Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
Fiskerinæringa starta for fullt då Norge byrja å eksportere tørka torsk og sild til England på 1100-talet. Sidan har hundretusen av menneske levd ved og av kysten. Her får du nokre tips til kor du kan finne dei.
Toppbilde
Bilde
Hovedinnhold

Stabilt i fleire hundre år

Ketil Zachariassen, førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Tromsø, seier livet i fiskerisamfunna haldt seg relativt stabile i fleire hundre år. Ofte var det lite som endra seg i livsløpet frå bestefar til far til son. Langs kysten budde desse folka, av og til i større bygder med mange personar, andre gongar i enkle gardsbruk langt frå andre menneske. Men uavhengig av korleis dei budde var livet nokon lunde likt. Det var styrt av sesongane og du måtte stå på fleire bein for å overleve. Når dei ikkje var på fiske var det andre gjeremål som stod for tur, som, slåtten eller å skaffe brensel til kaldare tider i form av vedhogst og torving. Alt dette tok mykje tid.

Ein får eit skulesystem i Norge frå 1700-tallet. I fiskerisamfunna gjekk ein gjerne på skule nokre veker kvart halvår, før ein drog på sitt første fiske etter konfirmasjonen.

Sesongstyrt fiske

Til liks med livet var også fisket sesongstyrt. Frå sildefiske til makrellfiske til lofotfiske. Til Lofoten rodde menn frå heile nordre del av kysten, frå Finnmark til NordTrøndelag. Ein rykka inn til rorbuene i fiskeværa og la ut i opne båtar, med to til ti mann, for å hauste inn av det havet hadde å gi. Til dette brukte ein Nordlandsbåtar, som både kunne ros og seglast. Ein reknar med at opp mot 100 000 fiskarar kunne delta i dei store sesongfiskeria og då var dei vekke frå heimen i opp mot to månader.

Heime sat kone og barn att. Dei hadde ansvaret for å sørge for sjølvberging i form av mjølk og kjøt. Det var vanleg at kvar fiskefamilie hadde ei ku og nokre sauer.

– Kvinnene fiska også, dei dreiv ofte heimefiske med ein båt som var lett å handtere. Det var vanleg at barna hjelpte til med dette. Både små og store, seier Ketil Zachariassen.

Han legg til at fiskarane med dei største båtane gjerne også hadde dei største gardane. Då kunne ein ha ein dreng eller to til å hjelpe seg medan ein var ute. Med unntak av kjøpmennene, nessekongane, var det sjeldan noko alternativ å sende andre ut på fiske i sin stad, og sjølv bli heime.

Thumbnail

Omgifte var svært vanleg

Å sitte heime og vente kunne vere tøft. Spesielt sidan du aldri kunne vite om mannen din kom heimatt.

– Å vere ute til sjøs var både kaldt og vått, og eit farefylt liv med mange som vart vekke. Ein har eksempel på store uvær som tok hundrevis av liv på havet. Drukning var ein vanleg dødsårsak og mange blei berre vekke.

Den som sat att var då avhengig av å gå vidare for å overleve. Ekteskapet var nemleg heile grunnsteinen i eit fiskeriliv. Mennene var avhengig av ei kone som sørga for å halde hjula i gang når dei var vekke, som sørga for mat og klede til ferda, og kvinnene trong nokon som : kunne bringe pengar heim.

– Om du miste mannen din og var utan barn kunne du bli tenestejente eller Innerst på ein gard. Om du var Innerst leigde du eit rom hos andre og hadde eiga hushaldning. Hadde du barn var omgifte svært vanleg. Ofte ser ein eksempel på dei som gifte seg med ein av søskena til den som gjekk bort. Det var enklare for både mor og barn. Eg trur også ein i større grad skilde mellom dine og mine barn på denne tida. Ein kan sjå om nokon har gifta seg på nytt i folketeljingane. Då har dei som regel bytt namn, seier Ketil Zachariassen.

Han legg til at dette med fare, og frykta for denne, er noko vi truleg i større grad har fått i seinare tid. På denne tida la ein ut på havet fordi ein måtte det for å overleve.

Ein stor gjeldsspiral

Om du først kom deg velberga i land ble fisken tatt imot, sløyd og hengt opp til tørk. Noko av dette arbeidet hjelpte lokale kvinner til med, men det var først då klippfiskindustrien kom på 1800-talet at kvinnene for alvor rykka inn i fiskerinæringa. Denne fann ein primært på Sunnmøre og Nordmøre, med Ålesund og Kristiansund som viktige handelsbyar.

I Nord-Norge var økonomien og levekåra til kyst- befolkninga i enda sterkare grad knytt til eksportretta fiske. Her var fiskarane avhengig av samspel med lokale kjøpmenn og væreigarar for å kople seg til den inter- nasjonale marknaden. Det kunne gå eit halvt år frå fisk- aren rusta seg for fiske til han kunne innkassere betalinga for fisken. Fiskarane blei slik lett avhengig av at lokale væreigarar gav forskot både til utreiing og til matforsyningar for mindre eller større delar av året. Slik blei fiskarane fanga i ein gjeldssprial og bunden til lokale kjøpmenn og væreigarar, desse var igjen avhengig av dei store handelshusa i Bergen som stod for eksporten av fisken og som forsynte dei lokale kjøpmennene og væreigarane.  

Thumbnail

Måtte flytte nordover for å skaffe jord

Frå slutten av 1700-talet og framover 1800-talet var det ei stor innflytting til Nord-Norge frå Vestlandet og Austlandet, noko som kjem tydeleg fram i både kyrkjebøker og folketeljingar. På denne tida var dei fleste jordressursane sørpå tekne, og ein måtte flytte på seg for å etablere eit eige hushald. Mange av desse innflyttarane ble gjerne fiskebønder. Andre kunne ta andre jobbar. Det var også vanleg å ha ulike jobbar i ulike fasar av livet.

– En kunne vere fiskebonde i ein periode, før ein jobba i gruver og anlegg i andre periodar. Nokre kunne også etter kvart få meir inntekter på gardane, og gjere det på fulltid. Det var også veldig vanleg å flytte på seg, då tilgangen til havet og båt var veldig god. At transporten tok lenger tid, betydde ikkje at ein let vere å flytte på seg, seier Zachariassen.

Den første store endringa i desse fiskerisamfunna får ein ved førre århundreskifte. Då blir motorane så billige at mange av fiskarane fekk råd til å installere det i båtane sine. Løysinga blir då å setje dei inn i dei opne båtane dei allereie hadde.

– Ein kjem fortare fram og blir uavhengig av vær og vind. Det fører igjen til større økonomisk utbytte og at ein slapp den fysisk belastning ved å måtte ro. Etterkvart får ein også meir overbygde båtar, seier Ketil Zachariassen.

Frå skifter til merkeregister

Om du vil finne informasjon om fiskarar og familiane deira kan du mellom anna gå til dei regionale statsarkiva. Ein del av arkiva etter lokale handelsmenn og væreigarar er også tilgjengeleg, her kan ein finne informasjon om kven væreigarane handla med og rekneskapen deira.

– Du kan også gå til merkeregisteret, det inneheld historiske opplysningar om fartøy og eigarar frå 1920 og fram til 2001. Du finn sida ved å søke på «Merkeregisteret» på Google. I skiftene finn ein også mykje informasjon om dei ulike personane. Elles er det også skrive ein del lokal- historisk materiale om ulike sider ved kystlivet. Der kan ein finne nedteikna beretningar om folk, og namn i lokal- miljø. Det same gjeld lokale årbøker med historisk inn- hald. Slike har blitt publisert rundt om i mange kommunar og regionar. Årbøkene vil biblioteka kunne hjelpe til med å finne fram til, seier Ketil Zachariassen.

Kun for medlemmer