på dette tidspunktet.
Frå historie til notid
Dei strenge lovreglane frå 1927 vart snart kritisert. Fordi både lekfolk og juristar fann straffereaksjonane uforholdsmessige, førte dei nemleg i følgje seinare lovarbeid til både påtaleunnlatingar og uriktige frifinningar i overgrepssaker. I 1963 vart dermed dei høge minstestraffene fjerna. Spørsmålet om aldersvillfaring har også sakte med sikkert blitt mjuka opp, til å i dag vere eit strengt krav om aktsemd.