(Flere bilder og linker blir lagt til i artikkelen på nyåret).
I tida som kom skulle fleire tusen barn frå den sultramma metropolen kome til Noreg. På perrongen i Bergen fann snart 13 år gamle Elisabeth Margreta Zabransky nummeret sitt hos ei spent dame og ein mann med bart og runde briller.
Pleieforeldra, Oline og Johan B. Pettersen, skulle ikkje berre ta seg av Elisabeth dei neste par månadane, slik planen var. Det tek seks år før ho som 19-åring i 1926 første gong reiser tilbake til familien. Men då berre på besøk, og med pleiefaren som reisefølge. Det blir fleire turar til Wien, heilt fram til 1980-talet. På besøk til ein familie som blir mindre og mindre.
I 1933 blir ho norsk borgar, og i 1939 tek ho etternamnet til pleieforel - dra. I 1941 giftar ho seg og slår seg ned i Odda. Der vert ho for folk flest kjent som Else Aggvin, og var artikkelforfattaren si farmor.
Ho døydde i 1996, 89 år gamal. Diverre fortalde ho aldri mykje om det som skjedde ho som barn. Kvifor vart livet hennar som det gjorde? Kva val gjorde ho sjølv, og kven har gjort vik - tige val for ho? Heller ikkje kjeldene gir tydelege svar. Men dei er ei skatt - kiste full av ei ukjent og turbulent slektshistorie.
Mange spørsmål
Det var farmor si historie som fekk meg til å starte med slektsgransking. Ho var alltid stolt av å vere frå Wien. Heimen hennar hadde mange små minne frå alle ferieturane. Likevel snakka ho lite om opphavet sitt og korleis det var å kome til Noreg.
På ferieturane møtte ho familien. Tre brør levde til dei vart gamle, men ingen av dei hadde barn. Så spora av familien i Wien var i ferd med å viskast ut. Vi viss - te at foreldra hennar hadde flytta inn til hovudstaden frå Böhmen og Mähren i det som no er Tsjekkia, som den gong framleis var ein del av eit stort keisarrike.
Vi visste at far hennar, Lambert, var skomakarmeister. Og vi hadde bilete av ei familiegrav i Wien, med namn og årstal. Men vi var ikkje heilt sikre på kven alle som var nemnt på steinen var. Vi visste at ein bror fall som tysk soldat i Polen i 1939. Vi visste når olde - far døydde, og vi hadde ei handskriven liste med fødselsdagar. Men det var mykje vi ikkje visste. Vi visste heller ikkje kvifor farmor aldri reiste tilbake til Wien som barn. Og vi visste ikkje korleis ho vart plukka ut til å bli sendt til Noreg. Det vart to spor å forske på: Slektshistoria og wienerbarna.
Nyttige kyrkjebøker
Katolske kyrkjebøker frå det tidlegare Austerrike-Ungarn (1867–1918) og før det Keisardømmet Austerrike (1804– 1867) viste seg å vere innhaldsrike, ganske lesbare og med hjelp av internett rimeleg lett tilgjengelege. Handskrift er rett nok ikkje heilt samanliknbar med det vi finn i Noreg. Her kan handskrifta vere kurrent handskrift (tysk skriveskrift, i slekt med vår gotiske handskrift), eller litt innpå 1900-talet ganske utfordrande sütterlin (ein type «forenkla» løkkeskrift som vart brukt i mellomkrigstida). Trykt skrift er ofte meir velkjende fraktur, som vi også kjenner her i Noreg. På Facebook er det hjelpsame grupper når du står fast.
Ved hjelp av kyrkjebøkene starta eg med å stadfeste fødsels- og dødsdatoane vi kjende til. Her kunne mykje kryssjekkast, sidan det er fyldige detaljar om når og kvar foreldre er fødde og vigde. På enkelte fødslar er det også ført opp når og kvar personen seinare er vigd eller død. Dette gjer det litt lettare å følgje familien.
Med hjelp frå fødselsattesten til ein av farmor Elisabeth sine brør og nokre bustadadresser, fann eg ut at det var lurt å starte å leite i soknet Lichtental i 9. bydel. Den eine oppføringa om fødselen stadfesta i tillegg yrke, fødestad (og sokn) og fødselsdato på foreldra hennar. I tillegg fekk eg vite namna på besteforeldra. Slik søkte eg meg gjennom og dobbelsjekka datoar på fødslar, bryllaup og gravferder, og fekk sydd saman eit mykje tydelegare slektstre. Fleire av namna på familiegrava slutta å vere gåter, men vart i staden søsken som døydde tidleg.
Etter kvart fann eg også dei søskena som var fødde på fødeheim i ein annan bydel, og fann ut mykje meir om dei alle. Søskenflokken var på åtte. Ei søster døydde av sjukdom knapt fire år gamal. Ei søster døydde av lysolforgifting då ho var rundt 20. Dei andre vart vaksnare, i motsetnad til fleire av søskenbarna til Elisabeth. Lambert sin eine bror fekk etter det eg har funne ut seks barn i Wien. Berre ei vart vaksen. Resten døydde før dei var fire år gamle.
Medan eg bladde side opp og side ned etter opplysningar om farmor sin nære familie, dukka det opp fleire Zabranskyar i same kyrkjebøkene. Kven var det? Eg oppdagar at ein av dei har same foreldre som min oldefar. Eg leitar meg tilbake til kyrkjebøkene i Kamenice, der dei kom frå og finn fem søsken. I alle fall tre av dei viser seg å ha slått seg ned i den same delen av Wien. Farmor hadde onklar, tanter og søskenbarn ho ikkje snakka om eller ikkje hugsa. Her er det nok etterkomarar å spore. Så langt har eg ikkje kome. Berre til farmor sin generasjon – for eg ville bruke tid på å finne ut meir om wienerbarna.
Enorm vekst og stor fattigdom
Wien var gjennom ein enorm vekst, frå kring 130 000 innbyggarar i 1801 til over to millionar i 1910. Det var stor bustadmangel og både tuberkulose og tarminfeksjonar var vanlege. Det var gjerne fleire familiar i ein husstand, og andre leidde berre ei seng – ikkje eit rom.
I 1911 skriv oldefar Lambert Zabransky eit opprørt lesarbrev i Illustrierte Kronen Zeitung om sin fortvila situasjon der han med ei sjukeleg kone og seks barn opplever å vere sett på gata på grunn av kraftig aukande husleige og inflasjon – og at dei har måtta overnatte både hos politiet og i byens asyl. Det var altså ikkje enkelt for farmor å vakse opp i arbeidarstroka i Wien, sjølv med ein skomakarmeister som far. Og verre skulle det bli.
Første verdskrigen gjekk hardt ut over Austerrike, og spesielt sivilbefolkninga i Wien. I løpet av krigen vart byen avskoren frå mykje av keisarriket sin jordbruksproduksjon, og rasjonane vart mindre og mindre. Etter krigen vart landet krympa til det Austerrike vi kjenner i dag, og det tok lang tid å få byen ut av svoltkatastrofen dei var inne i då krigen slutta.
Frå heile Europa kom det tog med naudhjelp. Tog fulle av mat, også frå Noreg. Allereie under krigen vart barn i Wien sendt på rekreasjons- og oppfeitingsopphald andre stader i Austerrike og i Sveits. Frå 1919 og nokre år framover vart barna sendt Europa rundt for å få mat og smaken på eit betre liv. I Austerrike vert dette omtala som «kindertransport» eller «Wiener kinder im Ausland». I Noreg og Danmark var dei «wienerbarn».
Ei austerriksk kjelde listar opp at kring 35 000 barn vart sendt utanlands i 1919, 120 000 i 1920 og 42 000 i 1921. Sveits, Nederland, Tyskland, Tsjekkoslovakia og Danmark var dei store mottakarlanda. Noreg tok i følgje denne kjelda imot kring 3500 barn til saman i 1920 og 1921, og liknande tal er å finne i bøker om Norges Røde Kors.
Arbeidet med wienerbarna starta i Hungersnødkomiteen i raudekrossen. Komiteen samla inn fleire millionar kroner for å finansiere sendingar med mat og klede til fleire europeiske land. Ein eigen Wienerbarn-komite vart oppretta for å organisere arbeidet med å få folk til å vere pleieforeldre, og organisere transporten. Fleire stader i landet vart det oppretta lokale komitear for å følgje opp arbeidet, noko som er godt dekkja i ei rekkje aviser.
Det første toget med wienerbarn kom til Noreg 11. januar 1920 med 525 barn om bord. Nokre av barna vart sett av i Christiania, men dei fleste hamna i Drammen og Sande. Til Bergen kom dei første barna 26. januar, og farmor Elisabeth var med.
Kjelder om wienarbarna i Noreg
Avisene er kanskje den beste kjelda om wienerbarna i Noreg. Lite dokumentasjon ser ut for å ha overlevd. Arkiva frå Norges Røde Kors inneheld i følgje Riksarkivet lite informasjon frå denne perioden. Meir anekdotisk dokumentasjon finst.
Eg har fått tak i nokre sider med erindringar frå ein av dei som arbeidde for den norske Wienerbarnkomiteen, og har funne nokre skildringar frå andre som bidrog i arbeidet. Men det ser ikkje ut for at det vart gjort noko sentralt registreringsarbeid, i motsetning til i Danmark der det meste vart dokumentert i detalj og er omtalt i boka Wienerbørn i landflyktighed. Her i Noreg er den mest omfattande omtalen av wienerbarna å finne i Ingrid Denk sin fyldige artikkel i Årbok for Nordfjord frå 2011.
Kvifor reiste ikkje farmor heim?
Kva var svara på gåtene om farmor? Tilfeldigheitene hennar er ikkje lette å finne i desse kjeldene. Ho er ført opp i fremmedprotokollen først i august, etter ho etter den opprinnelege planen skulle reise tilbake til Wien. Kva fekk ho til å bli? Kva gjorde at det var greitt for ei mor og ein far i Wien å gå med på det?
Det er lett å lese seg fram til at forholda i Wien framleis var svært vanskelege. Frå Danmark vert det skildra som ein av grunnane til at pleieforeldre ikkje ville sende barna tilbake. Andre visste at barna var foredrelause. Farmor var ikkje foreldrelaus, men gjennom brev fekk ho kanskje vite at det framleis var svolt i Wien. Det er i alle fall svært sannsynleg at foreldra hennar sleit med å få endane til å møtast. Kanskje andre har høyrt historier frå andre wienerbarn som vart verande og kan gje meg nokre svar?
Det kan også kallast tilfeldigheiter at ho vart plukka ut til å bli sendt til Noreg – og vart sett på toget vidare til Bergen. Kven plukka ho ut? Kva var utvalskriteriene? Tilfeldigheitene er mange.
Kanskje eg etter kvart finn bortgøymd korrespondanse i Noreg eller i Wien som kan gje fleire svar. Eg er i full gang med å leite, og no når koronarestriksjonane er vekke får eg snart sjølv bladd i nokre arkiv til som kan gje nokre svar. Og kanskje dukkar det opp restar av Wienerbarnkomiteen sine arkiv på eit loft eingong?
Er du etterkomar av eit wienerbarn? Eller etterkomar av nokon som sat i ein wienerbarnkomite? Då vil eg gjerne høyre frå deg. Kanskje kan vi saman kome endå nokre steg vidare for å finne ut kva for tilfeldigheiter som var avgjerande. Eg høyrer gjerne frå deg på [email protected].
---
Nokre nyttige kjelder i Austerrike og Tsjekkia
Slektsgranskinga starta på Matricula Online. Her er kyrkjebøker frå det som i dag er Austerrike, Slovakia, mykje av Tyskland og enkelte andre stader i Sentral-Europa samla i skanna format. For ein del av dei finst det også skanna indeksar, men det er ikkje søkbart. Har du eit sokn og ein dato å starte med, er du på god veg.
Sidan kyrkjebøkene ikkje er søkbare, og sidan Austerrike gjennom tidene har hatt vekslande grenser og fleire språk i bruk, er også GenTeam ei uvurderleg nettside. Her kan du søkje etter personar i ei rekkje transkriberte kjelder, og vil få fram referansen (og i nokre tilfelle lenka) til den offisielle kjelda som har det skanna dokumentet. Basen veks støtt, og gir treff i mange kjelder. Den har også ein stadoversikt som gir namnet på ulike stader på dei ulike språka (til dømes tysk og tsjekkisk, saman med namn på kyrkjesokn). GenTeam krev brukarregistrering, men er gratis.
Kyrkjebøkene i dagens Tsjekkia er litt meir vrient å finne fram i. Også her kan GenTeam vere eit godt utgangspunkt. Men kyrkjebøkene er tilgjengelege hos ulike regionale arkiv. Brukarvenlegheita varierer, noko er søkbart, anna er berre skanna og noko er tilgjengeleg for nedlasting i ganske store PDF-filer. Sjølve kyrkjebøkene er i stor grad like som dei i Austerrike, men du kan snuble borti både tysk og tsjekkisk som språk. Eg har hatt stor nytte av tipsa på nettsida Researching Czech Church Records on the Internet, som sjølv om den er litt utdatert gir mykje nyttig informasjon.
Det austerrikske nasjonalbiblioteket er også ei nyttig kjelde. Mange gamle aviser og tidsskrift er søkbare i ANNO Historische Zeitungen und Zeitschriften. I omtale av kriminalsaker og ulukker er det ofte oppgitt fullt namn og adresse på mistenkte, dømte og offer. På den måten har eg mellom anna funne dødsårsaker som fortel andre historier enn dei som har vore å høyre i familien.
Dokumentationsarchiv des österreichischen Widerstandes kan gi mykje hjelp om offer for naziregimet 1938–1945, men også offer for andre regime eller andre viktige hendingar, som borgarkrigen i februar 1934, den spanske borgarkrigen og austerrikske stalinoffer. Noko er søkbart på nett, anna kan ein få tak i ved å kontakte arkivet.
Det er også mykje å finne i både statsarkivet og byarkiva. Her er det stort sett katalogane som er søkbare på nett, medan ein må skrive etter eller besøke arkiva for å sjå dokumenta. Dette har eg førebels ikkje gjort. Men lista over oppslag til arkivbesøk er lang!
FamilySearch har nokre typar dokument og lister tilgjengelege på nett, til dømes militærruller for enkelte årgangar og «Meldezettel», som inneheld alt frå kunngjering av ekteskap til opplysningar om innreise til byen.
Kjelder
- Aviser i det austerrikske nasjonalbiblioteket: anno.onb.ac.at/
- Bergen politikammer / politidistrikt SAB/A-60401/J.d/L0003, folio 13b og 14a, lnr. 1862/1920
- Bergens Tidende. «De østerrikske barn kom igaaraftes.» (s. 3), 27.01.1920.
- Byarkivet i Wien: wien.gv.at/kultur/archiv/
- Det austerrikske nasjonalbiblioteket: onb.ac.at/
- Det austerrikske statsarkivet, slektsforsking: statearchives.gv.at/family-research/ general-information.html
- Denk, I. «Wienerbarn til Noreg i 1920». Årbok for Nordfjord: eit skrift for folkeminne og kulturminne (s. 90), 2011.
- Dokumentationsarchiv des österreichischen Widerstandes: doew.at/
- FamilySearch: familysearch.org/no/
- GenTeam: genteam.at/
- Jacobsen, S. Wienerbørn i Landflygtighed, 1943. Henta frå Slægtsforskernes Bibliotek, Danske Slægtsforskere
- Matricula Online: data.matricula-online.eu/en/
- Norges Røde Kors. Røde Kors : dets organisasjon, arbeid, oppgaver og mål: utarbeidet til bruk ved Norges røde kors sykepleieskoler (s. 22), 1952.
- Palmer, H. (red.) Drammen Røde Kors 50 år (s. 18), 1967.
- Reischl, F. «Die ausländische Kinderhilfe in Wien» i Pirquet, Clemens (Hg.): Volksgesundheit im Krieg (s. 366), 1926.
- Researching Czech Church Records on the Internet: wwjohnston.net/famhist/ czech-research.htm