Kyrkjegarden som tradisjon- og historie-formidling
Då eg vaks opp brukte eg å få vere med bestemor på kyrkjegarden når ho skulle stelle gravene. Før eg kunne lese gjekk eg å såg på dei fine gravsteinane. Kjende på dei. Bestemor fortalde ofte om dei som var gravlagde. Fine ord.
Etter at eg lærte meg å lese oppdaga eg at der var ting ho ikkje hadde fortalt om. På gravsteinen til oldemor Ingeborg sto det «med sin datter». Det var nytt for meg. Då eg spurte henne sa ho berre at «det var ho systå som vart fødde etter nå bestefar». Då eg ville vite meir svarte ho ikkje. Eg spurte fleire gongar hugsar eg, men ho ville ikkje fortelje.
Ingeborg Olsdatter Brune vart fødd i Dalsfjorden, i det som no er Volda kommune, i 1868. Eg finn henne i kyrkjebøkene både som dåpsbarn og konfirmant. Òg då ho gifta seg med Martinus Andreassen Runde i 1893. Eg finn henne også i kyrkjebøkene då ho døydde 26.01.1913, den dagen morfaren min Ingvald og tvillingsøstera hans Solveig vart fødde. Før desse to yngste kom til verda finn eg henne også som mor i dåpsregistreringane til 10 andre barn. Eg finn også familien i folketeljingane i 1900 og 1910.
For oss etterkomarane, frå barnebarna hennar og framover, har Ingeborg vore ein person vi har visst lite om. Barna hennar prata sjeldan om henne, og sjeldan om faren deira også. Grunnen til det var nok at dei ikkje klarte det, tenker eg. Den eldste var 19 år då Ingeborg døydde – den yngste var altså min morfar, som vart fødd den dagen ho døydde. Faren deira, Martinus, døydde av tuberkulose, året etter Ingeborg. På Runde seier dei at han sørgde seg i hel over å ha mista Ingeborg og den nyfødde vesle tvillingsøstera til bestefar.
Ingen av oss har noko som har tilhøyrt nokon av dei. Truleg fordi det meste vart brent då Martinus døydde av tuberkulose - pga smittefaren ved sjukdomen. Det vi alle har er kopi av bildet som hang på veggen i heimen deira.
Det som vert fortalt på folkemunne på Runde er at Ingeborg var ei respektert kvinne i lokalsamfunnet. Ho var lærarinne. Ho var kordirigent. Ho dreiv barnelosje og var aktiv i voksenlosjen. Ho hadde søndagsskule. Ho skal ha vore den som arrangerte 17. mai-feiring for første gong på øya. På Runde kalla dei henne berre for «Ho Brune».
Likningsprotokollar og skuleprotokollar
Då Slekt og Data Søre Sunnmøre spurde meg om å fortelje om kva kjelder vi oppbevarer ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal, bestemte eg meg for å sjå på kva dei kommunale kjeldene kunne fortelje meg om Ingeborg. Det viste seg at eg også fann svært interessante opplysningar i private arkiv.
Eg visste at Ingeborg kom til Runde som yrkesaktiv – som lærarinne på Runde fyr. Eg tok utganspunkt i året ho gifta seg med Martinus og starta derifrå å gå tilbake år for år i likningsprotokollane i Herøy kommune.
Eg fann Ingeborg i 1891 med bustad Runde fyr. Eg ser at ho tente 150 kroner. Då reknar eg med at ho hadde mat og hus inkludert, men det veit eg ikkje ut ifrå denne kjelda. Dei andre kvinnene registrerte på same bustad var truleg tenestejenter, som tente 120 kr i året. Til samanlikning ser vi at fyrmeisteren hadde ei inntekt på 900 kroner.
Denne tilsetjinga hadde altså ingenting med Herøy kommune å gjere. Der var det nok ei privat tilsetting som lærarinne eller guvernante.
Men eg hadde høyrt at Ingeborg også var lærar i den offentlege skulen i Herøy. Derfor tenkte eg at då må det no finnast noko om tilsetjinga hennar i lærarpost. Eg gjekk derfor til arkivet etter skulestyret i Herøy. Der var inga vedtaksbok bevart, men eg fann ein brevjournal – og i den fann eg eit heilt tilsettingsbrev referert. Brevet var frå 11. februar 1892:
«Ingeborg Anna Brune, 11.02.1892, sendes følgende beskikkelse:
Herø skolestyre gjør herved vitterlig at det i henhold til lov om folkeskolen paa landet af 26de juni 1889 §30 under 17de december forrige aar har antaget og herved beskikker Ingeborg Anna Brune, der i Bergen har bestaaet den ved reglement af 18de november 1871, grundet på lov af 22de mai 1869, befalede lærerindeprøve af høiere eller første grad, til lærerinde for smaaskolen i Remøy og Berge kredse i Herø skolekommune med de rettigheder og forpligtelser, som er forbundet med denne bestiling. Hun har derfor med nidkjærhet og samvittighetsfullhet at oppfylde de hende som folkeskolelærerinde til enhver tid paahvildende pligter i lære og liv at holde fast ved Guds ord vor lutherske kirkes bekjendelse og at forholde sig saaledes baade i og udenfor sit kald som det sømmer sig en kristelig lærerinde. Guds naadige bistand følge hende under hendes virksomhed.»
Her står det kvar ho tok lærarutdanning: i Bergen – og at Herøy skulestyre vedtok å tilsette henne som lærarinne 17. desember 1891. Nye opplysningar for meg. Dei strenge moralske premissane for ei slik stilling som ho fekk kjem også klart fram: «både i og utenfor sitt kald» vart det forventa at ho levde etter Guds ord.
Eg finn også kva skulekrins ho var lærarinne i: Berge og Remø.
Dermed gjekk eg til skuleprotokollane og vart både glad og rørt då eg fann akkurat den protokollen som ho hadde ført. Der var altså handskrifta hennar.
Skoleprotokoll for Berge og Remøy frå 1892 og framover.
Møteboka etter Losje Rundebrand
Ein stad eg finn stemma til Ingeborg veldig direkte er i møteboka etter Losje Rundabrand (ein IOGT-losje, som vart starta på Runde i 1905), der både Ingeborg og Martinus var aktive.
På desse møta var det slik at eit medlem av losjen innleia med eit innlegg over eit gitt tema. Deretter var det diskusjon rundt dette temaet. Kva meiningar som vart utveksla er refererte i protokollen. På møte ved Runde skulehus søndag 15. september 1912 var det Ingeborg O Rundø som innleia. Temaet var «Har manden nogen åndelig eller legemlig føremonn fremfor kvinnen?».
«Indlederen Ingeborg O Runde sa at baade mand og kvinde har sine svage sider, saavel som sine gode. Trodde dog at kvinder i almindelighet har større aandelig styrke end manden. Vi har jo mange faldne kvinder, men vi har mer faldne mend. Nævnte da til eksempel drukkenskapslasten der er manden den fremste, likesaa usædelighetslasten der ogsaa er manden som en god nummer en. Hun trodde at en kvindereisning betyr en verdensreisning. Trodde ogsaa at hvis kvinden hadde vært den styrende saa var vi kommet lenger fram baade med avholdssaken og andre store saker som er oppe i vor tid. Det blev en noksaa ivrig diskusjon, men paa samme tid svært vidløftig. Der blev sagt at kvinden stod under manden baade hvad legemlig og aandelig styrke angik. Der var jo enkelte undtagelser blant kvinderne ogsaa, enkelte som hadde gjort noget stort, men i det store og heletaget saa stod de langt under manden. Kun i hjemmet var kvinden uunværlig, som opdrager for den opvoksende slegt stod hun nok likevel over manden, for en god mor er likesaa uundværlig som en god far, thi den som bevæger vuggen bevæger verden. Man fik nesten den forstaaelse av diskusjonen at manden syntes best om sig, og kvinderne syntes de var bra nok, og bedre kunde det ha vært hvis manden hadde git dem mer magt. Det syntes jo imidlertid ikke lagebrødrene for de hadde baade det ene og det andet at utalte paa kvinderne. Det blev sagt at kvinden som Gud gav Adam var ikke nu at finde, men hadde hun vært at finde nu, saa hadde hun uten tvil stillet sig paa nutidskvindernes side. Vi vet jo at Adam var en mand, og han stakkar lot sig forføre av en kvinde. Da emnet var av en saadan beskaffenhet at det var umuligt at komme til noget resultat, blev møtet sluttet paa anordnet maate.
Aftenenes indtægt kr: (det ser ut til at dei gløymde innsamlinga av pengar)
Anna M Rundø (referent)»
Her stig der altså fram ei oldemor for meg som hadde sterke meiningar når det gjaldt kvinnesak. Vi må hugse på at dette er hausten 1912. Året etter, i 1913, fekk kvinner stemmerett ved stortingsval i Noreg. Stemmerett ved kommuneval kom i 1910. Spørsmålet om kvinner og menn sin moral var svært aktuelle tema over fleire år i denne diskusjonsforeininga, ser vi av referata.
I arkiva etter foreiningar, lag og organisasjonar finn vi ofte opplysningar som fortel oss om forfedrane/-mødrene våre på ein annan måte enn i dei offentlege arkiva.
Det å melde seg inn i eit lag eller ei foreining viser i seg sjølv ei interesse. Det å få referert meiningane til dei ulike medlemmane, slik som i losjeprotokollen frå Runde, legg enno meir kjøt på beina.
Etter 1913 (kvinneleg stemmerett) kunne eg kanskje ha forventa å finne Ingeborg i ei kommunal nemnd. Men ho døde vinteren 1913.
Denne oldemora eg no har brukt som eksempel er litt spesiell i og med at ho både hadde utdanning og var yrkesaktiv nokre få år. Dermed vil der vere fleire opplysningar om henne i arkiva enn om dei tre andre oldemødrene mine. Men gjennom dette eksempelet har eg vist kva ein kan finne – oftast når det gjeld menn rett nok.
For min del gav dei kommunale og private kjeldene meg svært interessante opplysningar om ei av formødrene mine. Ei kvinne det på grunn av sorg og sakn har vore fortalt lite om i familia vår.
Kommunearkiv og private arkiv
Eldre kommunearkiv i Norge er oppbevarte ved interkommunale arkiv i dei ulike fylka, eller ved byarkiv – i dei største byane. Når det gjeld private arkiv er landskapet litt meir uoversiktleg. Dei kan finnast hjå historielag, museum, bibliotek eller ved arkivdepota. Mykje ligg enno oppbevart heime hjå privatfolk.