Då eg for nokre år sidan såg nærmare på ei rettssak, dukka det opp eit ord eg tidlegare berre så vidt kjende til. Saka gjaldt ein 65 år gammal bakar som blei dømt for seksuelle forhold til menn på 1890-talet i Porsgrunn. I dommen blei det også referert til ein episode nokre år tidlegare:
«En gang blev han i Skien beskyldt for at være Tvetulling, hvilket var skrevet op paa en Paplap, der var Ophængt [...] og som Følge heraf blev han af flere Mandfolk antastet (SAK: Porsgrunn byrett, forhørsrettsprot. 1, folio 60b.).»
Av dette kan me slutta at omgrepet «tvetulling» sannsynlegvis var eit kjend omgrep både for dommaren og befolkninga i Skien på slutten av 1800-talet. Når nokon hang opp ein lapp om at vedkommande var «tvetulling» resulterte det openbert i at han blei oppsøkt av ei rekke menn. Folk kan me andre ord ha lagt det same i ordet som me i dag legg i homofil.
Ordet homoseksualitet var på dette tidspunktet berre så vidt introdusert i Noreg, og då i psykiatriske lærebøker, så det var neppe ein del av det folkelege vokabularet. «Tvetulling» var eit mykje eldre omgrep, og denne rettssaka tyder på at det var godt kjend blant folk.
Finst i mange kjelder
Går me til skriftspråket, finn me at ordet slett ikkje berre har vore eit lokalt skjellsord. I Ordbog over det danske sprog finn me oppslagsordet «tvetulle» og «avleiingar» av det (tvetulling, tvetullet) som betyr «tvekønnet individ; hermafrodit; undertiden nedsæt., om kvindagtig mand». I tillegg har ordet vore brukt biletleg – om noko som verken er det eine eller det andre.
Omgrepet har altså hatt utbreiing i Norden og Nord- Tyskland, og ved søk på Nasjonalbiblioteket si digitale bokhylle ser ein at det blant anna er brukt av Knut Hamsun og Jens Bjørneboe (Hamsun 1930: 170, 191; Bjørneboe 1974: 47).
Norsk Ordbok er eit omfattande verk over nynorsk og norsk talemål. I følgje dette er «tvitulling» eller «tvitoling» ofte nytta om «tvikjønna» eller «kjønnslause» dyr, særleg geiter og høns som ikkje verpar. I tillegg finst det førekomstar der det er brukt om menneske. I eit tilfelle er det forklart som «halvt mann og halvt kvinne» (opplysningar eg har fått frå Lars Vikør, Norsk Ordbok).
Ein finn også omgrepet i mange lokale dialektordbøker, blant anna frå Voss der det er forklart som «tvekjønna individ, hermafroditt » (Røthe 1994: 153–154). Også i nyare tid har omgrepet vore nytta. Ei kvinne som var fødd i 1927 og vaks opp på landsbygda i Hordaland, kunne til dømes fortelja at ho frå ungdommen hugsa fleire menn som oppførde seg «damete», særleg når dei hadde drukke. Desse blei kalla for «tvitullingar» (Kristiansen 2008: 52). Ordet består av ledda tvi – som betyr to eller dobbel – og tull, eller opphavleg tol, som betyr reiskap (jamfør det engelske ordet «tool»).
I norske dialektar fanst det også andre, nærståande ord: Det gjeld «hørve», som blir forklart som «tvekjønnethet » og «kværkje», som er i slekt med korkje (altså verken), og har tydinga «stakkars vantrevent væsen, tvetulle». Til slutt gjeld det «båing» eller «boing» (Torp 1919: 239 og 355) som hadde stor utbreiing i Midt- Noreg og i Østerdalen. Me finn ordet i Norsk Ordbok forklart som «person som er båe kjønn; tvitoling, hermafroditt » (Hellevik 1966: 1219).
Frå Soknedal i Midte Gauldal i Trøndelag finst det ei interessant segn om ei kvinne ved namn Gjertru. Ho kom utanbygds frå, rydda seg ein gard i utkanten av bygda og blei oppfatta som annleis: «Gjertru var meir enn vanleg stor og breivaksen. Folkedrøset ville ha det til at ho var boing», står det i bygdeboka (Haukdal 1974).
Etter kvart kom nye ord
Førekomsten av ord som «tvitulling» og «båing» viser at det har eksistert nemningar for ulike former for kjønnsoverskridingar, fenomen som i dag kunne vore kategorisert som intersex, trans eller – i nokre tilfelle – homoeller bifili.
Medan omgrep som homoseksualitet, biseksualitet, fetisjisme, transvestisme og transseksualitet blei brakt inn i det norske språket gjennom medisinske tidsskrift og lærebøker på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, hadde ein tidlegare hatt omgrep som sodomi og pederasti som blei brukt av juristar og teologar. Dei hadde også ei viss folkeleg utbreiing.
Ordet homoseksualitet fekk i løpet av 1900-talet større utbreiing, kortformer som «homo» og «homse» blei etter kvart også tatt i bruk (Jordåen 2003: 110–111). Ei slangordbok frå 1950-talet oppgir følgjande ord for homoseksuell mann: sodagutt, bakstreber, soper, mannemann, dilldallmann og pipefeier (Gleditsch 1952: 37–38).
Omgrepet lesbisk og lesbisk kjærleik blei også brukt i medisinsk faglitteratur frå slutten av 1800-talet, men var mindre brukt enn homoseksualitet. Medan homoseksualitet var eit ord som blei meir og meir brukt, til dømes i aviser utover på 1920- og 1930-talet, blei ordet homofil først introdusert i Noreg i 1951 av den nystarta homorørsla. Ordet blei tatt i bruk fordi ein ønskte fokus på kjærleik, ikkje berre seksualitet.
Ordet transvestitt blei først brukt i Tyskland tidleg på 1900-talet og dukka opp i norsk medisinsk litteratur rundt 1920. Det omfatta også det som seinare blei kalla transseksualisme. I seinare år har omgrepet transperson blitt den vanlege nemninga om folk som har ein kjønnsidentitet som er forskjellig frå det kjønnet som blei registrert ved fødselen. Ein snakkar i dag også om ikkjebinære, dette er personar som ikkje føler seg som mann eller kvinne.
Truleg har det funnest mange fleire ord for det me i dag med eit paraplybegrep kallar skeive. Denne tematikken er endå ikkje utforska skikkeleg, og det ville vore interessant med studiar ikkje berre på norske dialektar, men også andre språk brukt her i landet.
---
Litteratur
- Bjørneboe, J. Haiene. Historien om et mannskap og et forlis. Oslo: Gyldendal. 1974.
- Forbundet av 1948. Hva vi vil. Oslo: Forbundet av 1948. 1951.
- Gleditsch, U. Det får’n si. Norsk slangordbok. Oslo: Nasjonalforlaget. 1952.
- Hamsun, K. August. Oslo: Gyldendal. 1930.
- Haukdal, J. Busetnad og folkeliv i Soknedal. Gard og grend III. Støren: Midtre Gauldal kommune. 1974.
- Hellesund, T. Kapitler fra singellivets historie. Oslo: Universitetsforlaget. 2003.
- Hellevik, A. Norsk ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Band I: A–doktrinær. Oslo: Samlaget. 1966.
- Jordåen, R. Frå synd til sjukdom? Konstruksjonen av mannleg homoseksualitet i Norge 1886–1950. Hovudoppgåve, Universitetet i Bergen. 2003.
- Kristiansen, H.W. Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1930– 1970. Oslo: Unipub. 2008.
- Ordbog over det danske sprog. «Tvetulle», henta i 2017.
- Røthe, E. Vossamålet i ord og vendingar. Voss: E. Røthe. 1994.
- Torp, A. Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania: Aschehoug. 1919.
Arkivmateriale
- Porsgrunn byrett, forhørsprotokoll nr. 1. (1890–1894). Statsarkivet i Kongsberg.
- Takk til Torbjørn Steen-Karlsen, som tipsa Skeivt arkiv om segna om Gjertru frå Soknedalen.