Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
Kunstnarparet Torvald Tu og Trygve Stangeland er eit av dei første mannlege kjærastepara vi kjenner til i norsk kulturhistorie. Samlivsforholdet var noko alle visste om på Jæren. Kven var desse to «kriminelle» homopionerane som roleg og stillteiande braut lova i mellomkrigstida?
FAQ/Mer info
Tekst gruppe
Hovedinnhold

Torvald og Trygve kom truleg i lag rundt 1920, og levde og budde i lag på Jæren i 18 år frå 1937 til 1955 då Torvald gjekk bort. Det vekte oppsikt rundt omkring i bygda at to menn flytta saman på denne tida, men det plaga ikkje hovudpersonane noko særleg.

Folk forstod nok at dei var homoseksuelle, utan at slike uttrykk nødvendigvis blei brukte. Sjølv kalla Torvald dei for «intime bestevener» i dagboka si. Men ei stor synd var det utan tvil i bygdefolket sitt medvit, og dei syntest nok det var noko sjukleg med det òg.

At det skulle vere kriminelt, det er det ikkje sikkert at folk visste. Om Torvald og Trygve var klar over det, er heller ikkje visst. Dei var inderleg glade i kvarandre, og det var nok for dei. Men ifølgje norsk lov var seksuell omgang mellom menn straffbart fram til 21. april 1972.

Torvald til venstre og Trygve til høgre.

Diktaren Torvald

Torvald Tu (1893–1955) var ein folkeleg diktar frå Tu i Klepp kommune, i dag særleg kjend for sine stubbar, eventyr og dikt, men ikkje minst som dramatikar. Han voks opp i tronge kår, og sjølv ville han helst berre gå å dikte og drøyme og eigna seg visst ikkje til praktisk arbeid.

Etter folkehøgskulen på Kleppe blei det hovudsakleg dikting for han. Folkekomediane hans vart oppførte med stor suksess over heile landet, ikkje minst på Komediateatret i Bergen. Tu var ein stor humorist, og mange av stubbane hans lever framleis i dag, særleg i heimfylket. Som eventyrforfattar var han ein av landets beste. Han var eit litterært fenomen og gav ut rundt 60 bøker, dei fleste på Norli forlag.

Hans første store scenesuksess, og ein av dei største Det Norske Teatret har hatt, var folkekomedien Kjærleik på Lykteland oppført i 1923 i regi av Agnes Mowinckel. Stykket gjekk langt ut over speleplanen, og var så populært at det blei sendt ut på to parallelle turnear samstundes, ein på Vestlandet og ein i Nord-Noreg. Stykket blei dessutan oppført i Sverige, stadig med musikk til songane av Trygve Stangeland.

Ein annan suksess var Bertels gjenvordigheter frå 1927 (med originaltittel Eld i hjartekrå) som skulle få eit langt liv, særleg i Bergen, og bli sjølve varemerket til Komediateatret der stykket blei oppført i alt 245 gongar. Bergens Tidende samanlikna Torvald Tu ein gong med franske Eugène Scribe som skreiv hundrevis av stykke. Torvald Tu var ein teaterskreddar som ville få folk til å le.

I tillegg til Trygve var det fleire komponistar som tonesette Torvald sine dikt, mellom andre Egil Hovland og Sverre Jordan. Ettertida har fått glede av desse songane, som har vore framførte i NRK og ved Festspela både i Bergen og i Harstad.

Torvald Tu var i tillegg ei viktig inspirasjonskjelde for Alf Prøysen, som lyrikar og dramatikar: «Torvald Tu likte je best, der var det innlagte viser og der. Tu var mitt store forbilde, og en dag tenkte je at det måtte da fell gå an å laga et skuespell sjøl. Og så skreiv je et skuespell i tre akter, je kjæm itte hau å det hette.»

Begge forfattarane tok i bruk dialekten sin og var store humoristar. Prøysen gjorde i stort format det Torvald Tu greidde i det små.

Omslaget til folkekomedien Kjærleik på Lykteland. Klepp bibliotek har dessutan eit eksemplar av boka der Torvald har ei handskriven helsing til Trygve.

Musikalske Trygve

Trygve Johannes Stangeland (1898–1969) var først og fremst pianist, men òg komponist og klaverpedagog. Han kom frå ein musikarfamilie i Stavanger og spelte både piano og fiolin. Trygve satsa på pianoet og studerte i mange år både i Kristiania, Paris og Leipzig og konsertdebuterte i Kristiania i 1921 med verk av Beethoven, Schumann og Chopin. Den talentfulle 23-åringen var seinare solist ved Harmonien i Bergen og ved Filharmonien i Kristiania, og var elles akkompagnatør for ulike songarar på turné.

Etter kvart reiste han på turné med Torvald, kombinerte opplesingskveldar der Torvald las eigne tekstar og Trygve spelte klassiske stykke på piano. Dei laga jamvel eigne program for radio både på lokalen og på riksnettet. Som komponist tonesette Trygve enkeltdikt og songar av Torvald, til dømes den velkjende jærsongen «Sjå Jæren, gamle Jæren». Trygve laga òg musikk til visene i fleire av Torvald sine skodepel, og notane blei som regel trykte til slutt i den ferdige boka.

Dessverre var Trygve lungesvak heile livet, og helsa tolte etter kvart ikkje påkjenninga ved konsertlivet. Han fekk dårlege nervar og greidde ikkje lenger presset ved å stå på ei scene. Men han var svært populær som pianolærar. Til tider måtte likevel Torvald forsørgje dei begge og i tillegg leggje ut for medisinen Trygve måtte ha.

Kjærleik og samliv

Allereie i oktober 1915 sender Torvald eit brev med tre dikt til den 17-årige pianoeleven Trygve og spør om han kan lage melodi til dikta. Eg veit ikkje kva Trygve svarer, men det første møtet mellom dei skal få kjenslelivet til å vakle hos dei begge.

I 1924 gjev Torvald Tu ut ei novellesamling han kallar Høg himmel og dediserer boka «Til pianisten Trygve Stangeland », ein av dei få dedikasjonane frå Torvald si side. Tittelnovella til slutt kan lesast som ei kjærleikserklæring til Trygve, og tittelen på novella «Høg himmel» som eit ønske om at det må vere høgt under taket, altså stort nok til å romme eit kjærleiksforhold mellom to menn.

Det er dessutan freistande å lese den poetiske teksten i Høg himmel som ei elskovserklæring til Trygve: «Eg har kviskra ditt namn til blomane. – Sunnavinden høyrde det, og bar det i sol over lyngen. I lyngsongen leikar namnet ditt. – Heia veit kven eg elskar ...» Hjartet til egpersonen er som ei rose, men ein slik kjærleik er skjør: «Mitt hjarta blømer i von og tru, i vare vogg for den nye elskhugskviskring. – Men kjem der ein gufs som er kvass og kald, – då skjelv ho – rosa, og lukkar blada.» Seinare går poeten rundt og lengtar: «Eg går vegen så lett. – Det syng når eg trør: – Eg skal møta deg i kveld!»

Torvald og Trygve ved grunnmuren til Mosberghagen i 1924.

Torvald trudde på Gud på sin måte, og var kritisk til dei mange kristne som ikkje forstod at Guds kjærleik var utan grenser: «Kjærleiken som herleggjer og aldri dømer.» Som homofil var han nettopp opptatt av kjærleiksbodskapen i kristendommen. I den faste spalta si i Dagbladet Rogaland hevda Torvald at nestekjærleik er ei evne vi må trene opp, og målet må vere: «Me skulle alle vera fulltrente idrettsmenn i neste-kjærleik!»

Same året som Høg himmel kom ut, i 1924, bygde Torvald seg ei lita diktarstove i heimtraktene som han gav namnet Mosberghagen. Her møttest dei to kjærastane i helgene, og skreiv brev til kvarandre i veka. Trygve ville gjerne bu der fast, men då måtte han ha eit piano der. Først i 1937 tok vekependlinga slutt. For arven etter mora bestemte Trygve seg for å byggje på Mosberghagen slik at det blei plass til både han og flygelet.

Torvald var som fortrylla når han lytta til musikken Trygve spelte: «Du spelar barmen varm og veik,» skreiv han i diktet Musikk (1940), som han tileigna Trygve med signaturen «T.S.». Her kan vi lese at utanfor hytta står månen i sør «og Mosberghagen lyser full / av månegull ». Og vidare:

Kring hytta dulm av kvelden.
– Eg sit og ser i elden.
Du spelar hugen min til kveik,
– det stig og kling i lyst og leik!
– Å ja, du spelar stova full av tonegull! –

Også plass til slike

Verken Torvald eller Trygve stod fremst på barrikadane som forsvarar av kjærleiken dei hadde til kvarandre. Men gjennom det lange samlivet viste dei i det stille kva dei stod for. Det kan ikkje berre ha vore lett. Det var ein del som løfta brynene over paret i Mosberghagen, men like mange var det som lukka auga. Ikkje berre var dei kunstnarar, men også to likandes karar som levde fredeleg saman og var så naturlege og greie å ha med å gjere.

Det er likevel interessant med dette samlivet mellom Torvald og Trygve i eit lite hus på det pietistiske Jæren, to menn som levde saman i atten år, etter først mange år med pendling. Ein ting er at ein i eit urbant strøk klarer å iscenesetje ein homofil livsstil utan at det blir for mange sanksjonar. Ein heilt annan ting er kva ein kunne gjere på Jæren på denne tida, og her er det snakk om eit samlivsforhold som alle visste om, og som dei på eitt eller anna nivå må ha akseptert eller i alle fall tolerert.

Ein av grunnane til at dette forholdet let seg gjennomføre, trur eg kjem av at dei to mennene ikkje gjorde noko nummer av det. Dei snakka ikkje om det. Og ingen andre kommenterte det – overfor dei. Det var berre slik det var. Dei to mannfolka hadde inga fast hushjelp og måtte både lage mat, gjere reint, vaske og bøte klede, noko som sjølvsagt vekte ein del reaksjonar i nærmiljøet.

Avisnotis om Trygve sin turne + dødsannonsen til Torvald

Ut av soga

Før jul i 1954 kjende Torvald seg tungpusta: «Eg har fått ei løyen hedla over brystet, » klaga han seg då han måtte få skyss til Bryne for å hente posten. Det var ein skikkeleg snøvinter.

Den 15. januar 1955 gjekk Torvald Tu ut av soga, 61 år gammal. Han stupte i snøen tjue meter frå grinda i Mosberghagen, med brev og pakker strødde ikring seg. Ferda var slutt. Hjartet ville ikkje meir.

I dødsannonsen til Torvald stod det to namn, broren Andreas Thu og Trygve Stangeland. Ved gravferda i den fullsette kyrkja på Klepp la sognepresten også ned blomar frå Trygve og sa med klar understatement: «Det ligg kanskje mest i desse blomane.» Trygve arva alt etter Torvald og budde vidare aleine i Mosberghagen, delvis som pianolærar, til han døydde 71 år gammal i desember 1969.

Litteratur:

  • Gatland, J.O. Torvald Tu. Eit diktarliv. 2008.
  • «Trygve og Torvald. Bilete frå eit familiealbum», ei digital utstilling ved Jærmuseet.

Toppbildet: 1) Torvald Tu og Trygve Stangeland utanfor huset deira i Mosberghagen på Jæren. 2) Ei handskriven helsing til Trygve. Eigar: Klepp kommune.

Kun for medlemmer
Informasjonslenker
Skrevet av
Jan Olav Gatland, Forfattar