av Lars Fivelstad Smaaberg, Interkommunalt arkiv i Hordaland
På protokollsleppet blir 500 skuleprotokollar fram til år 1920 tilgjengeleggjort digitalt via Digitalarkivet, ein perfekt moglegheit for slektsgranskarar, lokalhistorikarar, historikarar, demografar og andre til å gjere seg kjent med både slekts- og skulehistoria i Noreg. Omfanget av det som har blitt digitalisert fortel oss at dei aller fleste som har gått på skule i Hordaland før 1920 kan sporast i materialet.
Ei omfangsrik kjelde til slekts- og skulehistorie
Skuleprotokollane som no vart slept inneheld i hovudsak lister med elevar og oversyn over deira karakterar i enkeltfag. Ofte har også læraren skrivi spesifikke notat om kva lærestoff elevane har vore gjennom, særleg i faget «bibelhistorie». Desse protokollane inneheld også i mange tilfeller læraren sine kommentarar om elevane sine meir generelle evner, kva år dei er konfirmert, kvar eleven med sin familie flytter og inventarlister. Det er likevel viktig å nemne at andre typar materiale frå skulene finst i våre arkiv, men enno ikkje er digitaliserte. Til dømes fråværsprotokollar, vitnemålsprotokollar, møtebøker, inventarlister og rekneskap.
Prosjektet Skulekrinsane i Hordaland
Skuleprotokollane får no eit nytt liv gjennom digital tilgjengelleggjering via Digitalarkivet. Der kan interesserte kunne sjå og lese, laste ned og bruke protokollane og opplysningane fritt etter eige behov og ynskje. IKA Hordaland har skanna om lag 400 skuleprotokollar frå arkivet sitt, samt om lag 90 frå Statsarkivet i Bergen og 14 protokollar frå Bergen byarkiv.
Sjølve protokollsleppet er ein del av eit større prosjekt kalla Skulekrinsane i Hordaland. Prosjektet er til for å legge til rette for trygg og god digital forvalting og formidling av alle skulekrinsane som har eksistert i det historiske fylket Hordaland før 1964.
No som skuleprotokollane er digitaliserte, står arbeidet med metadataredigering og formidling av materialet for tur. I fyrste omgang skal skulekrinsane og skulehistoria knytast opp mot den digitale skuleportalen Skulenmin.no, ein nettportal for formidling av skulehistoria vår utarbeidd av Vestland fylkeskommune.
Prosjektet brukar etablerte standardar for mellom anna skrivemåte og indeksering, slik at andre arkivinstitusjonar lett kan knyte seg til. Difor skal prosjektet skal resultere i ein rapport som skal vere skalerbar og overførbar til liknande prosjekt andre stader i landet.
Det er mogeleg for interesserte frivillige å indeksere og å transkribere for å lage innhaldslister og gjere namna søkbare.