Ingress (ca 100-200 tegn inkl. mellomrom)
Mellom 1945 og 1965 utvandra kring 4500 kvinner frå Agder-fylka. Reisa skulle bli deira måte å skaffe seg eit eige liv, fritt frå synda og pietismen dei var oppvaksen med.
Toppbilde
Bilde
Hovedinnhold

Intervjua 21 kvinner

Kulturhistorikar Siv Ringdal disputerte i vår med av- handlinga «Kroppens transformasjoner blant unge Agder-kvinner i New York i perioden 1945-1965». Denne tek for seg utvandringsperioden i Norge mellom 1945 og 1965. Her har ho intervjua 21 kvinner frå den siste utvandringsgenerasjonen til USA om deira møte med det nye landet og livet dei fekk der.

– For å kome i kontakt med desse kvinnene var eg mellom anna ute i nokre lokalaviser og fortalte kva eg skulle gjere, og bad om å kome i kontakt med aktuelle kvinner. Det fekk eg ikkje så mykje napp på. Eg har oppdaga at det er vanskelegare å få tak i kvinner, då dei ofte føler dei ikkje har ei historie det er verdt å fortelje om. Men eg blei kontakta av nokre personar som kjente kvinner eg burde ta snakke med. Eg brukte også nettverket eg hadde frå før, både i USA og Norge, seier Siv Ringdal, som kjenner migrasjonshistoria godt etter å ha jobba med tematikken i mange år. Ho har også skrive bøkene «Lapskaus Boulevard» og «Det amerikanske Lista. Med 110 volt i huset».

Thumbnail

Kring 9000 personar utvandra

Kvifor akkurat jenter frå Agder-fylka er brukt som informantar skuldast at det var frå dette området mykje av utvandringa fann stad i etterkrigstida. Ein reknar med at nærmare 9000 personar utvandra herifrå i denne perioden. Kring halvparten av dei var kvinner, ofte unge og ugifte. Det var også alle informantane til Ringdal då dei drog. Dei 21 er fødd mellom 1924 og 1945, flesteparten på 1930-talet. Den første reiste i 1947 og den siste på 1960-tallet. I følgje Statistisk sentralbyrå var det 2106 personar som utvandra til USA i 1948. Mellom 1961 og 1965 var årsgjennomsnittet 2325.

– Når det gjeld emigrasjon utmerker ikkje Agder seg spesielt på 1800-talet, men mot slutten av 1800-talet får Agder ein veldig stor emigrantandel i forhold til befolkningstalet. Grunnen til dette er nok at folk herifrå hadde litt andre motivasjonar til å reise enn folk frå andre delar av landet. I Agder, primært på kysten, har folk gjerne hatt kombinasjonsbruk. Da reiste mennene på sjøen i periodar i livet eller drog på fiske, og så hadde ein i tillegg eit lite gardsbruk. Eit mangesysleri. Men på 1800-talet opplevde ein både ei krise i skipsfarten på Sørlandet ved overgangen til dampdrivne skip, og fleire år med dårleg fiske. Då byrja ein god del av dei arbeidsledige mennene å reise, med det eg brukar å kalle «sjøfolkets mentalitet». Dei skulle ta seg ein tur og så kome heimatt. Ofte drog dei til urbane strøk, og spesielt til New York som var sentrum for skipsfart. Seinare balla det på seg og kvinnene byrja å kome rundt førre århundreskifte. Eg bruker å seie at vi har tre generasjonar kvinner som drog frå Agderfylka. Dei som drog rundt århundreskiftet, dei som drog i mellomkrigstida og dei som drog etter krigen. Blant mine informantar er det ein del som hadde mødre, og til og med bestemødre, som hadde vore i New York og jobba før dei. Eg vil difor seie at ein del av dei nærmast var sosialisert til å ville reise ut, seier Siv Ringdal.

Brooklyn var meir heimleg enn Trondheim

Dei fleste av kvinnene som drog hadde eit stort kontaktnett som venta på dei i New York. Blant informantane til Ringdal var det berre to som ikkje hadde familie i byen.

– Veldig mange hadde tanter og onklar i New York som kunne ta dei i mot, hjelpe dei i gang og stille som garantistar for dei økonomisk. Det låg i mentaliteten deira å dra, det var lettvindt og heller ikkje så skremmande, seier Siv Ringdal.

For å vise kor heimleg og trygt New York var for denne emigrantgruppa trekk ho fram historia om ei eldre dame som hadde ei dotter som skulle flytte til Trondheim. Då flyttinga blei bestemt, hadde mora spurt om dottera ikkje heller kunne reise til Brooklyn.

Thumbnail

Ein oppvekst i synd

Nokre av kvinnene drog rett frå skulebenken og barn- domsheimen, medan andre var i starten av 20-åra og hadde jobba nokre år. På denne tida var det mange plassar i Norge med eit trongt arbeidsmarknad og avgrensa moglegheiter. Utdanning var også eit mindretal kvinner forunt. Emigrasjon vart dermed ein sjanse til å prøve noko nytt. Det var også ein sjanse til å bli meir sjølvstendig.

– Mange av desse kvinnene hadde ein oppvekst der synda regulerte oppførselen. Det var synd å gå med leppestift. Synd å gå på dans. Synd å gå på kino. Å få eit friare liv var dermed også ein motivasjon. I tillegg opp-

Dei fleste som reiste hadde allereie familie i New York.

levde mange at det var i New York at ungdommane var og der det skjedde, då det var mange ungdommar frå heim-traktene som reiste, seier Siv Ringdal.

Blei kasta ut i eit nytt liv, og eit nytt språk

Om ein samanliknar denne utvandringa med den som skjedde på 1800-talet er det ein del forskjellar.

– For det første reiste dei åleine og ikkje saman med familien, som mange gjorde i tidlegare emigrasjonsperiodar. Dei drog heller ikkje til Midtvesten for å bli «settlere», men til ein verdsmetropol. Kontrasten var stor både i tidlegare periodar og denne perioden, men no kom dei til eit fleirkulturelt miljø og eit bognande forbrukssamfunn. Desse jentene opplevde rasjoneringa under krigen og varemangel, og var oppvaksen med heimesydde klede og avgrensa produkttilgang. Kon- trasten mellom det heimlege og dette konsumsamfunnet var difor enorm, seier Siv Ringdal.

Dei blei også kasta ut i ein heilt ny og annleis arbeidskvardag. Etter nokre få dagar hos slektningar venta arbeidslivet.

– Dei aller fleste eg intervjua hadde huspost, som var ein svært lite attraktiv jobb på denne tida. Som regel jobba dei i ein familie utanfor den norske delen av Brooklyn. Desse snakka sjølvsagt ikkje norsk, og ingen av jentene snakka engelsk. Så dei blei kasta ut i et vell av nye arbeids- oppgåver og andre tradisjonar på eit framand språk, seier Siv Ringdal og legger til at kvinnene opplevde det nye livet både spennande og skremmande på same tid.

Nokre drog, andre blei

Blant informantane finn ein både kvinner som drog tilbake og dei som blei verande. Ofte ser ein klare tendensar på kven som drog og kven som blei.

– Grovt sett kan ein seie at dei som møtte ein frå heimbygda eller nabobygda ofte reiste heimatt, medan dei som møtte ein andregenerasjon norsk-amerikanar eller ein mann med ein annan etnisk bakgrunn, dei blei buande. Kor mange som blei og kor mange som drog tilbake burde nokon jobbe med, for det er det gjort lite på. Blant mine informantar var det 14 som blei og sju som drog heim, seier Siv Ringdal.

Brooklyn har gradvis gått frå å vere ei heimleg hamn for norsk-amerikanarar til å ikkje ha så mange frå denne gruppa buande att i bydelen.

– Ein god del flytte ut då dei gifte seg i 50-60-åra, medan andre flytta ut i godt vaksen alder fordi det stadig blei færre norsk-amerikanarar der. Dei flytte som regel til utkanten av byen, som New Jersey, Upstate New York, Long Island og liknande, seier Siv Ringdal.

Jakta på ei grunnleggande sjølvstende

Desse kvinnene drog for å få eit eige liv og meir sjølvstende. Likevel enda dei fleste opp som husmødrer, og alle blei gifte. Sjølv om nokre tok eit kveldskurs, var det ingen som tok høgare utdanning.

– Få av dei som drog såg for seg det å ta utdanning og skape seg ei eiga karriere som særleg realistisk. Det er ulike grader av sjølvstende og nivå, og her handla det nok mykje om å tene eigne pengar og bruke det på det dei sjølv ville. Eller definere sjølv om dei skulle gå på bedehuset eller på dans. Det var ikkje eit opprør dei var på jakt etter, meir jakta på ei grunnleggande sjølvstende, seier Siv Ringdal.

Relaterte Lenker Tittel
Har du slekt i USA?
Kun for medlemmer
Kategorier