Gå vidare for å få tak i fleire opplysningar
- Ein blir aldri ferdig med kyrkjebøkene og folketeljingane, men ein må gå vidare for å få tak i fleire opplysningar. For 30 år sidan hadde eg gått gjennom folketeljingane og kyrkjebøkene og funne dei opplysningane eg trengte. No bruker eg dei berre til å kontrollere opplysningane eg har funne. Som fadderar eg står fast ved på 1700-talet, for å sjekke om det var dødfødde i ein familie eller for å sjå om det står noko i kommentarfeltet, seier Jonny Lyngstad, medlem av Slekt og Data sitt styre.
Fotograferer funna sine
Men kor går ein vidare? For Lyngstad, til liks med enkelte andre, var skifte-, retts- og pantebøkene det neste steget. Han begynte også å reise til Statsarkivet i Trondheim, og sat bøygd over bøkene og ulike dokument ei vekes tid kvart år. Før fekk han materialet kopiert eller skreiv det av sjølv, no har han med seg kameraet og avfotograferer viktige opplysningar.
På Riksarkivet finn du mellom anna arkiva etter den statlige sentraladministrasjonen og arkiva etter Høgsterett. Riksarkivet har også arkiva etter privatpersonar og organisasjonar. Statsarkivet har fylkesarkiva og ein del kommunalt arkivmateriale.
– Sjølv om ein sat i arkiva i 100 år, 24 timar i døgnet, ville ein aldri blitt ferdig. Då eg drog dit første gongane rekna eg med å hugse kva protokollar og dokument eg hadde vore gjennom, men det blei ikkje slik i praksis. Eg begynte difor å ta med meg ei notisbok, der eg skreiv ned kva protokollar og dokument eg hadde gått gjennom og kva serie eller underarkiv materialet høyrde til. Det var nyttig å ha slik at eg ikkje gjekk gjennom same materialet to gonger.
Fann tilfeldig tippoldefar i rettsdokumenta
Kva ein skal be om er ikkje alltid like greitt å vite på førehand. Lyngstad, som til no har skreve sju bygdebøker for Eide kommune og held på med bind åtte, brukar å be om materiale som er knytt til området han skriv om. Han får då ei forståing for kva som rørte seg i bygdene den gongen. Av og til dukkar det også opp opplysningar om eigne slektningar eller slektningar til folk han kjenner. Gjerne veldig interessante opplysningar.
– Ein gong satt eg og las i retts- eller justisprotokollen for Nordmøre frå 1848. Der står alle som er dømt, i små og store saker. Brått såg eg namnet Iver Olsen Lyngstad, ein av mine tippoldefedre. Kva i all verda, tenkte eg, har han gjort noko gale? Det viste seg å vere ei fantastisk artig sak. Før i tida var det vanleg at eit dåpsfølgje tok inn på nabogarden til kyrkja, og så fekk fadderane mat og ein liten skjenk brennevin. Tippoldefaren min skulle også gjere dette ein gong, tradisjonen tru, men rett før hadde det kome ei lov som sa at det ikkje var lov å servere alkohol i nærleiken av offentleg stad. Han og åtte andre vart difor melde til øvrigheita og det vart rettssak. Då eg sat der på arkivet, spurte eg om det fanst bakgrunnsmateriale til denne saka. Det gjorde det. Der stod det kven som hadde meldt han, sirleg underskrive av bygdefolk og med referat frå forhøyret. Dommen laud på enten å betale ein spesidalar i bot eller sitje to dagar i fengsel på vatn og brød. Han valde det siste. Ved å finne slike saker som dette går ein rett inn i samfunnet i 1848, og ser korleis folk på denne tida tenkte og korleis kvardagen deira var.
Rettsprotokollane finst i sorenskrivarembetet i statsarkiva. Der finn du òg forhøyr av personar, domsprotokollar, åstadsaker, utskiftingsbøker, firmameldingar, ulike skiftedokument, auksjonsprotokollar, auksjonsdokument og masse anna interessant stoff heilt fram til 1930-talet. I både Riksarkivet og i dei ulike statsarkiva finn du gode katalogar over kva som finns i dei ulike embeta - til dømes hos futen, sorenskrivaren, amtmannen eller prosten. Studer dei ulike katalogane godt og sett deg inn i kva som finns i dei før du bestiller noko.
Opna dokument frå 1820-talet
Å spørje om det finst bakgrunnsmateriale til ei sak er eitt av Lyngstad sine beste tips. Sjølv om hovuddokumentet finst digitalt må ein på arkiva og få tak i dette. Det er ikkje alle saker som har bakgrunnsmateriale, men litt spenning i kvardagen må ein ha. I tillegg kan gevinsten vere veldig stor om det viser seg at det finst noko der. Ein kan til dømes vere den første som opnar materiale som har ligge arkivert sidan tidleg på 1800-talet.
– Det opplevde eg ein gong eg skulle ha tak i bakgrunnsmaterialet til nokre skifter frå 1820-talet. Her fann eg både skøyter, bøkselbrev, rekningar og liknande. Då dei kom med pakka sa dei at eg var den første som fekk opne den. Eg fekk til og med klippe tråden som var tredd gjennom dokumenta for å halde desse på plass. Utruleg artig og spanande.
Kommunale arkiv, ein ukjent diamant
Det var statsarkiva og Riksarkivet. Om du så skulle bli ferdig der, noko du aldri blir, er du ikkje ferdig i arkivverda enda. For det finst meir. Til dømes i din lokale kommune.
– Desse arkiva er det dessverre få som bruker, då dei ofte er vanskeleg tilgjengeleg fordi dei er lite ordna. I nokre kommunar har dei lokale arkiv, andre plassar er alt samle i interkommunale arkiv (IKA). I kommunale arkiv finst fattigstyreprotokollar, skuleprotokollar som mellom anna registrerer sjukdom, avstraffing og skuleveg, og skatteprotokollar som fortel kor mykje skatt som blei betalt og om formue. Som regel er alt sortert etter gardar.
– Fattigstyreprotokollane er utruleg interessante. Her kjem ein direkte inn i livet og husa til folk. Mine eigne besteforeldre fekk økonomisk hjelp frå fattigkassa då fleire av borna deira hadde tuberkulose og blei sendt på kur. Dette står å lese i protokollen, samt mykje anna.
Facebook som kjelde
Du synst kanskje at det krev mykje eigeninnsats og forflytting å skulle leite i alle desse arkiva? Lyngstad seier det er nettopp det som gjer deg til ein god slektsforskar.
– Det er ikkje berre å trykke på ein knapp og så får du alle dei opplysningane du vil ha. Ein må legge inn mykje innsats sjølv og gjere seg kjent med kjeldene, både dei digitale og dei fysiske. Og når du har gjort det, har du berre så vidt pirka borti det som finst.
Og om du likevel ikkje vil forlate huset ditt, finst det også flust av mindre brukte kjelder på nettet. Har du ein Facebook-konto? Bruk den til slektsforsking då vel. Her finn du ulike grupper i mange kommunar pluss i USA.
– Eg er med i ei gruppe for norsk-amerikanarar som er etterkommarar til Lee-familien som emigrerte frå garden Bollia i Eide, og har fått svar på fleire spørsmål eg har hatt gjennom dei. Dessutan har dei lagt ut mange gamle bilde som var sendt til USA frå slektningane her i Noreg.
Vil du finne ut kor mykje barnebidrag ein far måtte betale til eit barn fødd utanfor ekteskap?
Då kan du gå til resolusjonsprotokollane frå amtmannen i det området barna var født. Desse ligg i statsarkiva. Der står det kor mykje som blei betalt fram til barnet var 15 år, kanskje også kor ungen vaks opp.
Vil du ha meir detaljar om ei flytting?
Då kan du gå til prostens arkiv i statsarkiva. Når nokon flytte, måtte dei få ein attest frå presten der dei budde, som blei levert vidare til presten i soknet dei flytte til. Mange prestar tok vare på desse attestane, og der står det ofte meir detaljar om ei flytting enn det ein finn i ei kyrkjebok. I kyrkjebøkene kom desse flyttingane først med frå 1820. Jonny Lyngstad har funne flytteattestar heilt tilbake til 1690-talet.
Har nokon i slekta vore handelsmann?
Då kan du finne meir informasjon om dette under handelsbrev i futeembetet i statsarkiva. Der vil du då finne den originale søknaden med ulike opplysningar om søkjaren og kor han hadde tenkt å starte opp med handel.
Har nokon i slekta gått konkurs?
Informasjon om dette kan du til dømes finne under skifter i sorenskrivarembetet i statsarkiva. Der kan det stå når den aktuelle bedrifta starta opp, kva som var årsaka til konkursen og kven bedrifta sin eigar skulda pengar.
Har du politisk aktive i slekta?
Då kan du finne meir om deira virke i formannskap- og kommunestyreprotokollane, som du finn anten på kommunehuset eller i det lokale arkivet. Der kan det også finnast opplysningar om andre personar i bygda, i saker som angår dei.
Om du finn arkivmateriale som angår di slekt på Arkivportalen, men materialet ligg i Stavanger og du bur i Alta. Kan du då få det tilsendt i posten?
Arkiva bestemmer sjølv kva tenester dei tilbyr. Det kan difor vere lurt å kontakte den aktuelle institusjonen og høyre om dei gjer dette. Du kan også lese kva tenester dei ulike arkiva tilbyr under «Om Arkivportalen» og «Tilleggsinformasjon om depotinstitusjoner».
Vil du grave endå meir i dei mindre brukte kjeldene?
- På nettet finst andre kjelder som kan være aktuelle å gå gjennom, til dømes lens-, stiftamtstue- og fogderekneskapa frå 16- og 1700-talet. Å lese desse krev at ein er forholdsvis god i tyding av gammal handskrift. Det er berre å hive seg uti det, ein gong må ein jo byrje. Kanskje kan ein slå seg i hop to og to, og på den måten lære litt av kvarandre? Elles: gå inn på Digitalarkivet og klikke seg gjennom alt som finns der av ulike kjelder. Vær nysgjerrig, du finn garantert mykje om dine egne forfedre.
- Dersom det er lakunar, altså manglar, i til dømes skifteprotokollar, finns det såkalla skiftedesignasjoner med opplysningar om mindreårige arvingar.
- Alle har bønder blant sine forfedre på 1700-talet. Då kan du gå inn i tiende- eller skattelistene og finne ut kor mykje dei betalte i tiende eller i ulike skattar. Kanskje finn du at husa på garden brann opp og dei fekk skattefrihet i 3 år for å bygge husa opp igjen?
- Nesten alle mannfolk har vore innrullert i det militære. I desse listene finst opplysningar om kvar enkelt person, til dømes høgde, statur (kroppsbygning), augefarge, skavankar, langt eller kort hår. Her kan du òg få opplysningar om kvar ei person var født dersom du ikkje visste dette frå før, samt fødselsår og kanskje til og med fødselsdato eller -månad.
Artikkelen er hentet fra Slekt og Data nummer 3/2016
Toppbilde:
I Statsarkivet i Trondheim under attestar, Kvernes sokneprest, Nordmøre prosti fant Jonny Lyngstad denne flytteattesten. Karen Margrethe Isaksdtr. Lindberg f. Falck var gift med den kjente forbrytaren Kristen Pedersen Lindberg. Han blei fødd i 1747 i Nordfjord, og mellom anna sett inn på slaveriet i Trondheim hausten 1789. Attesten lyder: «Hustru Karen Margrethe Lindberg, som i nogle aar har opholdt sig her i Borgens Præstegiæld og nu agter at begive sig til Hitteren, har, saavidt viides, Intet strafværdigt giort sig skyldig udi; saa at jig har Intet imod at hun sig andenstæds hen forføyer og der bliver deeltaget i Kirkens gode. Hun var sidste Gang en Giæst ved Herrens bord her i Borgens Kirke Iste Sønd. eft. TreEen. d. aar. Borgen Præstegaard d. 19de august 1788. P D Baade».