Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
Rundt om i dei lokale laga og gruppene våre vert medlemmene oppfordra til å fortelje om arbeide sitt – om slekter eller anna nyttig informasjon ein slektsforskar kan trenge. Personar som har forska på ei slekt eller lokal historie som er interessant for området, og vil dele kunnskapen sin, vert invitert – til glede og nytte for oss andre. I gruppa på Søre-Sunnmøre blei Geir Liavåg Strand invitert til å fortelje om Cappelenslekta og ein av sine forfedrar, Johan von Cappelen, som var prest i Ulstein frå 1749.

Cappelenslekta har forgreiningar også andre stader i landet, og derfor kan dette innlegget vere nyttig for mange.
FAQ/Mer info
Tekst gruppe
Toppbilde
Hovedinnhold

Frå Tyskland

Slekta von Cappelen (1720–1792) kom til Ulstein i 1749 då Johan von Cappelen vart tilsett som prest her. Sonen, Peter Andreas Cappelen, var prest i Ulstein og Hareid etter sin far. Frå borna til desse har det blitt mange etterkommarar ikkje berre i desse kommunane, men også andre stader i fylket.

Slekta Cappelen har sine røter i Wildeshausen i Tyskland. Oldefaren til den første av dei to Cappelen-prestane på Sunnmøre, innvandra til Noreg i 1653. Han heitte det same, nemleg Johan von Cappelen (1627–1688). Han blir kalla immigranten. Det har vore diskutert om det er adel som er årsaka til nemninga von, men det kan like gjerne vere at det er ein preposisjon, slik at det blir som om vi kan seie at dei kom frå staden som heitte Cappelen. Denne nemninga von har sidan forsvunne slik at berre Cappelen vart att.

Dei som jobbar med slekta har funne fram til det dei trur er 4 generasjonar bakover frå immigranten, men dei kan berre sikkert stadfeste den første av desse. 

Tre slektsgreiner

Denne første Cappelen i Noreg var gift med Bodil (Boel) Ottesdatter. Dei slo seg ned i Lier, og dei fekk 7 born, men berre fire levde opp, og av desse var det tre som fekk etterkomarar. Desse tre greinene er først det dei kallar Eldste son sin grein, Johan von Cappelen, som er den som er representert i vårt område. Så er det Skiensgreina med utgangspunkt i trelasthandlar og sagbrukseigar Ulrich Fridrich von Cappelen (1688–1722), der vi har ein eidsvollsmann og der vi har Cappelen forlag og Ulefoss jarnverk. Den siste greina vert kalla Fossesholmgreina med broren Gabriel von Cappelen (1674–1758) som var trelasthandlar på Bragernes og deleigar på Fossesholm.

Thumbnail

Prost og prester

Presten, seinare prosten, Johan von Cappelen som kom til å bu på Dimnasund i Ulstein, fekk kongeleg løyve til å gifte seg med den 14 år gamle Marthe Sophie Landt. Saman fekk dei 7 born. I etterslekta etter desse har vi folk med etternamn som Cappelen, Borchsenius, Butenshiøn, Schjelderup, Wiik, Liavåg, Hovlid, Skeide, Alme, Haddal, Riise, Viseth, Søholt. Som vi ser, er dei siste ni av desse namn knytt til bygder i Ulstein, Hareid og Ørskog.

Den eldste av desse borna, Johan Cappelen (1750–1796), var kappelan i Hareid og Ulstein under faren, men det var ein annan av sønene, Peter Andreas, som vart faren sin etterfølgjar som sokneprest i Hareid og Ulstein.

Juristen og embetsmannen

Geir Strand fortalde om sonen til Peter Andreas Cappelen (1756–1800) som heitte Johan Henrik Cappelen (1795–1850). Han er greitt omtalt i Wikipedia, men i realiteten var han ein storsvindlar som underslo midlar, og selde eigedommar to gongar. Han vart suspendert frå embetet sitt ved kongeleg resolusjon i 1848 og anmeldt. Hans son igjen Johan Henrik Cappelen (1838–1900) derimot, skikka seg svært vel, og var kontorsjef på stortinget der han gjorde svært fortenestefullt arbeid.

Liavåg i Hareid

Ein annan bror, Joachim Cappelen (1758–1838), kjøpte garden Liavåg i Hareid etter faren sin. Han vart gift med Karen Schjelderup frå Ulsteinvik, og frå borna deira Gurina og Stevelin er det ei stor etterslekt. Ein av Gurine sine etterkommarar Robert Skeide deltok på møtet vårt om denne slekta. Stevelin var gift med Anne Nilsdatter Kvammen og dei fekk ei dotter Nikoline Cappelen. Ho vart gift med Ole Karlson Myklebust frå Gursken. Dei tok etternamnet Liavåg, og ingen med namnet Cappelen vart dermed å finne i Ulstein og Hareid. Stevelin og Anne er foreldra til mellom anna Augusta Liavåg. Ho vart gift med Rasofiel Rise som er særleg kjend for melodiane til fleire Aasen-songar, m. a. Tidt eg minnest ein gamal gard. Bland Stevelin sine etterkomarar finn vi mellom anna foredragshaldaren vår Geir, og også Bente Liavåg, Jarle Ulstein og Per Øvrelid som var til stades på møtet. Garden Liavåg er framleis eigd av denne slektsgreina.

Ørskog

Ei søster av desse brørne heitte Anna Sophie Cappelen (1770–1864), som blei gift med Jens Thoresen Reite på Sjøholt. Etter sonen Fredrik Søholt blei det ei stor etterslekt i Ørskog der vi finn etternamna Søholt, Viseth, Vaksvik og Listhaug.

Thumbnail

Geir Strand bur på Sandane, og har skrive bok om Cappelenslekta samen med tre andre etterkomarar, Guri Alme, Solveig Viseth og Hans Cappelen frå ei anna grein av slekta enn dei tre første. Boka kan ein enno få kjøpt.

Kun for medlemmer
Av
Informasjonslenker
Skrevet av
Arne-Sten Christiansen